Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Bytte kunstnar­draumen med barnevern

Gro Valvatne har selt Jentespranget og håpar på tid til å strikka og skapa kunst og å sitja stille og nyta utsikta sørover Stokksundet.

Fakta

Namn: Gro Valvatne
Alder: 63
Yrke: Barnevernspedagog, dagleg leiar for Jentespranget
Bustad: Stokken
Sivil status: Gift med Oddmund Strømme, tre døtrer, eitt barnebarn
Aktuell: Har selt Jentespranget til Aberia Healthcare AS

Fem kjappe

Kva tek du med til ei aude øy?
- Ein strikkemaskin.
 
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
- Eg burde vel ha slutta å røykja.
 
Kva er favorittretten din?
- Har eg nokon favoritt då? Me et mykje middag ute, Oddmund og eg. Vert lite tid til matlaging.
 
Har du ei perle i Sunnhordland?
- Det må vera Stokken og utsikta sørover mot bruene.
 
Kva gjer du om ti år?
- Strikkar, syr og lærer meg nye teknikkar.

Då Gro Valvatne starta opp med Jentespranget hadde ho jobba i 15 år med barnevern for fylkeskommunen på Knutsatunet, i tre år som nestleiar, resten som leiar.

 

- Då hadde eg ei blanda gruppe med både gutar og jenter. Eg såg at det var vanskeleg for jentene å komma i posisjon, for dei i denne gruppa opprettheldt eit mønster som ikkje var ønskjeleg. Jentene skulle alltid vera sminka og pene og ta seg ut for gutane. Eg prøvde å få fylkeskommunen til å tenna på ideen om å ha eit reint jentetilbod vil gavna jentene veldig, og me ville kunna gje dei betre behandling. Det var dei ikkje interessert i, fortel Valvatne.

 

Ho hadde frå før røynsle med å jobba med berre gutar og hadde jobba både på spesialskular for gutar både på Stord og i Borre i Vestfold.

 

- Eg har ein barnevernskarriere som strekkjer seg over 40 år, og eg har sett og opplevd det meste, for å seia det slik. Eg såg at det var få reine jentetiltak på landsplan, og tanken om å skapa eit slikt vaks fram. Eg byrja å undersøkja og planleggja, og bestemte meg for å greia å få det til før eg fylte 50.

- Var det kontroversielt dette å starta opp eit reint jentetilbod?

 

- Ja, det var det. Det har vel alltid vore slik i barnevernssamanheng at ein har trudd at desse jentene ville ha ein god innverknad. Men diverre så fungerte det ikkje heilt slik. Så eg meiner at om gutane skulle fått eit godt opplegg, burde dei hatt reine guteplassar òg, slik at dei fekk lov til å vera dei gutane dei ville.

 

Då ikkje fylkeskommunen ville vera med på hennar opplegg, bestemte ho seg for å starta opp for seg sjølv. Forretningsdrift hadde ho ikkje vidare kunnskap om, så ho melde seg på etablerarkurs hos Inger Karin Nerheim.

 

- Det var veldig nyttig i denne samanhengen. Då eg gjekk på etablerarskulen skulle du laga deg store visjonar om kva denne nyetableringa di skulle bli. Min visjon var at Jentespranget innan 20 år skulle vera landskjent.

 

- Og det har du greidd?

 

- Innan ti år hadde me plasseringar frå Tromsø i nord og til Kristiansand i sør. Me har avtale med Oslo kommune. Me har jenter buande hos oss frå heile landet, og har samarbeidd med dei fleste regionar i Norge.

Foto: MARIUS KNUTSEN

Storparten av tida har Jentespranget halde til på Vatna.

 

- Påsken 2001, då hadde eg ikkje starta firma enno, kjøpte eg eigedommen på Vatna. Husa var heilt til nedfalls. Eg trengde pengar for å greia det, og spurde dei som eg jobba med på Knutsatunet om det var nokon som ville vera med. Jorunn Hauan sa at du kan få låna pengar hos meg. Nei, sa eg, men vil du investera kan du kan få førti prosent av selskapet og eg seksti. Og slik vart det. Ho har jobba der heile tida, og heile familien hennar har vore med og stått på for at dette skal gå. Det same har min eigen min familie. Det har vore mykje dugnadsarbeid for å få dette til, seier Gro Valvatne.

 

- Dei første åra jobba eg ekstremt mykje. Eg hadde tenåringar heime sjølv, men måtte forlata heimen og jobba turnus, var dagleg leiar og gjorde alle oppgåver. Alle venner og andre aktivitetar forsvann undervegs, for eg hadde ikkje tid til anna enn å jobba. Det var jo mitt val, men det var òg eit val for familien. Hadde eg ikkje hatt ein mann som har vore fantastisk støttande og teke seg av heimen, hadde dette aldri gått, seier Gro Valvatne som er gift med Oddmund Strømme, lektor på Stord vidaregåande skule.

 

På Jentespranget tek dei imot jenter frå 13 til 18 år, men kan ha dei der til dei er 23, om det er trong for ettervern. Jentene går på skule og har rettar og plikter som andre born. Dei kjem frå ulike bakgrunnar og slit med ulike problem, men treng alle å komma seg vekk frå familien sin. Institusjonen har godkjent 14 plassar, og har no sju jenter buande hos seg.

Foto: MARIUS KNUTSEN

Behovet for slike tilbod som Jentespranget seier ho er aukande.

 

- Det er grådig tøft å vera ung i dag. Det kjem jenter inn til oss som stiller enorme krav til seg sjølv. Det medfører gjerne anoreksi og bulemi, eller sjølvskading, og dette er såkalla velfungerande jenter, seier Valvatne og meiner at sosiale media må ta skulda for mykje av dette.

 

- Me har utvikla vår eigen nisje der me jobbar med psykiatri, og samarbeider tett med BUP-systemet. Diverre ser me at mange slit med traume, og me har mange jenter i vårt system som kjem frå andre kulturar, både i første og andre generasjon. Dei har med seg bagasje som kan gje seg utslag på ulikt vis.

 

Ein må kunna seia at Gro Valvatne har oppfylt visjonen sin for verksemda ho starta for 15 år sidan. No er ho fylt 63 år, leiar ein bedrift med mange tilsette, 27 årsverk i alt, og etter årevis med lange arbeidsdagar og lite fri, bestemte ho seg for å selja. Kjøpar er Aberia Healthcare AS, eit selskap som er eigd av Adolfsen-brørne som også kontrollerer hotellkjeda Norlandia, asylmottak-kjeda Hero og barnehage-kjeda Kidsa, mellom mykje anna. Gro Valvatne seier at Jentespranget likevel skal halda fram under eige namn og driva som før.

 

- Men det kjem til å bli satsa på utvida drifta, med fleire hus og tilbod og fleire arbeidsplassar, seier Valvatne, som held fram som lokal leiar i ein overgangsperiode.

Adolfsen-gruppa er i mange samanhengar blitt trekte fram som eit kroneksempel på det som vert kalla «velferdsprofitørar», folk som tener store pengar på private velferdstilbod. Ho ser ikkje på seg sjølv som ein av velferdsprofitørane.

 

- Faget har vore drivkrafta mi, ikkje pengane, seier ho.

 

Noko overskot av drifta har eigarane heller ikkje henta ut. Årsaka til at ho no sel seg ut, er ein del av utviklinga frå mange små til få større selskap som driv med barnevern. Då ho starta opp var det 55 ulike aktørar i denne marknaden, no er det fem store aktørar og nokre få små aktørar att. Konkurransen er beinhard og vanskeleg for ein liten privat institusjon å vinna fram i.

 

Gro Valvatne voks opp i Knarvik i Lindås med foreldre frå Stord. På eine sida er ho Valvatne, på andre er ho Ottesen. Besteforeldra budde her og i kvar ferie var ho på Stord. I 1975 vart faren tilsett som rektor på Stord yrkesskule og var med å byggja opp denne og familien på seks flytta til Stord.

 

- Eg har alltid kjent meg som stordabu, men tidlegare snakka eg vel meir ein slags bergensdialekt. Eg har lagt av meg den no, seier ho.

 

Eigentleg hadde ho heilt andre planar for livet sitt. Ho hadde tenkt å bli tekstilkunstnar og søkte to gongar på kunsthøgskulen i Århus, og kom inn begge gonger. Det var då ho byrja jobba på spesialskulen for gutar i Borre at interessa hennar for barnevern vakna. I staden for å reisa til Danmark for å bli kunstnar, reiste ho til Stavanger, tok sosialhøgskulen og vart barnevernspedagog.

 

Interessa for handarbeid, tekstilar og kunst har vore nedprioritert i mange år, men har ikkje slokna heilt.

 

- Eg har tre strikkemaskinar og har gått på fleire sommarkurs på Rauland, fortel Gro Valvatne, som bur i sjøkanten i Stokken og har kjøpt feriehusvære på kaien i Koløyhomen, 15 minutt heimanfrå.

 

Ein treng ikkje reisa så langt for å komma seg vekk frå kvardagen. Til no har det vore vanskeleg å skilja arbeid og fritid frå kvarandre. No ser ho fram til å nyta sjøutsikta begge stader, strikka, måla og teikna og kan henda henda fram att noko av det politiske engasjementet og gløden frå ungdomstida.

 

- Eg var veldig engasjert tidlegare. Den sida av meg måtte eg leggja vekk, men hjarta mitt er på venstresida, der det alltid har vore, seier Gro Valvatne.