Gå til artikkelen
Kva heiter cruiseskipet som kjem til Leirvik i mai?

110 påske­nøtter: Kor mange rette greier du?

Her er hundre nøtter fordelt på ti kategoriar - pluss ti spørsmål for dei aller minste. Lukke til!

LOKALT - sjå svar under

1. Kva dato skal det vera folkerøysting om kommunesamanslåing mellom Stord og Fitjar?

2. Kor mange kampar har Stord sitt elitelag i handball vunne denne sesongen?

3. Kva heiter trenaren til Stord sitt fotballag i 2. divisjon?

4. Kva divisjon spelar Moster sitt a-lag i?

5. Kva heiter den tidlegare fjordtravaren som to profilerte forretningsmenn no skal henta heim att til Stord?

6. Kva heiter den nye leiaren for Heiane Næringsforening?

7. Då Jens Tore Engevik og sønene drog opp garnet på søndag, var fangsten noko annleis enn det dei forventa. Kva var det dei fekk i garnet?

8. Kva går overskotet frå den årlege solidaritetsdagen på Langeland skule til?

9. Kven fekk utdelt kulturprisen i Fitjar i førre veke?

10. Kva heiter cruiseskipet som kjem til Leirvik i mai?

 

LOKALT - svar
1. 25. april.
2. 2.
3. Tommy Knarvik.
4. 6 divisjon avd 1, Rogaland.
5. Gamle MS «Sunnhordland» (som i dag heiter MS «Brahe»)
6. Terje Børtveit.
7. To niser.
8. Toro Childcare Center i Uganda.
9. Fitjar skulekorps.
10. MS «Deutschland»

 

PÅSKE 

1. Kva er påskevigilien?

2. På kva dag åt Jesus det siste måltidet sitt før korsfestinga?

3. Kva er ein «Narcissus pseudonarcissus»?

4. Kva heitte staden der Jesus blei korsfesta?

5. Kvifor heiter Påskeøya i Stillehavet Påskeøya?

6. Kva vert langfredag kalla på engelsk?

7. Kva heitte brørne til Jesus?

8. Kvar blei Jesus arrestert før han blei dømt til døden?

9. Kven vert rekna som den mest sentrale kvinna i påskebodskapen?

10. Finst historia om Jesus i Koranen?

 

PÅSKE - svar
1. Gudsteneste som i mange kyrkjesamfunn vert feira om kvelden påskeaftan.
2. Skjærtorsdag.
3. Ein blome i narsissfamilien med gul, trompetforma blomsterkrone.  Også kalla påskelilje.
4. Golgata. Evangelia oppgir at staden låg rett utanfor Jerusalems bymur.
5. Øya blei oppdaga av nederlendaren Jakob Roggeveen, som første europear, i 1722, på 1. påskedag.
6. Good Friday.
7. Jakob, Joses/Josef, Judas og Simon.
8. I Getsemane.
9. Maria Magdalena.
10. Ja. Jesus er eit menneske ifølgje Koranen, og samtidig eit sendebod som forkynner Guds bodskap.

 

HISTORIE OG SAMFUNN

1. I kva for eit rike herska Atahualpa då han blei drepen i 1532?

2. Kva for eit skip kantra i Vatlestraumen ved Bergen i 2004?

3. Kvar blei Terry Waite halden som gissel frå 1987 til 1991?

4. Kven starta bygginga av Russlands nye hovudstad i 1703?

5. Kva for ein kalender blei innført i Noreg i 1700?

6. Kva var Rosekrigane - og når?

7. I kor mange periodar var Einar Gerhardsen statsminister i Noreg?

8. Når og kvar blei hjulet oppfunne?

9. Kva betyr det at regjeringa stiller kabinettspørsmål?

10. Frå kva by kjem den amerikanske president- kandidaten Donald Trump?

 

HISTORIE OG SAMFUNN - svar
1. Inkariket.
2. Rocknes.
3. Libanon.
4. Peter den store (Sankt Petersburg).
5. Den gregorianske.
6. Periodevis borgarkrigstilstand i England frå 1455 til 1487.
7. Tre.  
8. I Mesopotamia (noverande Irak), rundt 4.000 år f.Kr.
9. At regjeringa i ei sak seier ho vil gå av dersom stortingsvedtaket går imot regjeringa.
10. New York City.

 

SPORT OG FRITID

1. Kven vann Tour de Ski for menn i januar i år?

2. Kven vann Tour de Ski for kvinner i år?

3. Kva for eit land vann junior-VM i ishockey ved årsskiftet 2015/2016?

4. Kvar mange blinkar er det i skiskyting?

5. Kva er Super Bowl?

6. Er det lov å sparke ballen over nettet i volleyball?

7. Kva er nordiske greiner i eit vinter-OL?

8. Kva for ein sport blei oppfunnen av William G. Morgan i Massachusetts, USA i 1895?

9. Kva for ein dato startar det kommande OL i Rio?

10. I kva sport er Leif «Basse» Hveem ei legende?

 

SPORT OG FRITID - svar
1. Martin Johnsrud Sundby.
2. Therese Johaug.
3. Finland.
4. Fem.
5. Finalen i National Football League i USA.
6. Ja.
7. Langrenn, skihopp og kombinert.
8. Volleyball.
9. 5. august 2016.
10. Motorsport (motorsykkel).

 

GEOGRAFI

1. I kva for eit land er Mount Logan det høgste fjellet?

2. Kva heiter ruinbyen i Peru som blei etablert av inkaene i Urubambadalen?

3. Omtrent kor stor del av jordoverflata dekte Sovjetunionen då han var den største staten i verda?

4. Kva for eit land i Europa er minst tett folkesett?

5. I kva for eit hav ligg Tongagropa, den nest djupaste havgropa i verda?

6. Kva for eit land høyrer Påskeøya til?

7. Kva er Noregs vanlegaste bergart?

8. Kva er Surtningssue i Oppland?

9. Kva for to land deler Genèvesjøen (også kjent som Genfersjøen og Lac Léman)?

10. I kva for eit fylke ligg Snåsavatnet?

 

GEOGRAFI - svar
1. Canada.
2. Machu Picchu.
3. Omtrent 1/6.
4. Island.
5. Stillehavet.
6. Chile.
7. Gneis.
8. Eit fjell (2.368 moh.).
9. Sveits og Frankrike.
10. Nord-Trøndelag.

 

TRANSPORT

1. Kva for eit bilmerke har «Model X» i sortimentet sitt?

2. Kva er det korte namnet på den ganske nyoppussa jernbanehallen ved Oslo S?

3. Kva heiter tunnelbana i Paris?

4. Kvifor selde modellen Chevrolet Nova spesielt dårleg i spansktalande land?

5. Kva for ei jernbane er 9.600 km lang, knyter Europa og stillehavskysten saman, og er ei dei lengste samanhengande jernbanestrekningane i verda?

6. Kvifor er dei engelske frimerka dei einaste i verda som ikkje ber namnet på opphavslandet?

7. Kva for eit land kjem bilmerket Dacia frå?

8. Kva for ein flyplass er den nordlegaste i Norge?

9. Kva heiter den minste roadsteren frå Porsche?

10. Før var reisetida Oslo-Stockholm rundt 6 timar med tog, kva er reisetida med dei nye hurtigtoga?

 

TRANSPORT - svar
1. Tesla.
2. Ø.
3. Le métro.
4. Fordi «no va» betyr «går ikkje» på spansk
5. Den transsibirske jernbana.
6. Fordi det var det første landet som sende ut frimerke.
7. Romania.
8. Svalbard Lufthavn.
9. Boxter.
10. 4 1/2 time.

 

LITTERATUR OG KUNST

1. Kven har skrive «Adresse Alberta», som kom ut i februar i år?

2. Kva for ein japansk kunstnar var John Lennon gift med?

3. Under kva for eit pseudonym skreiv Edward Stratmeyer fleire bøker om Frøken Detektiv?

4. Kven skreiv om eit idyllisk draumeland som heitte Shangri-La?

5. Kva for ein måleriserie inngår Edvard Munchs «Skrik» i?

6. Kva for ein svensk forfattar har skrive «Natten är dagens mor» og «Kaos är granne med Gud»?

7. Kvar mange verseføter har heksameter?

8. Kva for ein kulturinstitusjon administrerer innkjøpsordninga for litteratur, som er ei statleg og økonomisk støtteordning for norske bokutgjevingar?

9. Kva for ein italiensk forfattar (psevdonym) har suksess i Noreg med roman-kvartetten sin frå Napoli?

10. I vinter kom Jostein Gaarder med sin første roman for vaksne på åtte år. Kva heiter den?

 

LITTERATUR OG KUNST - svar
1. Victoria Bø.
2. Yoko Ono.
3. Carolyn Keene.
4. James Hilton (i «Lost Horizon»).
5. «Livsfrisen».
6. Lars Norén.
7. Seks.
8. Norsk kulturråd.
9. Elena Ferrante.
10. «Dukkeføreren».

 

NATUR OG VITSKAP

1. Kvar lang er ei nautisk mil?

2. Kva for ein kjent fransk bygningsingeniør bidrog til utviklinga av flyteknikken med sine undersøkingar av luftmotstand mot lekamar i rørsle?

3. Kva er oseanografi?

4. Kva var Michelangelo som herja i verda i 1991?

5. Kva er eit anna ord for regnbogehinna?

6. Kva er underkjølt regn?

7. Kva for ein farge har huda til tigeren, under pelsen?

8. Kva er eit korstroll?

9. Kvar mange sommarfuglartar har ein påvist i Noreg - cirka 200, cirka 1.200 eller cirka 2.200?

10. Kva heiter planten «dent-de-lion» (fransk) på norsk?'

 

NATUR OG VITSKAP - svar
1. 1.852 meter
2. Alexandre Gustave Eiffel.
3. Vitskapen om hav.
4. Eit datavirus.
5. Iris.
6. Regn ved temperaturar under frysepunktet.
7. Den er også gul- og svartstripete.
8. Ei sjøstjerne.
9. Ca 2.200.
10. Løvetann.

 

MUSIKK

1. Kva for ein artist har sagt «Hello» på hitlis tene i vekevis i både 2015 og 2016?

2. Og kva artist har sagt «Sorry», også i vekevis på hitlistene i fjor og i år?

3. Kva for ein artist står bak albumet «X»?

4. Med kva for eit album gjekk Odd Nordstoga til topps på VG-lista i 2004?

5. Kva for eit land kjem opphavleg folkedansen masurka frå?

6. Kva for ein komponist gjekk det rykte om skulle ha forgifta Mozart?

7. Kven song låten «Train in Vain»?

8. Kva for eit instrument knyter du til italienaren Nicolò Paganini?

9. Kva for eit svensk band gjorde det bra på hitlistene i 1992 og 1993 med «Wheel Of Fortune» og «All That She Wants»?

10. Kva for eit Beatles-medlem hadde hovudvokal på «Yellow Submarine»?

 

MUSIKK - svar
1. Adele.
2. Justin Bieber.
3. Ed Sheeran.
4. Albumet «Luring».
5. Polen.
6. Antonio Salieri.
7. The Clash.
8. Fiolin.
9. Ace of Base.
10. Ringo Starr (født Richard Starkey).

 

TV, RADIO OG FILM

1. I kva høgfjellshotell-film møter vi portieren Poppe?

2. Kva handlar TV-programmet «Smæsj» (NRK) om?

3. Kva heiter TV-programmet som handlar om Hundetjenesten ved Oslo politidistrikt?

4. Kva for ein programserie på NRK blei Odd Grythe (1918- 1995) mest kjent for?

5. Radioprogrammet «Dagsnytt Atten» har ein kort, fast emneknagg på Twitter, kva?

6. I kva film spelar Nicolas Cage ein biltjuv som må stele 50 bilar for å redde livet til broren?

7. I kva film frå 1975 spelar Jack Nicholson rolla som «opprørsk pasient»?

8. Kven var den første norske James Bond-dama?

9. I kva film spelar Geena Davis og Susan Sarandon tittelrollene?

10. Kven har regissert filmen «The Passion of the Christ»?

 

TV, RADIO OG FILM - svar
1. «Fjols til Fjells», spelt av Leif Juster.
2. Om korleis ulike idrettar er blitt til.
3. «Hundepatruljen».
4. «Husker du?».
5. #Dax18.
6. «Gone in Sixty Seconds».
7. «Gjøkeredet».
8. Julie Ege.
9. Thelma & Louise.
10. Mel Gibson.

 

BARNEVENNLEG

1. Kva er Nord-Europas største rovfugl?

2. Kva heiter statsministeren i Norge?

3. Kva for eit langøyra dyr knyter vi til påsken?

4. Kva vert brukt som bygningsmateriale i ein iglo?

5. Kven er gift med kronprins Haakon?

6. I kva sport konkurrerer ein i flugevekt?

7. I kva for eit land er Tokyo hovudstad?

8. Kva betyr romartalet X?

9. Kva heiter skogen Ole Brumm bur i?

10. Kva for ei jente, kjent frå bøker og film, har lange strømper og raude fletter?

 

BARNEVENNLEG - svar
1. Havørn.
2. Erna Solberg.
3. Haren (påskehare).
4. Snøblokker.
5. Mette-Marit.
6. Bryting.
7. Japan.
8. Ti.
9. Hundremeterskogen.
10. Pippi.

 

Frå kva by kjem den amerikanske president­kandidaten Donald Trump.

Hugsar du kva den spesielle fangsten Timian Lønning og Jens Martin Engevik i garnet nyleg var?

Radioprogrammet "Dagsnytt Atten" har ein kort, fast emneknagg på Twitter, kva?

Kva heiter statsministeren i Norge?