Gå til artikkelen
Harald Rydland (t.v.), Olav J. Oma og Trygve Eiken var før jul klare med jubileumsboka om Fitjar kyrkje. No får dei støtte av kommunen.
Foto: ANDERS TOTLAND

Blar opp for kyrkja

Fitjar kommune støttar 150-årsjubileet til Fitjar kyrkje med 50.000 kroner.

Publisert 09.01.2017 kl. 22.00.

 I samband med at Fitjar kyrkje fyller 150 år i 2017, har kyrkja søkt om eit tilskot på 100.000 kroner frå kommunen. Pengane vil dei mellom anna bruka til å dekka deler av utgiftene med jubileumsboka, som kom ut før jul. Det er også lagt opp til ei rekke arrangement i løpet av året, som vil tæra på pengesekken til kyrkja.

 

- For at ikkje kyrkja skal lata tappa av disposisjonsfondet for å feira jubileet, ville det vore kjærkomme om kommunen kunne løyva ein sum, skriv kyrkjeverje Harald Rydland i søknaden.

 

Rådmannen si vurdering var at kyrkjejubileet vil vera positivt for heile Fitjar, men at den tronge økonomien til kommunen likevel set grenser for kor rause ein kan vera.

 

- Rådmannen vil visa til at ei god markering av kyrkja sitt jubileum vil bidra til ei god marknadsføring av kommunen, ut over eit normalår. Eg vil rå til at det blir løyvd ein sum til føremålet, men at summen skal fastsetjast av formannskapet, skriv rådmannen.

 

Då saka var til handsaming i formannskapet, fremja Sigurd Andre Maraas (Frp) forslag om å la kyrkja få alt dei ber om, og setja av 100.000 kroner til føremålet. Agnar Aarskog (Ap) foreslo å halvera summen. Aarskog sitt forslag blei vedteke med tre mot to røyster, og Fitjar kommune løyver dermed 50.000 kroner til jubileet.