Gå til artikkelen
Anita Jansen (f.v.) passa hunden til Marit, Zita, frå august 2015 til januar 2016. Ho meiner Marit (t.h.) er blitt ein heilt ny person det siste året. Foto: PRIVAT

- Ho er ein heilt ny person

Anita Jansen passa hunden til Marit eit halvt år medan ho var sjuk.

Etter at Marit Bjelland kollapsa i fjor, tok venninna Anita Jansen over ansvaret for Zita frå august til januar i år.

 

- Eg blei kjend med Marit via agility-miljøet for fem-seks år sidan, og tidlegare var det andre som sprang konkurransane med Zita, då Marit ikkje klarte å springa sjølv, seier Anita Jansen.

 

Ho har besøkt Marit fleire gonger det siste året.

 

- Marit er ein heilt annan person no enn før, både fysisk og psykisk. Ho er mykje meir positiv enn før, og ho går lange turar. Det kjekkast er at ho no spring med hunden sin sjølv. Ho har jo også starta med rallylydighet, som eg synst er veldig kjekt for henne.