Gå til artikkelen
Oddvar Østrem og sonen Lars (9) nytta fredagen til å sjekka om det stod bra til med båten i hamna i Leirvik.
Foto: MARIUS KNUTSEN

Elles då?

Lars Østrem (9) nytta dagen i båthamna saman med pappa Oddvar.

Publisert 10.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 11.03.

- Me sjekkar korleis det går med båten etter nokre vindfulle dagar, seier Oddvar Østrem.

 

Saman med sonen Lars kunne han konstatera at båten ser både heil og fin ut.

 

- Heldigvis. Me var litt nyfikne då me nyleg har skifta båtplass frå båtlaget sine plassar til dei kommunale plassane litt lenger ut mot «Storddøra», smiler duoen.

 

- Brukar de båten mykje, då?

 

- Ja, heile året, seier Oddvar.

 

- Me brukar han mykje til hytta vår på Tysnes, og så likar me å fiska, seier Lars.

 

- Har du fått noko stort på kroken?

 

- Ja, hehe. Me fekk ein torsk på kring åtte kilo i trollgarnet i sommar. Det var moro, smiler 9-åringen.

 

- Elles då?

 

- Elles er det ikkje så mykje. Det er godt å vera ferdig med jula og ta fatt på eit nytt år, seier Oddvar.