Gå til artikkelen
Den sterke pålandsvinden som er venta torsdag formiddag kan føra med seg åtte meter høge bølgjer.
Arkivfoto
Dette skjer berre kvart tjuande år:

Sjå opp for «Vidar»

Eit ekstremvêr kan føra til problem i Sunnhordland.

Publisert 11.01.2017 kl. 11.40. Oppdatert kl. 13.32.

I formiddag kom det obs-varsel for Vestlandet sør for Stad. Ekstremvêret «Vidar» vil gje ekstremt høg vasstand ved flo om formiddagen torsdag. Vasstanden er venta å vera 70-85 centimeter over verdiane som er oppgjeve i vasstand-tabellen, melder Meteorologisk institutt.

 

- Så høg vasstand som dette opplever me berre kvart 20. år, så det er klart at dette er sjeldan, seier vakthavande meteorolog Anne Mette Olsen hos Vêrvarslinga på Vestlandet til Sunnhordland.

 

Den høge vasstanden skjer altså mellom klokka 09.00 og 11.00 torsdag formiddag. Olsen ber folk om å ta forholdsreglar.

 

- Det er framleis god tid til å sikra naust mot å ta inn vatn. Folk som har båtar på land må sjå til at båtane ligg høgt nok oppe slik at dei ikkje blir skylt på havet. I tillegg bør ein sjekka kjellarar, fortel ho.

 

Det er også venta ein god del vind torsdag. I Rogland er det meldt liten storm, og i vårt område blir det sterk kuling frå vest, ifølgje Olsen. Dette fører til store bølgjer, opp mot åtte meter høge. Pålandsvinden blir sterk og gjer at det kan bli heftig langs kystlinja.

 

Les også: Ventar enorme vassmengde i Sunnhordland

 

Olsen melder om ein god del regn og hagl. Det kan også bli torevêr.

 

- Det blir i tillegg mykje vind i fjellet, særleg Langfjella i sør, seier ho.

 

Vinden vil minka torsdag kveld.