Gå til artikkelen

Byråkrat og bondekone

Lovise Vestbøstad (46) er tilsett som ny kommunalsjef i Stord kommune. Ho skal ha ansvar for alle dei tekniske fagområda og halda styr på eit stort område som tidlegare var dominert av menn.

Fakta

Namn: Lovise Vestbøstad
Alder: 46
Yrke: Kommunalsjef i Stord kommune, utdanna samfunnsgeograf
Bustad: Vestbøstad i Fitjar
Sivilstand: Gift og mor til fire born
Aktuell: Ny jobb frå 1. september

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
- Eit telt. Eg er livredd slangar.
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
- Det må du spørja andre om. Eg kjem ikkje på nokon.
Kva mat likar du best?
- Komle og om hausten kjøtsuppe med klympe. Det laga alltid mor. Klympe er små ballar av potet, egg, mjøl, sukker og kardemomme som kokar saman med suppa.
Ei perle i Sunnhordland?
- Det må bli Fitjarøyane.
Kva gjer du om ti år?
- Det veit eg faktisk ikkje. Eg håpar at eg jobbar i det kommunale byråkratiet.

- Du tok jobben framfor menn som ...

 

- Eg tok ikkje jobben, eg fekk han!

 

- Orsak, det var dumt formulert, men mellom dei andre søkjarane var profilerte menn som tidlegare tysnesrådmann Roy Sverre Amundsen og Akhtar Chaudhry, tidlegare visepresident på Stortinget.

 

- I Sunnhordland skreiv de at eg danka ut Amundsen. Det er ei formulering eg ikkje likar. Eg har ikkje danka ut nokon. Eg har søkt på ei stilling, eg meiner eg er kvalifisert for, og nokon har tilsett meg. Det har ikkje vore nokon slåstkamp. No skal eg samarbeida med tett Roy Sverre Amundsen framover og slett ikkje slåst, han er einingsleiar for kommunalteknikk, som ligg under mitt ansvarsområde som kommunalsjef, seier Lovise Vestbøstad då me møter henne eit par dagar før ho formelt har fått tittelen Kommunalsjef med ansvar for dei tekniske tenestene kommunalteknikk, eigedom, brannvesen, hamnestell, regulering, byggjesak og oppmåling.

 

Til no har ho vore einingsleiar for regulering, byggjesak og oppmåling (RBO).

 

- Eg er så heldig at eg har eit fantastisk spennande arbeid å gå til. Eg gler meg nesten kvar morgon til å gå å jobb, seier 46-åringen.

 

- Gler deg? Heilt ærleg, byggjesak og oppmåling - det høyrest då drepande kjedeleg ut?

 

- Det er jo frykteleg kjekt å seia ja til folk.

 
- Men de seier ikkje ja til folk, de seier nei....?

 

- Dei fleste som søkjer om noko får ja til svar. Men dei høyrer du ikkje om. Gå inn og sjå på delegasjonslistene til forvaltningsstyret. Der er det ja, ja, ja, ja, ja, ja. Berre nokre få får avslag, og det er dei du høyrer om, for dei blir politiske saker. Men dei fleste får ja, og når me har saker som er utfordrande, så prøver me å finna løysingar slik at me kan svara ja. Er ikkje det fantastisk?

- Eg er sikker på at det sit folk og les dette ikkje kjenner det slik. Eg trur fleire har opplevd at å møta det kommunale byggjesaksbyråkratiet er som å snakka til ein vegg.

 

- Ja, og det snakkar me mykje om, korleis skal me møta folk. Men sjå her, seier ho og går til hylla og hentar den tjukke, raude lovboka: Her har me alle dei lovane og reglane som me må kunna og ta omsyn til. No har me fått eit nytt system, som dei kallar forenkling av byråkratiet, men det betyr at meinigmann skal kunna meir og meir av dette her. Du skal kunna gjennomføra fleire og fleire tiltak utan å søkja om det, under føresetnaden om at det er i tråd med lovar og reglar. Det må du passa på sjølv, du må sjølv kunna lovane og reglane. Dette skal me passa på. Me skal sjå til at det er gjort i tråd med lovverket, men me ønskjer jo at du skal få lov til å gjera det du ønskjer. Det er vanskeleg og eg veit at me vert oppfatta som regelryttarar, ja, men det er jobben vår. Men det er ikkje me som lagar desse reglane. Det er det politikarane som gjer, svarar Lovise Vestbøstad engasjert med ei talemål som ber preg av lang butid i Fitjar, men opphav lenger sør i landet.

 

Ho kjem frå Bjerkreim langt sør i Rogaland og med Egersund som næraste by, men har budd her på våre kantar i snart 20 år. Først eitt år på Nilsahaugen i Sagvåg og frå 1998 i Fitjar i bygda som gav henne ektemannen Lars og nytt etternamn. Jentenamnet var Fossdal. Ho voks opp i ein kristen lærarheim og bedehusmiljø i ei typisk landbruksbygd, men søkte seg vekk då ho skulle gå på gymnaset. Ikkje frå religionen, men frå heimbygda. Ho reiste til Kviteseid og flytta inn på internatet til misjonssambandet sin vidaregåande skule der, Kvitsund gymnas.

 

- Søster mi gjekk der før meg. Eg hadde besøkt henne fleire gongar og likt meg svært godt. Difor søkte eg meg dit. Eg hadde lyst til å treffa nye folk og nye venner, fortel ho. Ein av dei ho trefte der var Lars frå garden Vestbø på Vestbøstad. Dei likte kvarandre godt, så godt at dei etter at eksamen artium var avlagt, reiste dei saman til Oslo for å gå på Fjellhaug bibelskule og nokre år seinare vestover til hans heimstad. Der bur dei enno, har fått fire born, har overteke garden, avvikla mjølkeproduksjonen og satsar no på villsauer som greier seg sjølv for det meste.

Tilbake til bibelskulen. Kva driv ein med på den skulen utan å lesa i Bibelen?

 

- For meg var det som eit folkehøgskuleår. Eg ville gjera noko anna. Bibelskulen kan samanliknast med ein folkehøgskule. Andre stader er idrett, friluftsliv eller musikk det viktigaste faget, på bibelskulen er det bibelen og bibelhistoria som har hovudmerksemda. Men eg fekk også dyrka hobbyen min der, eg fekk driva med song og musikk, fortel ho. Musikken har ho teke med seg til Fitjar òg, og Bibelen, Saman med Ingvild Brekke Myhre fekk ho i 2008 såleis frivilligprisen til Sunnhordland prosti for arbeidet med Fitjar barnegospel, eit kor som på det meste hadde 70 songarar.

 

Å arbeida i den frivillige sektoren er viktig både for ein sjølv og for lokalsamfunnet, meiner ho. Små kommunar er avhengige av eit oppegåande og aktivt frivillig lagsliv for at innbyggjarane skal ha det godt, og innbyggjarane vert kjende med kvarandre gjennom samarbeidet. Det er integrering i praksis.

 

- Korleis skal ein elles bli integrert i ei samfunn om ein ikkje går ut og deltek i samfunnet, seier ho.

 

For tida er firebarnsmora oppteken av både korpsmusikk og idrett som borna deltek i, og fortel at ho førre helg hadde ei fantastisk oppleving på øya Fodno.

 

- Skulekorpset hadde øvingshelg der i helga. Søndag var det friluftsgudsteneste i samarbeid med søndagsskulen og Fitjar Sogelag. 200 menneske var samla til gudsteneste. Det var utruleg fint, seier ho.

 

Så kan ein lura då på korleis éi som er så oppteken av musikk og lagsliv enda opp som i praksis den første tekniske sjefen i Stord kommune, eller som byråkrat innanfor dette feltet i det heile.

 

- Eg gjekk på realfaglina på gymnaset, og hadde eigentleg tenkt å bli siviløkonom. Men då eg stod med brevet frå handelshøgskulen i hendene og hadde komme inn, spurde eg meg sjølv, er det dette eg verkeleg vil? Det var det ikkje. Eg byrja på Universitetet i Oslo i staden og tok først matematikk. Eg elskar matematikk. Matematikk er vakkert. Så studerte eg tysk eitt år, og hadde eigentleg lurt på å bli lærar. Så leste eg gjennom studiekatalogen og stoppa opp ved faget samfunnsgeografi. Det hadde eg aldri høyrt om før. Det var det ikkje mange andre heller som hadde gjort. Eg tykte det såg spennande ut og bestemte meg for å studera det.

 

Samfunnsgeograf vart ho med hovudfagsoppgåve (dette var før mastergraden vart innført) om dei samfunnsmessige og økonomiske konsekvensane av Trekantsambandet. Sjølv om ein samfunnsgeograf sitt fagfelt femner vidt, frå økonomi til økologi, frå industri til tilhøvet mellom mennesket og omgjevnadene, viste det seg ikkje heilt enkelt å finna ein jobb då ho og mannen flytta hit. Han er sivilingeniør og fekk jobb hos Wärtsilä.

 

- Eg måtte gå frå dør til dør og banka på og spørja om dei hadde ein jobb til meg. Til slutt banka eg på døra til Knut Vikestrand og Plan Vest AS og der vart eg teken imot med opne armar, fortel ho.

 

Sidan fekk ho jobb som avdelingsleiar for plan og utvikling i Fitjar, før ferda gjekk vidare til Akvator og så til Stord kommune der ho i to år har vore einingsleiar for RBO. Og no har ho altså teke eit steg opp og blitt kommunalsjef og ein del av den øvste leiargruppa i Stord kommune.

 

- Noko eg stundom lurer på er kvifor folk søkjer leiarstillingar, slik som du gjer, er det fordi du likar å vera sjef?

 

- Då eg fekk denne stillinga var det nokon som sa til meg at no hadde eg teke eit nytt steg på karrierestigen. Eg tenkjer ikkje slik. Eg ser ikkje på meg sjølv som karrieremenneske eller som veldig sjefete. Eg tykte dette såg ut som ein veldig spennande og utfordrande jobb innanfor eit fagområde eg er oppteken av. Difor søkte eg, det er ikkje desse karrieretrinna som triggar meg. Eg likar jobben min og eg likar å jobba innanfor den kommunale forvaltninga.

 

- Du er kommunalsjef med stort ansvar og mykje jobb, du er aktiv innan kyrkje og lagsliv, du er firebarnsborn og bondekone og sikkert meir til. Får du nokon gong tid til å leggja beina på bordet?

 

- Må eg det? Treng eg leggja beina på bordet?

 

- Gjer du aldri det?

 

- Nei.

 

- Ser du ikkje fjernsyn heller?

 

- Nei. Det einaste programmet eg ser er «71 grader nord», når eg har høve til det.

 

- Naturleg nok, det ligg jo innanfor fagfeltet ditt. Slappar du aldri av?

 

- Jo, eg slappar av når eg går turar i Midtfjellet eller padlar kajakk. Då finn eg fred og ro og tenkjer ikkje på anna enn det eg ser og høyrer rundt meg, seier Lovise Vestbøstad, som førebels er tilsett som kommunalsjef i eit vikariat på halvanna år.