Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

«Alle har godt av eitt år i militæret. Ein lærer seg sjølv å kjenna»

Maria Constanza Haugan (21) har lege i skyttargrav midt på natta og sett nordlys, augneblink ho har delt med nye venner. Militæret har lokka fram både hat og glede.

Maria Constanza Haugan

Alder: 21
Bustad: Haga på Stord
Utdanning: Militæret. Skal ta opp fag i Bergen til hausten.
Sivilstand: Singel
Aktuell: Akkurat ferdig i militæret.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy? Venner. Det er viktig å ha nokon å le saman med.
 
Favorittmat? Taco.
 
Har du ein uvane du vil bli kvitt? Eg er veldig B-menneske, skulle ynskje eg var flinkare å stå opp om morgonen.
 
Perle i Sunnhordland? Heiane Trening og Helse
 
Kva gjer du på om ti år? Eg bur i Bergen eller Oslo og jobbar som lærar. Reiser og lever livet.

For to veker sidan kom Maria Constanza Haugan tilbake til Stord etter eitt år i Oslo og forsvaret. Som første kvinna i familien har ho vore i militæret.

No er det ålmenn verneplikt for kvinner, men slik var det ikkje då Haugan skulle inn. Ho måtte søkja om plass.

To gongar var ho i rekrutten. Første gong vinteren 2015, men då måtte ho gje seg grunna skade.

Då flytta ho til Bergen og tok opp att nokre skulefag. Sommaren etter var ho klar igjen, og gjennomførte rekrutten for andre gong. - Eg visste jo litt meir kva er gjekk til enn dei andre. Ein treng å vera psykisk førebudd. Første gong i rekrutten kom det som eit smell kor tungt det var, seier 21-åringen.

Ho fortel om lange og varme dagar fylt med hat og lite mat.

Maria Constanza Haugan har alltid vore fasinert over militæret og har synast det verka spennande, difor søkte ho seg inn.

- Eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg at eg er ferdig no. Eg saknar det allereie og vil tilbake. Eg er litt usikker på om det folka eller plassen eg saknar, mest truleg er det folka. Det er rart korleis ein vert nøydd til å bli venner med eit pang, og plutseleg er det over med eit pang, seier ho, og ser mot taket. Tankane flyr og ho mimrar tilbake på eitt år med gode og tunge augneblink.

- Alle har godt av eitt år i militæret. Ein lærer seg sjølv å kjenna, i tillegg til å takla stressa situasjonar, meiner 21-åringen.

Det siste året har Haugan lært mykje om seg sjølv, og blitt kjend med folk frå heile landet.

- Menneske eg truleg aldri hadde teke kontakt med utanom, har no blitt nokre av mine beste venner.

Å oppleve det å bu saman og leve saman med ukjende - som etter kvart vart godt kjende, er eit kapittel for seg sjølv.

- Me vart som ein familie. Eg var sint på dei og glad i dei, fortel ho.

I rekrutten var dei åtte personar som delte eitt rom, medan resten av året i Oslo budde ho på rom med tre gutar.

Om lag 10 av 40 kvinner i troppen hennar var kvinner.

- Det var ikkje verneplikt for kvinner då me melde oss inn. I det store og det heile er det ikkje forskjell på gutar og jenter der, men me får litt lettare testar, seier ho.

Hovudoppgåva til Haugan og hennar tropp var vakthald og sikring ved Akershus festning og området rundt.

- Det følest som året har gått kjempe- fort, men samstundes veldig seint. Då eg stod ute i kaldt og vått vêr ville eg dimma, men no når eg har dimma vil eg tilbake, fortel ho.

 

Tilværet i militæret var heilt ny og uvant. Ho kjende ingen då ho kom til rekrutten i Elverum for eitt år sidan.

- Ein vert meir sårbar når ein er åleine og vert stilt høge krav til, seier 21-åringen.

Men allereie etter to veker var ho kommen inn i det og vart kjend med mange.

- Det er ei heilt sjuk oppleving å vera i militæret. Det er så utruleg mange små og spesielle augneblink ein får dela med sin partnar.

Ho fortel om episodar der ho har lege i skyttargrav klokka tre på natta og sett nordlys. Av og til såg dei og hjort.

- Me hadde ikkje telefon til å ta bilete med, me fekk berre nyta augneblinken hundre prosent. Det er viktig å ta vare på og hugsa på dette, for det er ikkje akkurat så mykje anna glede i rekruttperioden, for å seia det sånn, seier ho og ler.

Haugan har i mange år vore ekstremt opptatt av trening og kosthald.

- Eg angra litt på at eg ikkje hadde trent meir kondisjon tidlegare, i staden for styrke. Ein skal jo kunna springa med 40 kilo i sekken, då kjem ein ikkje så langt med berre styrke, konstaterer ho no i ettertid.

Eit minimumskrav i militæret er at dei skal trena 10 gongar i løpet av ein periode på to veker.

I kvardagen står alt ifrå seks til ti egg på menyen kvar dag, grunna proteininnhaldet.

- Det går ein del mat når eg er heime ja, men eg er ikkje noko fan av fitness-diettar og sånn. Eg et sunt og kosar meg, seier ho.

Militærjenta hadde i fleire år planar om å bli kokk og konditor, men ho er planen annleis.

- Eg jobba mykje mot å bli kokk og gjekk på kokkelinja på vidaregåande. Då eg byrja i militæret mista eg heilt interessa, fortel Haugan.

No er draumen å jobba med ungdom, å læra dei fag som ho sjølv brenn for - nemleg mat, helse og trening.

Første målet er å komma inn på lærarutdanning i Bergen, Stavanger eller Oslo.

 

- Vil du ikkje bli på Stord?

- Etter eitt år i Oslo synest eg Stord er veldig lite, og ting er ikkje så tilgjengeleg som eg likar å ha det, svarar ho.