Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

DNS sin nye lyskastar

Jane Jünger (45) har alltid elska historier - så høgt at bussen stundom gjekk frå henne. Frå nyttår skal ho løfta DNS sine teaterscenar fram i lyset.

Fakta

Namn: Jane Cathrine Særsten Jünger
Alder: 45
Yrke: Dagleg leiar på Sunnhordland museum
Bustad: Rommetveit, Stord
Sivilstand: Gift med Trond Egil Arnesen. Mamma til: Albert (16), Håkon (14) og Olene (8).
Aktuell: Ny marknads- og kommunikasjonssjef på Den Nationale Scene i Bergen.

- I bilen min har eg det meste. Lydbøker, høghæla sko og ein rosa blazer, kvitrar Jane Jünger humørfylt, då me haikar med henne til Leirvik, etter å ha gjort ferdig fotosession i ein undergang på Vabakkjen.

 

- Lydbøker, ja. Høghæla sko, ja. Men rosa blazer? undrar me.

 

- Ja, den er mannen min (Trond Egil Arnesen, journ.mrk) sin. Han fekk han til jul, og plar bruka han i lystig lag. I dag har han vore brukt på ein Falturiltu-pressekonferanse, forklarar Jünger.

 

For å vera heilt presis så heiter fredagsgjesten Jane Cathrine Særsten Jünger. Særsten etter si Statoil-mamma, frå Halsnøy, som bur i Stavanger, og Jünger etter sin lærarpappa, frå Stavanger, som bur på Stord.

 

- Eg brukar aldri Cathrine. Berre Jane, seier ho.

 

- Aldri begge?

 

- Nei. Det må berre ha vore foreldra mine, då dei var sinte på meg i barndommen. Då kunne dei kanskje seia «Jane Cathrine!!!», eller noko sånt, seier Jünger, og brukar kvass stemme for å illustrera det heile.

Fem kjappe

Kva tek du med deg på ei aude øy?
Familien min.

Har du ein uvane du vil bli kvitt?
Eg køyrer nok litt for fort, eg jobbar med å trø meir varsamt på gassen.

Kva er favorittmaten din?
Indisk - laga av bestekokkane på Tyso.

Har du ei perle i Sunnhordland?
For meg er Halsnøy Kloster perla i Sunnhordland.

Kva gjer du om ti år?
Då reiser eg på Interrail med Lygro (venninna Marie Lygre, journ.mrk) og resten av PMSen. Har ein draum om å få oppleva Interrail i løpet av livet, pengane rakk berre til Scanrail på 1990-talet.

Denne veka vart 45-åringen med rogalandsdialekten lansert som den nye marknads- og kommunikasjonssjefen på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Når ho startar i jobben like over nyttår kjem ho direkte frå ni år som dagleg leiar ved Sunnhordland Museum. Ho går dermed direkte frå gubbestrid til divastrid, vil kanskje enkelte hevda. På museet har ho hatt ei stri tørn med veteranane som utgjer dugnadsgjengen på Stord Maritime Museum.

 

DNS på si side har i fleire år slite med turbulens og arbeidskonfliktar. Tidlegare kommunikasjonssjef, Finn Bjørn Tønder, sa opp stillinga si i oktober i fjor, etter påstandar om at direktør Bente Hartvedt Ringstad sin leiarstil var «diktatorisk», og basert på «fryktkultur og baksnakking».

 

Jünger tek det heile med knusande ro.

 

- Eg har fått eit positivt inntrykk av leiinga på DNS, og dei har min fulle tillit. Eg har ikkje grunnlag til å uttala meg om den prosessen teateret har vore gjennom. Det viktige er uansett å sjå framover.

 

- Du er ikkje særleg lettskremt du?

 

- Tja, eg er kanskje litt tøff og litt redd på same tid.

 

- Kva blir din viktigaste jobb på DNS?

 

- Det viktige for meg blir å opna dørene til teateret, gjera terskelen låg og la folk få kjenna at det er deira teater. Rett og slett kasta lys over det som skjer. Det er ikkje sånn lenger at du treng ta på deg finstasen for å gå på teateret. Du kan koma som du er. Samstundes så blir det viktig for meg å selja inn alt det fantastiske som skjer på DNS, og prøva å fylla salane.

 

- DNS har røter tilbake til 1850, og har halde til i noverande bygning i Engen 1 sidan 1909. Litt skummelt?

 

- Mest av alt så gler eg meg. Men eg er også veldig spent. Eg ser veldig fram til å bli kjent med huset og alle dei fantastiske folka som jobbar der.

 

Mannen til Jünger, høgskulelektor Trond Egil Arnesen (46) på HSH, og borna Albert (16), Håkon (14) og Olene (8) var med på råd før mor i huset slo til på jobbtilbodet i Bergen.

 

- Jada, dei støttar meg fullt ut. Familien min er det viktigaste eg har, så eg kunne ikkje ha gjort dette utan at dei var med på laget.

 

- Men de flyttar ikkje frå Stord og Rommetveit?

 

- Nei, det gjer me ikkje. Eg ser for meg å pendla, med eit 50/50-tilvære mellom Stord og Bergen i vekene.

 

- Er du glad for snart å vera ferdig med dugnadsgjengen på Stord Maritime Museum?

 

- Akkurat den saka der er eg lei meg for at eg ikkje har klart å landa, før eg skiftar jobb. Det tenkjer eg litt på. Men sjansen på DNS dukka opp no, og då måtte eg berre ta han.

Foto: MARIUS KNUTSEN

Kjernen i striden mellom Sunnhordland Museum og Stord Maritime Museum på Nattrutekaien er ein avtale frå 2005, der sistnemnde vart definert som ein underavdeling av Sunnhordland Museum - og der «mormuseet» sit med både fagleg og finansielt ansvar.

 

- Eg har aller høgaste respekt for karane på Nattrutekaien, motorsamlinga og arbeidet deira. Men diverre så har me ei ulik rolleforståing for kven som styrer skuta, og det er synd, seier Jünger.

 

Den økonomiske biten handlar om at leiinga meiner det maritime museet sit i for dyre lokale. Den faglege innvendinga er at avdelinga på Nattrutekaien er altfor gjenstandsbasert og statisk.

 

- Motorsamlinga er både stor og omfattande, og er sjølvsagt viktig. Men frå museet sin ståstad er me opptekne av å skifta utstillingar, og heile tida fortelja historier og tema som trekk eit nytt publikum. Me har krav på oss frå departementet om ikkje gå i underskot. Det medfører at dei same gjenstandane ikkje kan stå framme til ei kvar tid, og må difor magasinerast. Me må fornya oss heile tida, forklarar Jünger.

 

- Og dermed så er dugnadsgjengen sinte på deg?

 

- Me er i alle fall i ein situasjon der me ikkje finn løysingar. Og der er det ingen som likar å vera.

 

Jane Jünger snakkar rogalandsdialekt, men frå litt rundtomkring, som ho seier sjølv. Ho er fødd på Vidsteentunet i 1971. Fram til ho var eitt år gammal budde ho på Halsnøy, der pappa Claus var lærar - og spelande trenar for øya sitt A-lag i fotball. Deretter gjekk ferda vidare til Trondheim, Egersund - før ho byrja i 1. klasse på Grødem på Randaberg i Stavanger.

 

- Begge foreldra mine var i jobb, og eg var eit såkalla nøkkelbarn. Eg låste meg inn etter skulen, og laga sjokoladekake med vennene mine, og masse andre ting som eg sikkert ikkje hadde lov til.

 

Ho hugsar også leiken i bunkerane saman med gutevennene sine.

 

- Eg var ei skikkeleg gutejente, heilt til eg blei «dumpa», då gutane tykte det var ukult å vera saman med meg, ler Jünger.

 

På Randaberg tok den lyshåra jenta bussen til handballtrening, men ho var like oppteken av lesa.

 

- Eg stod på busshaldeplassen og las, og det hende gjerne at eg gløymde både tid og stad - og buss, fortel ho.

 

I 9. klasse gjekk turen til Stord, og Stord ungdomsskule. Det var her ho møtte «gjengen» sin, som ho seier, som framleis er hennar beste vener.

 

- På vennefronten ser eg på meg sjølv som utruleg privilegert, seier ho.

 

Blant dei næraste finn me skodespelar Christine Hope, som snart er premiereklar i Mummitrollet, på nettopp DNS.

 

- Er ikkje akkurat det litt rart?

 

- Jo, det er veldig rart, smiler ho.

 

Jünger hadde masse familie både på Stord og Halsnøy. På Halsnøy var ho kvar einaste sommar i barneåra, så det var ikkje noko ny planet ho flytta til som niandeklassing.

 

- Ny planet, nei? Eg kunne snakka stordamål eg, som liten.

 

- Men du valde å halda på rogalandsdialekten då du flytta?

 

- Ja, eg måtte liksom ta vare på litt av identiteten min.

 

Formidling har alltid vore Jünger sin favorittsyssel. Ho har hovudfag i kulturformidling og massekommunikasjon frå Universitetet i Bergen. I tillegg har ho teke både filmvitskap, medievitskap og visuell kommunikasjon. I ei årrekkje var ho også journalist her i Sunnhordland, før ho vart dagleg leiar på museet. På CV-en har ho også eit vikariat som kommunikasjonssjef i Wärtsilä Norway.

 

- Eg har alltid elska historier, og formidling av historier. Fantasy-sjangeren, til dømes. Eg innrømmer glatt at eg har lese heile Harry Potter-serien, sjølv om det nok ikkje er så akademisk.

 

Då Sunnhordland skulle gjera avtale med Jünger for dette intervjuet fekk me aldri svar på telefonen. Den hadde ho gløymt heime. Seinare på føremiddagen gjorde ho greie for seg, gjennom ein SMS frå NRK-journalist Marte Rommetveit sin mobiltelefon.

 

- Er du distre?

 

- He-he. Eg er kanskje det. Men eg har ei venninne som har sagt til meg: «Jane, du er heilt utruleg fokusert til å vera så distre».