Gå til artikkelen
Marit Bjelland går tur med hunden Zita kvar einaste dag, helst to gonger om dagen. Alle foto: ANITA HAUGLAND

Marit (65) har teke livet tilbake

I 1999 måtte Marit Bjelland ta hjarteoperasjon, og blei etter den tid avhengig av smertestillande. I fjor kom vendepunktet.

Marit er tidlegare norsk meister for lag i agility. Om få veker skal ho konkurrera igjen, i Arendal.

- Eg håpar du er klar for tur! seier Marit Bjelland (65), straks ho får besøk.

 

I rosa treningstights, caps og treningsjakke er ho rusta for tur. Den blå vesten er også på, med Sør-Rogaland brukshundklubb-logo, namnet hennar og hunden Zita sitt namn trykt bak på ryggen.

 

Ho og Zita går tur kvar einaste dag, helst to gonger om dagen. Til saman blir det om lag to mil til dagen, men slik var det verken for Marit eller Zita for berre eitt år sidan. Då var Marit fanga i smerter og avhengnad til medisinar.

 

- Eg gjekk ikkje mykje ut, eg var stort sett alltid sjuk og eg var 30 kilo tyngre enn no. Zita fekk berre små lufteturar for at ho skulle få gå på do, fortel 65-åringen.

Den første treningsøkta har duoen om morgonen. Då blir det fire rundar rundt Vannassen. Om ettermiddagen blir det ofte fire nye rundar.

Toppidrettsutøvar

Det byrjar å bli nokre år sidan ho flytta frå Stord. Her vaks ho opp med mor, far og fem søsken. Åshild Bjelland, som har laga dokkene i Eventyrskogen på Stord, er ei av søstrene hennar, og kommunestyrerepresentant Bente Bjelland (Ap) i Stord, er niesa.

 

- Far min, Otto Bjelland, var arbeidar-partimann og aktiv i politikken. Han hadde nok vore stolt over Bente no, meiner Marit.

 

Familien hennar var ikkje særleg sportslege, fortel ho, men sjølv var ho eit unnatak.

 

- Eg veit ikkje kvar eg har dei genane frå, men eg elskar å trena! seier Marit og bryt ut i latter.

 

I ungdommen var ho med å starta damelag i fotball på Stord.

 

- Den første kampen spelte me mot Vard, og vann 1-0. Eg kan hugsa at den store snakkisen på tribunen, var om damer burde få bruka
fotballsko. Kan du tenkja deg?! seier Marit, og bryt ut i latter på ny.

 

Hjelpepleiarstudium førte henne til Bergen og seinare jobb i Lillehammer, før ho slo seg ned i Stavanger der ho jobba på røntgenavdelinga ved sjukehuset.

 

- Samstundes spelte eg fotball for Klepp i sommarhalvåret, og handball for Sandnes i vinterhalvåret. I 1987 var eg med å tok NM-gull for Klepp, fortel Marit, som var målvakt i både handball og fotball.

 

Som 36-åring fann ho ut at ho var for gammal til å driva med fotball. Ho kjøpte seg difor hund, og byrja å trena agility.

 

- Eg reiste rundt på stemner rundt i heile Norge, Sverige og Danmark. Det var ufatteleg kjekt. Eg blei til og med norsk meister for lag i agility.
Men brått tok livet ein ny retning, i negativ forstand.

Dette biletet er teke kort tid etter at Marit bestemte seg for å komma i betre form. Her er ho rundt 30 kilo tyngre enn det ho er i dag. Foto: PRIVAT

Hjarteoperasjon

Året er 1999. Marit, som heile tida har vore så sprek, er tungpusta i oppoverbakkar. Ein dag får ho hjartebank og føler ho vil svima av. Ho blir difor lagt inn til undersøking på sjukehuset.

 

- Mamma hadde problem med hjartet sitt, så eg har ei kjensle av at det kan vera noko gale, fortel Marit.

 

Det viser seg at hovudpulsåra inn til hjartet hennar er 75 prosent tett, og ho må dermed operera.

 

- Som følgje av operasjonen punkterer den eine lunga mi, og eg får difor enorme smerter. På grunn av dei store smertene punkterer også den andre lunga mi.

 

Etter kvart får ho komma til ved smerteklinikken på Stavanger universitetssjukehus, og blir verande her i ein og ein halv månad.

 

- Det rare er at me er tre søsken som blir operert for hjartet i løpet av berre tre veker. Det er godt at mamma slapp å oppleva dette.

 

For å døyva smertene får Marit ketorax (tilsvarande morfin) og pinex forte.

 

- Eg får beskjed om å ta begge, for å få effekt. Og effekten kjem den, og det er fantastisk å vera smertefri.

 

Problemet er at smertene alltid kjem tilbake.

 

- Etter kvart føler eg behov for meir medisinar og meir medisinar, og eg får stort sett det eg vil ha av fastlegen min. Ingen fortel meg kor farleg det er, hevdar Marit.

Dette biletet er teke i vår, då Marit deltok i sin første agility-konkurranse etter kollapsen. Her sikra ho seg andre plass. Foto: PRIVAT

Pillemisbruk

Åra går. Marit kjem seg tilbake i jobb, men aldri i hundre prosent stilling som ho hadde tidlegare.

 

Ho har store smerter, og er konstant sjuk. Anten er det forkjøling, lungebetennelse eller lågt stoffskifte.

 

- Eg har det verken bra fysisk eller psykisk på denne tida. Alt er eit ork.

 

Ho som før var aktiv, kjem seg lite ut. Når ho får beskjed om å redusera medisinbruken sin, så klarer ho det ikkje.

 

I 2008 mistar Marit jobben, og frå denne dagen forverrar situasjonen seg gradvis til å bli enda verre. Dagane går stort sett med til tv-sjåing.

 

Ein dag, for vel eit år sidan, går livet i svart.

 

- Eg er på kjøkenet, og strekk meg opp etter ei skål. Så berre forsvinn beina under meg, og eg klarer ikkje ta meg for.

 

Meir kan ho ikkje hugsa, men i ettertid har ho fått vita at det er heimesjukepleia som finn henne i leilegheita. Ho hadde fått hjerneristing og hukommelsestap.

 

- Det er no eg treff ein hjartelege som er svært streng med meg. «Marit, du må slutta med dei medisinane, elles kjem du til å døy, seier ho til meg».

Marit mista sertifikatet i august 2015. Så glad var ho, då ho fekk det tilbake i mars 2016. Foto: PRIVAT

Avrusingsklinikk

Marit blir først lagt inn fire dagar på intensivavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus. Deretter får ho tre veker på Stokka sjukeheim, ved korttidsavdelinga.

 

- Eg bestemmer meg for å kutta smertestillande tvert. Og slik kjem abstinensane. Eg er heilt i ørska, og hugsar ikkje ein gong kvar eg plar å handla klede, seier Marit.

 

Ho fortel om syn av legar som går ut dører som ikkje finst, og om musikk frå radioen som ikkje er på.

 

- I denne perioden er niesa mi, Elisabeth som bur på Bryne, ein fantastisk støttespelar. Ho betalar rekningane mine, tek seg av posten og leilegheita mi. Ho er òg ein pådrivar for at eg får komma inn på Rogaland A-senter (Behandlings- og kompetansesenter for rusrelaterte problem).

 

Her møter Marit både tungt narkomane og alkoholiserte skjebnar, og blir verande i tre veker.

 

- Eg har jo aldri følt meg som noko narkoman, eg har berre teke medisinar for smertene mine. Det var ganske grufullt å vera der, nesten som eit fengsel, fortel Marit.

 

I november merkar ho at kreftene byrjar å komma tilbake, og at hovudet byrjar å fungera igjen. Små turar blir til lenger turar, og ho bestemmer seg for å kutta ut sukkerhaldig brus og andre sukkerrike freistingar. Kiloa renn av.

 

- På eit halvt år har små turar blitt til lange turar, eg trenar agility med hunden kvar dag, eg har gått frå klesstorleik XXL til S, og alt eg gjer er lystbetont. Eg har framleis ein del smerter, men eg har ikkje teke ein einaste paracet sidan eg slutta med smertestillande. Eg føler eg har fått livet tilbake, seier 65-åringen.

 

Ho har til og med fått strikkegleda tilbake, og viser fram fleire sokkepar i ulike mønstrar, som skal vera premie i ein agility-konkurranse om få veker.

 

- Grunnen til at eg deler historia mi i media, er ønsket om at dette kan vera til hjelp for andre. Det finst håp, sjølv om du er langt nede. Dessutan vil eg åtvara mot bruka av smertestillande, seier Marit.

Marit har fått strikkegleda tilbake. Desse sokkane gjev ho vekk som premie til eit agility-stemne no i haust. Foto: PRIVAT

- Smellen redda truleg livet hennar

Etter hjarteoperasjonen i 1999 opplevde Elisabeth Bjelland Olsen at den blide og spøkjefulle tanta hennar, fekk stadig større problem.

 

- Det har vore eit stort overforbruk av medisinar som har gått føre seg i 15 år. Ho var nok klar over det sjølv, men ho klarte ikkje å gjera noko med det, fortel Olsen.

 

Ho fortel at ho kontakta fastlegen til Marit Bjelland, fordi ho var bekymra.

 

- Ho køyrde jo rundt med sertifikatet, og eg var redd det skulle skje noko. Men eg opplevde dessverre ikkje å bli høyrd, det blei ikkje gjort noko, seier Olsen.

 

Så kom anfallet i fjor.

 

- Smellen redda truleg livet hennar. Eg trur ikkje ho hadde levd i dag om ho hadde halde fram slik som før, seier niesa.

 

Etter anfallet har Elisabeth stått på for å få henne innlagd ved Stokka sjukeheim, og seinare A-senteret. Ho ordna også opp med forsikringar og post.

 

Elisabeth Bjelland Olsen var djupt bekymra for tanta si.

 

- Eg skal ikkje leggja skjul på at det har vore mykje jobb. Det var ikkje få telefonar eg måtte ta for å få henne innlagt ved både Stokka og A-senteret. Eigentleg synst eg det er synd, med tanke på dei som ikkje har pårørande rundt seg, seier Olsen.

 

Ho fortel at også mannen hennar, og broren, har vore med å hjelpt til.

 

- Sidan tante Marit verken har mann eller barn, så følte eg eit stort ansvar for henne. Eg blei eigentleg oppmoda om å sleppa ansvaret over på det offentlege, men eg er veldig glad i tante Marit, og eg såg at det var behov for oppfølging. Marit har truleg vore gjennom sin tøffaste periode i livet, det siste året, seier Olsen.

 

Ho har hatt god kontakt med tanta si frå ho var bitte liten.

 

- Eg synst det er fantastisk at me no har fått den gode, gamle tanta vår tilbake. Ho er som eit nytt menneske. Sist me hadde familiesamling, svinga ho seg på trampolinen.

 

Som liten hugsar ho Marit som den livlege, morosame og aktive tanta, som var med å leika.

 

- Ho var den mest skøyaraktige tanta mi, og laga alltid liv og leven rundt seg. Det var alltid kjekt å få julegåver frå henne, for ho hadde alltid laga til eitt eller anna sjølv. No har ho fått glimtet i auga tilbake, og ho ler og fortel om ting om ho har vore på. Tidlegare snakka ho berre om sjukdom og kor vondt ho hadde det. Det var vanskeleg å få henne med på familieselskap, men no er ho med på alt. Det er veldig godt å sjå, seier Olsen.

Kvar dag plar Marit og Zita treffa på Aud Bergeron på tur, som alltid har eit godteribit til Zita i lomma.

Marit bur i ei leiligheit på Mariero. Legg merke til bordet, som er kombinert hundebur og sofabord.

Det er helst treningssko å finna i skohyllene til Marit.

Fakta om Marit Bjelland

1951: Marit blir fødd. Vaks opp på Stord med mor, far og fem søsken.


I970-åra: Marit flyttar til Bergen for å gå på hjelpepleiarskulen. Ho reiser deretter til Lillehammer, der ho jobbar 3,5 år som hjelpepleiar ved Lillehammer sjukehus.

1983: Turen går til Stavanger, der ho jobbar som hjelpepleiar på røntgenavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus i 25 år.

1987: Ho blir seriemeister i fotball for Klepp. Er aktiv fram til ho er 36 år. Spelar samstundes handball i Sandnes Håndballklubb, på det nivået som i dag svarar til 1. divisjon.

1999: Marit blir hjarteoperert. Ho får samstundes problem med begge lungene, og dermed store smerter. Får smertestillande som ho blir avhengig av.

2015: Marit får anfall medan ho er heime, som endar med hjerneristing og hukommelsestap. Blir innlagd ved Rogaland A-senter på avvenning. Eit halvt år seinare kjem kreftene tilbake, og Marit får motivasjon til å trena.

2016: I august er både den psykiske og den fysiske helsa til Marit mykje betre. På eit halv år har ho gått ned 30 kilo, ved hjelp av trening og endra kosthald. Ho har også byrja å strikka igjen, og føler ho har fått livet tilbake.