Gå til artikkelen

30 år som sjef for ultra­lokal avis

Ole Skaten har vore redaktør i heile 30 år. Men han har ikkje tenkt å gje seg enno på ein stund.

Fakta

Namn: Ole Skaten
Alder: 61
Bustad: Flakkavågen
Sivilstand: Gift med Inger. Tre gutar (Stein Olav, Øyvind og Vegard). To barnebarn.
Aktuell: Har vore redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Tysnes i 30 år.

Fem kjappe

- Kva tek du med deg til ei aude øy?
- Kona mi, Inger, og turtøy. Då har eg eit flott opplegg for turgåing.
- Har du ein uvane du vil bli kvitt?
- Eg er nok litt for glad i kaker og søtsaker, men har greidd å redusera dette med tanke på helsa.
- Kva er favorittmaten din?
Sjølvrøykt pinnekjøt.
- Perle i Sunnhordland?
- Det lokale Øykjafjellet (368 m.o.h.), der me ser rett ned mot Flakkavågen og har vakker utsikt mot fleire stader i Sunnhordland og på Tysnes.
- Kva trur du at du gjer om fem år?
- Tanken er å halda fram i den same jobben. Økonomien i lokalavisa gjer det ikkje mogeleg at eg går av med AFP.

Morgonmøtet i den vesle staben i lokalavisa er nett unnagjort når underteikna er på plass på kontoret til Ole Skaten i Våge. Smilande tek han imot. Smilet er eit særtrekk, han er kjapp i hamsen, verkar alltid energisk og ser ut til å trivast godt med jobben han har hatt gjennom heile 30 år.

 

Før «Fredagspraten» kjem i gang, ropar han til éin av dei to journalistane sine i naborommet: - No har eg nett sendt eit tips om Haaheim Gaard til deg.

 

- Kva var det om?

 

- Haaheim Gaard er invitert til ei stor internasjonal matmesse i Dubai tidleg neste år. Dette er éi av dei største matmessene i heile verda med meir enn 6.000 utstillarar. Det er svære greier. Me får mykje godt stoff frå Torstein Hatlevik på Haaheim Gaard.

 

Mellom reklameskilta i Tysneshallen er lokalavisa representert med følgjande tekst: Tysnes - vekas høgdepunkt. Ikkje verst at lokalavisa er høgdepunktet for tysnesingane.

 

- Eg trur det same gjeld for mange av dei andre abonnentane våre utanfor Tysnes. Lokalnytt er godt lesestoff. Folk likar å lesa og sjå bilete om det nære og nokon ein kjenner. Det er krise om ikkje Tysnes kjem til rett tid.

 

Mange identifiserer seg med lokalsamfunnet. Hyttefolket er ei stor lesargruppe. I dag har Tysnes kring 2.250 abonnentar. I 2008 var talet 2.511.

 

- Det er høge tal når innbyggjartalet i kommunen er 2.800. Tysnes er den lokalavisa i Norge med høgast opplagstal i høve innbyggjartalet. Det er me stolte av. Eg trur det er berre Svalbardposten som er betre. Me har hatt ei flott utvikling frå 8 og 12 sider utan farge dei første åra. Mest vanleg no er 20, 24 og 28 sider. I tillegg har me fleire storaviser i løpet av året, fortel 61-åringen.

 

- Du har fått vera med på mykje som redaktør. Korleis hamna du i ei slik rolle?

 

- Det har vore 30 spennande og interessante år, med ei enorm teknisk utvikling. Lokalt har det skjedd mykje, seier han.

 

Om få månader har han 38 år i mediebransjen.

 

- Då eg byrja i Tysnes i januar 1979, var det ein milepæl for avisa å gå over frå å koma ut kvar 14 dag til å verta vekeavis. Eg var den første og einaste fast tilsette på heiltid, var både journalist og monterte avisa, stort sett åtte sider. Lærar Einar Skår var redaktør på fritida, og alt arbeidet var i heimen hans. I 1980-81 fekk avisa i tillegg journalist i halv stilling og ein liten deltidsjobb som rekneskapsførar.

 

Ole Skaten var i Tysnes i 2,5 år, så vart det fem år i bladet Sunnhordland, der han jobba som typograf og tok fagbrev i typografi.

 

- I 1986 vart redaktørstillinga lyst ledig. Styreformann Lorentz Lunde oppfordra meg til å søkja. Eg drøfta dette med Johann Belsvik, klubbformannen i bladet Sunnhordland. Belsvik meinte at eg burde søkja. Han såg på jobben som spennande og utfordrande for ein ung avismann. Me hadde på den tida bygt hus i Flakkavågen, eg pendla med ferje frå Flatråker. Det var lange arbeidsdagar medrekna pendlinga, og nytt ferjestø på Hodnanes drog ut i tid. Det medverka til at eg tok redaktørjobben.

 

Det var fire personar i staben, på heil- og deltid, då Skaten byrja i august 1986. Framleis er både Svanhild Hjørnevik, Morten Haaland og han sjølv med. Marita Bakke kom med for ti år sidan. Delar av staben har vore veldig stabil.

 

Den mangeårige redaktøren voks opp i Flakkavågen, eldst i ein søskenflokk på fire, med to brør og éi søster.

 

- Foreldra mine dreiv landhandel i Flakkavågen. Som liten var eg med og tok eit tak i butikken, og tidleg måtte eg ta ansvar då far min vart hjartesjuk i altfor tidleg alder.

 

Redaktør Ole Skaten i Bladet Tysnes.
Foto: HANS OLE DALLAND

Etter barne- og framhaldsskule på Onarheim, reiste han som 15-åring til realskulen i Øystese. Det var ein stor overgang til hybellivet. Ole var heime tre gonger den første hausten. Den gongen gjekk reisa via Bergen.

 

- Då eg fylte 16 år, kjøpte eg moped og køyrde den når eg skulle heim. Det vart ein lang tur til Hamarhaug i Ølve og deretter båtskyss. Reisemåten fungerte godt. Mopeden brukte eg flittig, m.a. når eg tok skiturar til Sjusete, fortel Skaten.

 

Med gymnaset vart det fem år i Øystese. Som 15-åring der byrja han å abonnera på Tysnes, for å følgja med på det som skjedde heime. Det første lesarbrevet i ei avis vart skrive på den tida, til Tysnes sjølvsagt.

 

- Som redaktør og sentral aktør i lokalavisa har du ei fleirsidig og mektig rolle. Korleis opplever du dette?

 

- I eit lite lokalsamfunn er det viktig å bruka mediemakta med sunn fornuft. Lokalavisa Tysnes skal ikkje vera VG eller BA med store overskrifter, men ei vaktbikkje i samfunnet. Difor har me følgt lokalpolitikken tett. Det har ikkje alltid vore like populært, men dei fleste forstår avisa si rolle. Me skal vera lim og lupe og skriva om dei gode sakene, det kan like godt vera småsaker og notisar som store saker. Dei positive sakene er flest. Å driva god pr. for Tysnes ligg hjartet til redaktøren nært, noko sommaravisa og andre ekstraaviser får fram.

 

I helsinga til 60-årsdagen hans i fjor nemnde dåverande ordførar Kjetil Hestad at redaktøren i lokalavisa er den store sjefen i Tysnes, det er verken ordføraren eller lensmannen.

- Som i andre aviser har også du opplevd ei kolossal teknisk utvikling. Korleis har utfordringa vore?

 

- Ja, det er ei enorm utvikling frå svartkvit film og klipp og lim for å laga sidene, til alt i dag som skjer elektronisk. Det første digitale fotoapparatet kjøpte me midt på 90-talet. I 1996 laga me den første digitale avisa. Då kunne me senda ferdige avissider elektronisk til Sunnhordland sitt trykkjeri. Det tok over éin time å senda éi side med Televerket sine isdn-linjer. I dag sender me heile sommaravisa på 90 sider raskare. Då dei minste lokal-avisene fekk statsstøtte tidleg på 90-talet, fekk me råd til å styrkja journalistbemanninga. I ein prøveperiode hadde me tre journalistar. Det har me ikkje økonomi til no, og har i dag to journalistar. Stillinga som salsmedarbeidar har me òg måtta redusera, fortel redaktøren, som har følgd utviklinga og hendingar i Tysnessamfunnet tett gjennom 30 år. Kva hugsar han best?

 

- Mykje spennande har skjedd. Eit par månader etter at eg vart redaktør i 1986 var det stor bruopning i Lukksund. Det nye ferjestøet på Hodnanes i desember 1994 var òg ei stor hending. Samferdslesaker har fått mykje plass, ikkje minst debatten om kyststamvegen, seier Skaten.

 

Referat frå kommunale møte har han laga mange av. Ikkje reint få av desse møta har vore langdryge og har passert midnatt før avrunding.

 

- Det same har eg opplevd med kraftlagsmøte. Saker elles; vedtaket om fiberutbygging i kraftlaget, krav om større og betre ferjer, laksenæringa som har skapt store verdiar og mange arbeidsplassar, pakkeriet på Reksteren har vore viktig for lokalsamfunnet der, og arbeidsplassar som har komme og gått, m.a. Pyrox. På Onarheim vil Gerhard Alsaker si store utbygging av Onartun få mykje å seia. Den positive utviklinga for Tysnes Sparebank er òg spennande. Mange gode saker har vore knytte til Tysneshallen, kunstgrasbanen, skianlegget i Solheimsdalen, Tysnesfest og Torstein Hatlevik med Haaheim Gaard. Idrett og kultur har òg alltid mykje å by på, fortel Ole Skaten, som også har ein del saker med negativt forteikn han hugsar.

 

- Godøysund fjordhotell er eit trist kapittel. Trist er det òg at Windsor Door no skal flytta produksjonen til utlandet. Nedlegginga av ferja til Reksteren vart uheldig for folketalsutviklinga der. Det mest fjerne eg har skrive om er opning av ein ny barnehage i Tanzania, finansiert av m.a. kronerulling på Tysnes. Det vart nokre reportasjar frå besøket hos Frøydis Nordbustad i Tanzania, fortel veteranen.

 

Debatten om Tysneshallen er eitt døme på ei sak som var vanskeleg å handtera. Det var ikkje populært at lokalavisa var kritisk til dei første løysingane. Resultatet vart svært bra, takka vera ein del entusiastar.

 

- Ein lever tett på folk i eit lite lokalsamfunn. Er det folk som ikkje helsar på deg?

 

- Ja, eg har opplevd det, men dei fleste forstår at lokalavisa har sin viktige plass, sjølv om ein ikkje alltid likar det som står i avisa. Me kan ikkje berre skriva om glansbileta. Det har vore mange lange arbeidsdagar. Den lengste arbeidsdagen hadde han under innspurten med ei juleavis tidleg på 1990-talet. Då var redaktøren på jobb frå tidleg tysdag morgon til seint onsdag ettermiddag.

 

- Eg trur eg sov éin time på kontorgolvet. Det greier eg ikkje no. Eg blir lettare sliten, men ved hjelp av trimming og fjellturar greier eg tempoet, fortel han.

 

- Og kva tenkjer den røynde avismannen om framtida for bransjen?

 

- Eg trur at papiravisa vil leva lenge enno for småavisene dersom ein greier å følgja med på nettutviklinga, men me må laga eit produkt lesarane vil ha, seier Ole Skaten. Han er ein ivrig trimmar og friluftsmann, som er ekstra glad i skigåing. Han har gått Kvamskogen rundt og Ørnarrennet på Voss vel 25 gonger. Holmenkollmarsjen og Skarverennet har han òg gått. Som 15-åring vart han Sunnhordlandsmeister på ski. I heimbygda har han mange års verv i Onarheim IL, både som leiar i O- og skigruppa og kring 15 år som formann i idrettslaget. Han hadde ei viktig rolle og var pådrivar for skianlegget i Solheimsdalen. Redaktøren er med andre ord ein aktiv og engasjert kar.