Gå til artikkelen
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL

15 spørsmål

Test kor godt du har følgt med den siste veka.

1. Kva heiter rockaren som opnar ny Rema 1000-butikk på Vabakkjen?

2. Sunnhordland omtalte ei spesiell Finn-annonse denne veka. Kva var salsobjektet?

3. Seglskipet «Statsraad Lehmkuhl» vann ein internasjonal regatta denne veka. Kva heiter regattaen?

4. Kva heiter artisten som opna Fitjarfestivalen i Fitjar kyrkje?

5. Og kva heiter trenaren til Stord handballklubb sitt herrelag?

6. Veteranskipet MS «Sunnhordland» blei inspisert i tørrdokk denne veka. Kor?

7. Kva heiter den nye superbåten til Friluftsrådet Vest og Fitjar kommune, som blei døypt denne veka?

8. Fotballgruppa til Stord henta heim gammal kjenning denne veka. Kva heiter spelaren?

9. Kva heiter den lokale kunstnaren som skal utsmykka Gina Krog-plattforma?

10. Kva heiter kunstaren bak måleriet som Fitjar kommune har overtatt frå Sparebanken Vest?

11. Kor mange år er ordførar Harry Herstad?

12. Kva heiter leiaren i Fitjar sau og geit?

13. Torbjørn Agdestein er på veg vekk frå FK Haugesund. Til kva klubb?

14. Kva heiter fiskerimessa som har gått føre seg i Trondheim denne veka?

15. Kor mange innbyggjarar har Fitjar kommune?

Svar:

1. Eivind Birkeland.

2. Ein gammal trebåt.

3. The Tall Ships Races.

4. Trine Rein.

5. Jonas Sjölin.

6. I Tallinn.

7. «Kari II».

8. Erlend Grov.

9. Janne Robberstad.

10. Karl Gloppen.

11. 70 år.

12. John Karsten Raunholm.

13. Odd.

14. Nor-Fishing.

15. 3.140 (1. januar 2016)