Gå til artikkelen
Fitjarfestivalen-sjef Hrafn Thorsteinsson som kom til Norge frå Island i 1983.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Den islandske Fitjar-patrioten

Familien hans flytta frå Island til Fitjar då han var 14 år.
- Eg føler meg nesten meir norsk enn islandsk, seier Hrafn Thorsteinsson.

Fakta

Namn: Hrafn Thorsteinsson
Alder: 46
Bustad: Vestbøstad på Fitjar
Utdanning: Diplomøkonom BI
Sivilstand: Singel, to born.
Aktuell: Styreleiar i Fitjarfestivalen, som har offisiell opning i dag.

 

 

Ein skulle trudd han hadde budd på Vestlandet heile livet. Hrafn Thorsteinsson snakkar ekta fitjarmål, og fyller rommet med norske ord og uttrykk.

 

- Eg er nok mest islandsk sånn patriotisk, men mest norsk i tankesettet, seier islendingen.

 

I dag jobbar han i DNB på Heiane, i tillegg til å ha vore med og planlagt Fitjarfestivalen som hadde offisiell opning i dag.

 

HAN VAKS OPP i den litle bygda Hvammstangi, nordvest på Island, som har knappe 600 innbyggjarar.

 

- Der budde me i ein leilegheit på det lokale sjukehuset som mor mi jobba på, så då vart «gamlingane» vennene mine. Eg hugsa at eg og vennene mine henta rullestolar i kjellaren og hadde kappløp i gangane, fortel Thorsteinsson med eit smil.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
Ungane mine
Favorittmat?
Biff av islandsk føll
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
Må vere snusinga det
Perle i Sunnhordland?
Det må vera Fitjarøyane. Der padlar eg kajakk
Kva gjer du om ti år?
Då bur eg framleis på Fitjar, og så håpar eg at eg jobbmessig driv på med det same som no

AT FAMILIEN nokre år seinare flytta til Fitjar er ikkje heilt tilfeldig. Mor til Thorsteinsson gjekk på husmorskulen på Fitjar då ho var ung. Ho fortsette å halda kontakten med ei venninne frå Fitjar via brev. I eit brev skreiv mora at dei snakka om å flytta til Norge for eit år eller to. Og plutseleg ein dag skreiv venninna frå Fitjar at skulen der var klar for å ta imot borna, og at ho hadde fiksa jobb til både mora og stefaren.

 

- Då var det ingenting som stoppa oss, fortel Thorsteinsson som vert kalla «Rappi».

 

«RAPPI» OG FAMILIEN vart buande på Fitjar i mange år. Då han vart ferdig på Handelskulen på Stord, tok han ein bachelorgrad ved BI i Haugesund. Etter det har han gjort mykje forskjellig.

 

- Eg har trivst i alle jobbane eg har hatt. Der har eg vore heldig. Men det har vore vanskeleg å gå frå ein jobb når eg har trivst så godt, fortel islendingen.

 

Han bygde opp ein arbeidsplass saman med Per Bergesen, byrja etter det i jobb hos Fitjar meieri, var så innom KPMG og litt andre ting før han i 2007 byrja i DNB. Når han ikkje jobbar er han på besøk heime på Island dersom han kan.

 

- Eg reiser på ferie minst ein gong i året til Island, seier han og legg til at storebroren og storesøstera hans eig ein leilegheit i heimbygda deira.

FITJAR BETYR MYKJE for «Rappi».

 

- Eg har alltid hatt det veldig fint her, fortel islendingen.

 

Han har ofte vore med på Fitjarfestivalen, og han har også alltid hatt meiningar om ulike ting.

 

- Eg og kompisane har diskutert at «sånn og sånn» burde dei gjera på festivalen, fortel «Rappi» som er nyvald styreleiar i årets festival.

 

Han fortel at han har gledd seg veldig lenge til denne helga, og håpar at mange tek turen.

 

- Eg og Geirmund Aga har prøvd å marknadsføra mest mogeleg. Me hengde opp mange plakatar i førre veke, fortel han. Fitjar vil alltid ha ein plass i hjarte hans, legg han til.

 

- Og så er Fitjar ein grei kommune å ha ungar i. Mykje skjer for dei om dei vil, seier han.

BORNA HANS er ivrige fotballspelarar. Rebekka Hrafnsndottir Tverborgvik (14) spelar på Fitjar jente 14, som vann serien i fjor, og Sander Hrafnsson Tverborgvik (18) spelar på juniorlaget og A-laget til Fitjar.

 

- Eg veit ikkje kor dei har det frå. Eg er ikkje noko fotballmann, seier «Rappi».

 

Men EM har islendingen sjølvsagt følgd med på. Han såg England mot Island i København på «islendingebrygga», men hadde prøvd å få tak i billettar til kampen i Nice utan hell.

 

- Sonen min sa at dersom Island vann EM skulle han bli islandsk statsborgar, seier «Rappi» med eit smil.

 

MEN DENNE HELGA er det altså Fitjarfestivalen han konsentrerer seg om.

 

- Det var veldig kjekt då dei spurte meg om eg ville vera med, seier han.

 

Han har innført nokre nye aktivitetar for årets festival.

 

- Me skal ha såpefotball. Då legg me ut ein stor presenning over ein fotballbane, og heller såpe og vatn over. Det trur eg blir gøy, seier «Rappi».

 

Også det sponsa foredraget, som var på onsdag, var nytt av året.

 

- Eg ville gje sponsorane noko meir enn berre ein logo.

 

- Og så spørst det om me ikkje skal leggja inn eit viking-klapp under festivalen, seier han og ler.

 

DET HAN HADDE gledd seg mest til i år dersom han var gjest, er kvelden i dag.

 

- Bastard blir veldig kjekt. Eg er nøgd med årets program, seier han.

 

Vidare fortel han at planlegginga har gått fint, men at det var litt meir jobb enn forventa. Då kom islendingen i han fram.

 

- Møter me islendingar på utfordringar så tenkjer me at ting ordnar seg. Det er framleis mitt motto, seier han med eit smil.