Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Angsten for å hamna i Helvete

Helge Hammersland har skrive bok, som kjem ut i desse dagar, og som i det store og heile handlar om hans eige liv på godt og vondt.

Fakta

Namn: Helge Hammersland
Alder: 63
Yrke: Lærar, assisterande rektor
Bustad: Hystad
Aktuell: Har skrive bok om bakgrunn i fundamentalistisk kristent miljø.

Fem kjappe

- Kva tek du med deg til ei aude øy?
- Arbeidet med boka har gitt meg lyst til å skriva meir, så eg trur eg tek med meg skrivesaker.
- Har du ein uvane du vil bli kvitt?
- Eg tykkjer at eg stundom vert litt for lett provosert av religion.
- Kva mat likar du?
- Eg var veldig kresen før, men no likar eg det meste. And i sursøt saus på kinarestaurant er godt.
- Ei perle i Sunnhordland?
- Turen rundt Ådlandsvatnet og særleg vegen langs Frugardselva og oppe på Vatna.
- Kva gjer du om ti år?
- Eg likar så godt å skriva no, at eg trur eg held fram med det.

«I mørket er alle gudar grå» handlar om ein gut som veks opp i eit strengt og konservativt kristent miljø på Vestlandet. Kvardagen er prega av angsten for å hamna i Helvete og redsla for å synda mot Gud og Bibelen.

 

- Skriv du om deg sjølv?

 

- Ja. Alle dei sentrale og viktige episodane i boka har verkeleg hendt, men det er jo skjønnlitteratur dette, så eg har både lagt til og trekt frå litt, seier Helge Hammersland (63).

 

- Det du beskriv er eit ganske mørkt og undertrykkjande miljø, og til dels valdeleg, med tanke på at det vart brukt fysisk avstraffing?

 

- Ja-a.

 

Han dreg litt på det.

 

- Som du sikkert veit slutta ein ikkje med fysisk avstraffing på dagen, sjølv om det vart forbode i 1951. Eg høyrde også om andre nabogutar som fekk ein klaps i baken. Det var ei ganske systematisk tru på at det var dette som skulle til.

 

- Til og med i skulen, seier eg. Der eg gjekk var det i alle fall ein skulestyrar som ikkje kvidde seg for å slå oss over fingrane med linjalen, lingsa og rista oss når han fann det for godt.

 

- Ja, det hende jo av og til. Eg hugsar ein lærar som gav ein elev ein lusing ein gong, utan at nokon skjønna noko. Eg trur ikkje læraren skjønna det sjølv heller.

 

Sunnhordland møter Helge Hammersland i heimen i Hystadbakkjen ein dag i haustferien. Utanom ferietida er han assisterande rektor på Rommetveit skule, og det har han vore i snart ti år. Heilt frå han kom til Stord og flytta saman med Tove som han vart kjend med på spanskkurs på Universitetet i Bergen. Før han gjorde stordabu av seg, hadde han budd på Sotra heile livet.

Foto: MARIUS KNUTSEN

Den assisterande rektoren er frå Hammersland i Sund kommune.

 

- Sotra sitt svar på Fitjar, spøkjer han og siktar til at Sund deler øya med den større og meir bynære Fjell kommune. Slekta hans på farssida høyrde til i det haugianske miljøet på staden. Sjølv om dei var medlemer i statskyrkja, gjekk dei på møte i heimane hjå kvarandre og praktiserte ei tru som var mykje strengare og mørkare enn den som vart predikert i kyrkja. Gud vakta alle sine steg, Satan var på lur overalt og både Himmel og Helvete var stader ingen trekte i tvil at var reelle. Her var ikkje mange rom for verdslege gleder.

 

- Far min lo og spøkte gjerne, men det var aldri eit smil dersom det vart tala om Gud eller Satan, då var det fullt alvor alltid, seier Hammersland.

 

- Sjølvsagt var det lyse stunder òg. Jula var ei lys tid, då var Satan på ferie. Me fekk lov til å spela fotball og leika med andre ungar, men ikkje visst me skulle på møte, minnest Hammersland. Men om det lyse var der i små gløtt, var det mørket som gjennomsyra kvardag og helg.

 

Foto: MARIUS KNUTSEN

I boka han har skrive fortel han om korleis redsla for å synda gjennomsyrer kvardagen og om at reglane for kva som var syndig var strenge.

 

- Plystring var synd. Det var å påkalla Djevelen. Kortspel var kategorisk forbode, men gnav var lov, svarteper var på kanten. Juletre hadde me, men ikkje fjernsyn. Fjernsyn og kino var synd. Men eg fekk etter kvart lov til å sjå sportssendingar hos dei som hadde fjernsyn.

 

- Men verdsleg musikk då, kunne du høyra på det?

 

- Foreldra mine høyrde på «Gryta hennar mor» med Salhuskvintetten, hugsar eg, så den må ha vore godteken. Ønskekonserten høyrde me også. I heimane der det var møte, hende det at nokon hadde trøorgel, så det var brukt. Men korsong i kyrkja var heilt på grensa, og det mest syndige av alt var feleslåttar. Felespel var heilt bannlyst. Klapping kom ikkje på tale. Å klappa er å hylla mennesket som framfører songen og ta merksemda vekk frå Gud, fortel Hammersland.

 

Sidan faren var glad i salmar og religiøse folketonar tenkte han at Sondre Bratland sine plater ville han setja pris på.

 

- Men då eg høyrde gjennom ei av dei oppdaga eg at han hadde hardingfele med, og då var det heilt uaktuelt. Hardingfela er djevelen sitt instrument, fortel Helge Hammersland som seinare i livet sjølv vart dansemusikar som gitarist og songar i det kjende sotrabandet Aristocats, og som framleis spelar dansemusikk som bassist saman med ein gjeng toradarspelarar på Stord.

Lik hovudpersonen, Svein, i «I mørket er alle gudar grå» braut Helge Hammersland etter kvart med det haugianske miljøet og med gudstrua.

 

- Kva tid var det at du tok oppgjer med dette miljøet du voks opp i?

 

- Litt av problemet, som eg skriv om, er vel at eg aldri tok eit skikkeleg oppgjer. Eg slo ikkje boka i bordet til foreldra mine at dette får de ha for dykk sjølv. Det var jo veldig synd, men så plutseleg ei stund etter me vart konfirmerte, så gav dei slepp på det strenge. Me fekk lov til å gå på dans, dei velsigna det ikkje, men dei sa at me var så gamle at me fekk bestemma sjølv. Så det låg ikkje an til stor konfrontasjon i ungdommen. Men for meg kom det til ei krise, som ikkje ville gå over. Og skrivinga byrja eigentleg som terapi, før ho byrja leva sitt eige liv.

 

- Denne krisa, du nemner, er det angst du då snakkar om?

 

- Ja, du kan vel seia det. Det alvoret som ligg i taktikken til slike fundamentale samfunn er at det er viktig å skremma ungane tidleg, for då vil dei på eitt eller anna tidspunkt venda tilbake igjen. Dei aksepterer at du har eit litt utsvevande ungdomslivet, men dei veit at du vil venda tilbake til dei. Og i studietida vart dette vanskeleg for meg. Det var eit anten eller. Anten blir eg som dei, eller så vert eg gal. Så fann eg den tredje utvegen, eg måtte lesa meg til eit svar.

 

- Kor fann du desse svara?

 

- Eg kjende jo til vitskapen sitt syn på korleis verda var blitt til, men eg trudde sjølv fullt og fast på at den haugianske rørsla visste nok best. Djevelen og Helvete var ikkje tru, det var sanning. Så eg byrja gå til kjeldene. Eg måtte de for å finna ut om verda utanfor. Og det vil eg påstå var redninga mi.

 

- Altså vitskapen?

 

- Ja, etter kvart måtte rasjonalitet og fornuft overta. Eg såg ingen logisk grunn til å tru på det eg hadde vakse opp med.

 

- Så då forsvann over tid heile di gudstru?

 

- I alle fall den trua eg voks opp med. Eg må jo også seia at denne barnetrua nokon seier dei har, lurer eg på kva er for noko, og eg slit med å finna den. Eg har heller ikkje noko behov for å komma til Himmelen. Eg har behov for ikkje å komma til Helvete.

 

- Har du gått gjennom eit Helvete på jord då?

 

- Ja, i ein forstand, i denne perioden. I barndommen var det masse lyse ting, fekk vera med kompisar og spela fotball og slikt, men i ungdommen, i studietida, då toppa det seg og då var det ein periode som var eit helvete. Det var ein heilt konkret angst for å hamna i Helvete.

 

- Du hadde ein angst for at du no kom å hamna direkte i fortapinga?

 

- Ja, og den angsten var der heile vegen, slik eg prøver å beskriva i boka. Sjølvtilliten og trua på at ein var god nok var veldig låg. Dette låg noko også hos mine foreldre. Dei levde så strengt for å unngå å enda i Helvete. Dei gav aldri uttrykk for at dei visste at dei var frelst. Dei visste ikkje at dei ville komma til Himmelen, i motsetnad til desse eg høyrer seia at dei er så lukkeleg for at dei er frelste. Det var ingen ting slikt. Eg trudde ikkje eg var frelst, for det hadde eg ikkje svaret på. Det kunne eg ikkje vita.

 

- Men no har du kasta dette åket av deg, biletleg tala?

 

- Rasjonelt sett, så har eg nok det. Og ein viktig grunn til at det blei bok, vil eg tenkja å tru, er at når dette er planta så djupt frå barnsbein av, så sit det nok meir i kropp og sinn enn eg likar å tru. Det er klart det pregar både gårsdagen og dagen, men i periodar ingenting.

 

- Men det ligg der framleis og lurer?

 

- Ja, det ligg der.

 

- Angsten for Helvete?

 

- Ja, eit eller anna som er vanskeleg å få vekk kjenslemessig, seier Helge Hammersland.