Gå til artikkelen
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Dugnadsjenta

Ho er ikkje lenger aktiv i idretten sjølv, men stiller likevel opp på dugnad for både fotball- og handballgruppa. For Brita Havnerås gjev det glede å hjelpa andre.

Fakta

Namn: Brita Havnerås
Alder: 24
Sivil status: Singel
Bustad: Stord
Utdanning: Studerer vernepleie på deltid og jobbar i tillegg på Stord ungdomsskule
Aktuell: Dugnadsansvarleg for Puttefestivalen

Fem kjappe

Kva ting tek du med deg til ei aude øy?
Strikketøyet kanskje.
Uvane du vil bli kvitt?
Sikkert mange. Kunne sikkert køyrd mindre og gått meir.
Favorittmat?
Eg likar det meste, men pinnekjøt er favoritten.
Kva gjer du om ti år?
Forhåpentlegvis er eg ferdig med utdanninga, og har fått fast jobb.
Perle i Sunnhordland?
Bestemor kjem frå Søreide på Tysnes og mormor frå Gongstø på Tysnes. Eg er veldig glad i begge dei plassane.

VISS DU HAR vore på handball- eller fotballtilstellingar på Stord, har du sikkert sett Brita Havnerås i full jobb. Anten som kaffi- og vaffelekspeditør under A-lagskampane til Stord fotball, i sekretariatet under Handballfestivalen eller rett og slett i farten på Puttefestivalen. Oppgåvene er mange, og varierte. Brita Havnerås seier stort sett ja om nokon ber henne hjelpa til. Og i år har ho teke på seg ansvaret for å styra alle frivillige som syt for at Puttefestivalen går slik han skal.

 

- Det er ein del jobb, men eg synst det er veldig kjekt, fortel Brita, som er førebudd på å jobba seint og tidleg i helga som kjem.

 

ME MØTER HENNE heime i Lyhaugen, der ho bur saman med mamma Aud, pappa Arve og veslesøster Kari (18). Guro (21) har nettopp flytta ut, for å studera i Bodø. Bustaden er arkitektteikna, noko som blant anna viser att på soveromma til dei tre søstrene. Kvart einaste rom har nemleg eigen hems.

 

- Det er kanskje ikkje så vanleg nei, seier 24-åringen, som fortel at huset berre er to-tre år gammalt.

 

- Eg har sjølvsagt tenkt på å kjøpa min eigen bustad ein gong, men først vil eg gjera meg ferdig med utdanninga, fortel Brita, medan ho serverer heimelaga kanelknutar og kaffi.

SJØLV HAR HO vore aktiv som både som handball- og fotballspelar. Kanskje ikkje så rart, sidan faren tidlegare var aktiv fotballspelar, og mora framleis spelar handball. Foreldra har begge vore ivrige dugnadsfolk gjennom mange år, så akkurat den biten er ho fostra opp med.

 

- Då eg gjekk i 9. klasse måtte eg velja anten handball eller fotball, det blei for travelt å halda på med begge deler, fortel 24-åringen.

 

Ho treivst best med fotballen, og valde difor å leggja handballen på hylla.

 

- Då eg gjekk det første året på vidaregåande skule, var eg plaga av ein del skader. Eg hadde store problem med leggane, og måtte difor ta ei rekkje med testar. Til slutt fekk eg påvist kompartmentsyndrom, fortel Havnerårs. I praksis betyr det at ho ikkje kan vera særleg mykje i fysisk aktivitet lenger.

 

- Det er litt dumt, fordi eg gjerne skulle bevegd meg litt meir, men slik er det, konstaterer 24-åringen.

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Litt småtrasking blir det likevel, men helst ikkje for anstrengjande turar.

 

- Eg måtte sjølvsagt prøva ut steintrappene i Stord-fjellet, men det gjekk ikkje så bra. Eg hadde ganske vondt etterpå, fortel Brita, med eit smil om munnen. Ho har eit håp om ein ny operasjon, slik at leggane blir såpass gode at ho toler meir fysisk aktivitet.

 

VERKEN LEGGAR ELLER bokstavar har vore særleg samarbeidsvillige med Brita. På vidaregåande var det nesten ei lette å få vita at ho hadde dysleksi.

 

- Eg forstod endeleg kvifor dette med lekser og skule alltid hadde vore litt tungt for meg. Eg har for eksempel aldri likt å lesa, sjølv om det finst mange gode bøker.

 

Ho fortel at ho som elev ved Fitjar vidaregåande opplevde å bli sett som den ho var.

 

- Eg blei oppmoda av ein lærar til å bli undersøkt hos PPT (pedagogisk-psykologisk teneste). Slik fann dei ut at eg hadde dysleksi, og etter dette fekk eg tilrettelagt undervisninga mi.

 

Ho fekk blant anna lydbøker, og høve til å svara munnleg på skriftlege prøvar, som eit supplement til dei skriftlege svara.

- Dette var for å kontrollera at eg hadde fått uttrykt den kunnskapen eg hadde, fortel Brita.

 

Ho nyttar høvet til å rosa skulen.

 

- Det er ein kjempefin skule med flott personar, meiner 24-åringen.

 

TRASS I MOTGANGEN, verkar ikkje Brita til å vera av typen som klagar seg. I research-arbeidet blir ho omtala som snill, omsorgsfull og litt beskjeden.

 

- Men eg har jo fått høyra at eg terga litt på småsøstrene mine då eg var lita, fortel Brita, medan ho ler.

 

Etter det siste året på vidaregåande, skule byrja ho i jobb ved Stord ungdomsskule, der ho arbeider med elevar med spesielle behov. Dette er ein jobb ho elskar.

 

- Det var i denne jobben eg fann ut at eg ville studera vernepleie, fortel Brita.

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Her jobba det nemleg to andre vernepleiarar, som fortalde henne om mogelegheita for å ta studiet på deltid.

 

- No er eg ferdig med det første året, og har tre igjen. Samstundes jobbar eg ca. 50 prosent på ungdomsskulen.

 

I PRAKSIS betyr det jobb måndag til og med onsdag. Om torsdagen og fredagen set ho seg i den mørkeblå Opel´en sin, som ho kjøpte då ho starta pendlar- tilværet. Turen går då til Haugesund for å vera med på videokonferanse.

 

- I tillegg reiser eg ca. fire gonger i året på samling til Sandnes, der vernepleiarskulen ligg.

 

Ho trivst veldig godt med å hjelpa andre.

 

- Det gjev meg mykje energi.

 

Når ho ikkje studerer, er med venner, jobbar vanleg jobb eller går på dugnadsjobb, hender det at ho tek fram strikketøyet, eller lagar tredimensjonale kort ved hjelp av scrapping. Det er heller ikkje sjeldan ho besøkjer bestemor eller mormor.

 

- Dei er det alltid kjekt å prata med, seier 24-åringen.