Gå til artikkelen
Dette året har Engeline Gjellestad og mamma Turid Tvedt Gjellestad skule heime. Medan Engeline har pause frå Tjødnalio skule, har mamma permisjon frå lærartilværet ved Sagvåg skule.
Alle foto: ANITA HAUGLAND

Lærer pensum heime i kjellarstova

Dette året prøver Engeline Gjellestad (12) og mamma Turid Tvedt Gjellestad noko dei aldri før har gjort. Dei har nemleg heimeskule.

Mamma Turid er oppteken av å bruka digitale læreverktøy i undervisninga.

Hugsar du kva dette heiter? spør mamma Turid Tvedt Gjellestad, medan ho held fram ein blå- og brunhekla runding.

 

- K-k-k, seier Engeline Gjellestad (12), og leitar etter fortsetjinga.

 

- Ja, det stemmer at ordet byrjar på k, seier Turid.

 

- Kippa! seier Engeline, som i dag har jødedommen på timeplanen.

 

- Ja, det stemmer! svarer mamma Turid, medan ho ser på dottera som prøver det jødiske hovudplagget.

 

- Som ein del av leksa til i morgon kan du sjekka om det finst ein synagoge i nærleiken, så kan me kanskje gå på besøk for å læra litt meir om jødedommen.

Tavla i kjellarstova er kjøpt inn på grunn av heimeskulen. Her skriv Engeline opp leksene sine til morgondagen.

KLASSEROMMET. I fjor tok dei avgjerda om at dei skulle ha heimeskule i 2016/2017, berre dei to. I den lyse kjellarstova med beige-farga vegg-til-vegg-teppe har dei rigga seg til ved eit rundt arbeidsbord midt i rommet. På den eine veggen har dei hengt opp white board, på kjøkenbenken har dei plassert skrivaren og i taket ein prosjektor. Innanfor kjøkenbenken finst det eit lite rom med hyller, som dette året blir kalla utstyrsrom. Her finn ein det som trengst av pensumbøker, skrivemateriell og læreplanar. Undervisninga startar presis klokka 08.30 kvar dag, og så går øktene jamt og trutt fram til klokka 14.00. Med unnatak av dei dagane dei bestemmer seg for å reisa på utflukt.

 

- I førre veke reiste me til Bergen for å gå på Grieg-museet i Bergen. På førehand måtte Engeline planleggja turen i forhold til reisemåte og økonomi. I læreplanen står det at elevar i 7. trinn skal kunna lesa og forstå tabellar, og difor passa det godt at Engeline fekk øva seg i å lesa ferjetabellen. Ho måtte også setja opp budsjett, og finna ut kor mykje museumsbilletten og ferjebilletten kosta, fortel Turid.

 

Dei hadde også lytta til utdrag av musikken hans før besøket på Troldhaugen, der komponisten budde i si tid.

 

- Grieg er månadens komponist. Me fekk ei artig oppleving då Engeline oppdaga at det er han som har komponert isbil-songen! seier Turid før ho bryt ut i latter.

 

På museet besøkte dei den vesle hytta der Edvard komponerte musikken sin, dei lytta til ein konsert med Edvard Grieg sin musikk og Engeline fekk lært at sjølv ein mektig komponist ikkje treng vera meir enn 152 centimeter på strømpeleisten.

 

- I år er me veldig fleksible til å finna på slike ting, noko som me prøver å utnytta. Eg har veldig tru på «learning by doing», seier Turid.

Her prøver Engeline ei kippa, hovudplagget som blir brukt av jødane. På timeplanen har ho nemleg jødedommen.

ELSKAR LÆRARJOBBEN. Klokka er ikkje særleg meir enn 09.00. Mamma Turid og Engeline gjev kvarandre ein klem.

 

- Det er som regel slik me startar dagen, fortel Turid, og smiler.

 

Deretter pratar dei litt om personlege tema, men denne dagen hoppar dei rett over på avislesing, før det blir gjennomgang av leksa og faglege tema.

 

- Eg tykkjer matte er veldig gøy når eg får det til, seier Engeline, som klarer seg godt når ho skal løysa oppgåver som inneber gonging, deling, pluss og minus.

 

Ho har så vidt byrja på den nye kladdeboka sidan ho er heilt i starten av skuleåret. Den første sida avslører at ho er vel så glad i å pynta sidene, som sjølve matteoppgåvene. Her er overskriftene pynta i lilla, rosa, gult og blått, og tala er skrivne inn i ein snorbein tabell.

I friminutta går Engeline ofte ut til kaninane sine, Mango og Lubben. Fordi dei byrja å krangla, måtte kaninane skiljast, og dermed laga ho og pappa Vidar Gjellestad nytt kaninbur.

I sist veke fekk Engeline i lekse å baka kake. Det ligg jo matte i det også. Ein må vita forskjellen på gram og kilo, desiliter og milliliter, fortel Turid.

 

Ho er sjølv utdanna spesialpedagog, i tillegg til å ha rektor- og økonomi-utdanning. Dette året har Turid permisjon frå lærarjobben ved Sagvåg skule.

 

- Eg hadde aldri turt å gjera dette om eg ikkje hadde undervist som lærar tidlegare. Det året er på ingen måte eit opprør mot undervisningsopplegget i Stord-skulen. Eg elskar jobben min, og eg synst elevar på Stord får jamt over god kvalitet på undervisninga. Det er andre grunnar for at me bestemte me oss for å gjera dette, fortel Turid.

 

Dottera Engeline fortel at ho er av same oppfatning.

 

- Det er klart eg saknar vennene mine på skulen, men dette er på ingen måte noko eg blir tvinga til. Eg hadde lyst sjølv, fordi eg likar å prøva nye ting. Eg syns me har det veldig kjekt så langt, seier Engeline.

 

Somme gonger hender det at ho tek turen ned til «gamleklassen» på Tjødnalio i matfriminuttane, og ho skal også vera med dei på leirskule til Gullingen i haust.

 

- Då eg spurde Peter, bror til Engeline, om han kunne tenkja seg det same, takka han fint nei. Det var heilt uaktuelt for han, fortel Turid.

Morgonen startar gjerne med ein klem og ein prat om personlege tema.

BLANDA REAKSJONAR. Frå klokka 11.15 til 11.50 har dei midttime, og det betyr lunsj oppe i spisestova. Mamma Turid tenner lys, finn fram pålegg og grovbrød, medan Engeline lagar eggerøre.

 

- Me prøver å ha høg kosefaktor i huset. Kvar morgon lagar me oss te, og det hender me lagar oss ein kopp kakao på slutten av dagen. Men ikkje for ofte, me skal jo prøva å eta sunt, seier Turid.

 

Verken mor eller dotter legg skjul på at dei har blitt møtt med negative reaksjonar etter at avgjerda om å ha skule heime blei fatta.

 

- Dei som kjenner oss godt, forstår valet vårt. Andre synst det er på kanten til barnemishandling. Eg tenkjer at eg er trygg på det me har gjort, så får folk meina kva dei vil. Og skulle ikkje heimeskulen fungera for meg eller Engeline, så er me ikkje redde for å endra planane. Engeline har fått lovnad om at ho kan komma tilbake til klassen sin på Tjødnalio når som helst, ho er framleis elev i Stord kommune, seier Turid.

Engeline er glad i å teikna, og pyntar gjerne opp oppgåvebøkene med fargerike teikningar. Dette er matteboka hennar.

Ho er også klar på at dette berre er for eitt år.

 

- Til neste år byrjar Engeline og få karakterar, og akkurat den biten vil eg gjerne unngå. Ikkje fordi eg ikkje er trygg på den faglege biten, men som mor kan jo dette vera ei litt vrien rolle.

 

Om ikkje lenge kjem rektor på besøk i heimen, for å sjå til at Engeline ikkje stagnerer fagleg. Det skal ho gjera to gonger i halvåret.

 

- Me gler oss veldig. Rektor har vore veldig støttande, seier Turid.

Turid prøver å følgja læreplanen for 7. trinn, når ho legg opp undervisninga.

SJELDAN SJUKDOM. Både mor og dotter brukar spesialstolar når dei sit og jobbar nede i kjellarstova.

 

- Både Engeline og eg er råka av ein sjeldan bindevevssjukdom som gjer at me verker mykje i kroppen. Sjukdommen er litt av grunnen for at det passa fint for oss med eit slikt år heime, fortel Turid.

 

Engeline har også spesialstol på skulen, men ho tykkjer det er litt flaut å dra den med seg dersom dei skal ha fellesundervisning på tvers av trinna, og det er lagt opp til at alle skal sitja på benker.

 

- Sjølv om me har like lange skuledagar som før, kjennest dette året litt rolegare. Me brukar ikkje så mykje tid på transport, og slik får eg tid til å ha middagen klar når mannen kjem heim av jobb. Eg trur dette året kjem til å gjera godt, ein slags time out for familien, seier Turid.

 

I oktober skal ho og Engeline reisa tre veker til Bodø på rehabiliteringsopphald for Engeline.

 

- Dette er eit opplegg for barn med sjeldne sjukdommar, fortel Turid.

 

Ho meiner året også gjev ein unik mogelegheit for å hjelpa Engeline vidare i undervisninga der ho har hol.

 

- Engeline klarer seg godt fagleg, men nokon stader heng ho etter. No ser eg med ein gong kvar skoen trykkjer, og her heime treng ho ikkje sitja lenge å venta på hjelp.

Her er det lunsj. Kvar dag dekkjer dei på i spisestova, men har ikkje lenger pause enn det dei ville hatt på skulen.

SUPPLEMENT UTANFRÅ. Turid har sett seg grundig inn i læreplanen for 7. trinn. Ho viser fram permen, der det blant anna står at elevane skal kunna skilja mellom meining og fakta, ta del i ballspel med andre og ha rollespel i norskundervisninga.

 

- Det er klart at det er vanskeleg å gje tilbod om ballspel saman med andre her heime, eller rollespel i norskundervisninga. Difor har Engeline byrja på volleyball og teater i kulturskulen. Det er pluss og minus med alt, men me prøver å gjera det beste ut av situasjonen, seier Turid.

 

Engeline går også på hesteriding, og dessutan får ho ha besøk av venner oftare enn før.

 

- Eg er meir med venner etter skuletid no enn tidlegare, sidan eg ikkje møter dei på skulen. Vennene mine synst jo det er dumt eg ikkje er på skulen, men støttar meg i valet eg har gjort, seier Engeline.

 

Ho fortel om eit godt forhold til mora.

 

- Eg og mamma kommuniserer betre i lag no enn tidlegare, det passar jo ikkje med krangling når me skal vera så mykje i saman. Men i og med at me er så mykje saman på dagtid, er det kjekt å vera med venner i fritida.

 

Dei oppmodar folk om å følgja instagram-kontoen «Heimeskule», for der legg Engeline ut bilete av kva ho gjer på i skulekvardagen.

 

 
I dag kom eg i avisa????
Et bilde publisert av Navn: Engeline & Turid. (@heimeskule) mandag 12. Sep.. 2016 PDT
 

Sigrid Røsseland er rektor på Tjødnalio skule.
Foto: ANITA HAUGLAND

Rektor meiner ordninga er fin

Sigrid Røsseland, rektor ved Tjødnalio skule, var på kurs då me kontakta henne for å få ein kommentar på fredag.
På spørsmål om kva ho meiner om at Turid Tvedt Gjellestad og Engeline Gjellestad har valt heimeundervisning dette året, svarer ho følgjande på SMS:

 

«Eg synest det er ok og ei fin ordning for dei».

 

- Kva synest du om heimeundervisning generelt?

 

«Det er ein rettigheit. I visse situasjonar er det fint for eit barn at denne retten finst», meiner rektoren.

 

Kritisk til somme av heimeundervisarane

Christian Beck, førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, har forska på heimeundervisning i mange år. I ein artikkel på nrk.no har han tidlegare uttalt at han generelt er positiv til heimeundervisning, men samstundes veldig kritisk til mykje av den heimeundervisninga som går føre seg.

 

- Barna blir så overlatne til foreldra sine. Skuleelevar har to polar. Dei har skulen på den eine sida og foreldra på den andre. Dei kan spela på to hestar. Barna som får heimeundervisning er heilt overlatne til foreldra sine. Dei gode heimeundervisarane forstår dette og gjer alt for å få barna ut i samfunnet, og det går veldig bra. Men nokre gjer ikkje det, og det er ikkje bra, har Beck uttalt.

 

Sunnhordland har diverre ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Beck.

 

119 fekk heimeundervisning i fjor

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det var 119 elevar i Norge som fekk heimeundervisning etter Opplæringslova i fjor.
Jan Tore Halvorsen er leiar i Norsk hjemmeundervisningsforbund (NHUF), som er ein frittståande interesseorganisasjon for heimeundervisarar. Han har sjølv gode erfaringar med å undervisa sin eigen son heime.

 

- Me tok han ut av skulen då han gjekk i fjerde klasse, fordi han ikkje likte seg på skulen. Eg og kona mi har delt på undervisninga, og dette har vore ein strålande måte for sonen vår å æra på, seier Halvorsen til Sunnhordland.

 

NHUF er politisk uavhengig og blei formelt stifta i 2008. Formålet til organisasjonen er å samla, støtta og informera om heimeundervisning i Norge.

 

- Me har vel rundt 55 medlemsfamiliar no, men ikkje alle driv aktiv heimeundervisning, seier leiaren.

- Kan vera god ordning i enkelte situasjonar

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt i Stord kommune har det overordna ansvaret for skule i Stord kommune.

 

- Kva synst du om at foreldre vel å ta barn ut av den offentlege skulen for å undervisa heime i staden?

 

- Barn i grunnskulealder har rett og plikt til undervisning og føresette kan velja å ha den heime. Kommunen får då ansvar for tilsyn og oppfølging. I enkelte situasjonar kan dette vera ei god ordning, seier Hilt.

 

- Fører dette med seg ekstra kostnadar for kommunen?

 

- Det er ein kostnad at ein fører tilsyn, seier Hilt.

 

Opplæringslova

Barn har krav (rett og plikt) på opplæring, foreldre har plikt til å syta for at dei får den opplæringa dei har krav på. Vidare har barn krav på tilpassa og tilrettelagt opplæring - det er barna sine føresette som bestemmer om dette kravet er best oppfylt med heimeundervisning, privatskule eller den offentlege skulen.


Skulen er ei teneste eller eit tilbod, som ein dermed kan takka ja eller nei til. Uansett val, er opplæringa av barna foreldra sitt ansvar.


Opplæringslova slår fast kravet om tilsyn med heimeundervisning, og det er kommunen som fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skule. Kommunen kan òg kalla inn til særskilde prøvar.


Kommunen skal krevja at barnet eller den unge skal gå i skule dersom krava opplæringslova ikkje er oppfylte.


Kjelde: Opplæringslova