Gå til artikkelen
Venninnene Merete Torp og Wenche Kamphuis synest planane om miljøgate i Leirvik berre er flott.
Alle foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Fem på ein fredag

Kommunen har planar om miljøgate med sykkelfelt i Leirvik, kva tenkjer du?

Publisert 17.02.2017 kl. 12.00.

Arsalan Sajedi (19), Leirvik
- Miljøgate er ikkje nokon god plan. Folk syklar jo allereie ute i vegen. Ein kunne heller ha fiksa vegane. Uansett, skal dei først laga sykkelveg, så synest eg ikkje vegen bør vera så brei.

Daniel Pawa (18), Leirvik
- Flott at syklistar får sin eigen veg. Så blir det ikkje krangling, og det blir mindre køar og betre flyt i trafikken.

Øygun Skulstad (91), Leirvik
- Ein dårleg plan. Dei må tenkja over kva dei gjer. Dei som bestemmer bur der ikkje sjølv, og veit ikkje kva dei ber om. Kva med fotgjengarane? Berre kommunen har ein grøn flekk tilgjengeleg, så sel dei han.

Merete Torp (47), Leirvik
- Har ikkje sett meg inn i det heilt, men det verkar no som gode planar. Eg syklar sjølv litt, men ikkje så mykje i sentrum. Eg synest det er bra at ein tenkjer på syklistane.

Wenche Kamphuis (45), Sagvåg
- Eg fekk meg ein sykkel for to år sidan på Heiane, og sykla den heim til Sagvåg, og det var det. Miljøgate­planen har eg ikkje lest meg så mykje opp på, men er jo berre ein fordel med syklistar og bilar åtskilt.