Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Dukkar opp i rette augneblinken

- Det er viktig å vera realist med begge beina planta på jorda, men det bør også vera lov å hoppa høgt ein gong i blant.

Fakta

Namn: Ralf Teetzmann
Alder: 54 år
Sivilstatus: gift med Cordula. Dei har fire born
Bustad: Håvåsen
Yrke: Anestesilege
Aktuell: Omfattande dugnadsinnsats. Leiar Stord symjeklubb som for tida må ut på lange reiser for å få trening i basseng grunna stenginga i Kulturhuset. Stilte også til dugnadsinnsats då Tour des Fjords-sirkuset gjesta Stord sist veke.

 

Fem kjappe:

Kva tek du med deg til ei aude øy?
- Kona mi. Eg kan rett og slett ikkje vera åleine over tid.
Ein uvane du vil bli kvitt?
- Eg bør vel bli flinkare til å seia nei. Tek ofte på meg for mange gjeremål.
Kva gjer du om ti år?
- Reknar med at eg jobbar framleis og at eg framleis tek sykkelturar rundt om i Sunnhordland.
Favorittmat?
- Lasagne
Perle i Sunnhordland?
- Det må bli strekninga mellom Håvik og Sakseid på Bømlo. Det er ein strekning eg syklar ofte. Då opplever eg vekslande og flott natur.

Mange vil nok seia at Ralf Teetzmann slit med å følgja sin sjølvkomponerte leveregel. Dei høge hoppa har komme hyppigare enn dei rolege fristundene. 54-åringen har vanskar med å seia nei. Han har ein tendens til å ta på seg mykje. Til dømes er stenginga av bassenget i Kulturhuset rett og slett vorte ei utfordring for symjesjefen.

 

- Eg har sett døme på at slikt har ført til nedlegging av symjeklubbar. Difor har me ofra oss litt ekstra og prøvd å vera kreative for at flest mogeleg av våre symjarar skulle få tilstrekkeleg med treningstid i basseng, seier Teetzmann. Han røper ikkje berre forståing for den forholdsvis langvarige rehabiliteringa av kulturhusbassenget.

 

- Med litt reingjeringsarbeid etter at takplater var fjerna kunne dei ha opna for litt trening før jobben med å setja nye takplater opp, starta. Det ville hjelpt oss mykje. Men eg skal ikkje vera negativ. Stord er trass alt ein av altfor få kommunar som har ope basseng sommarstid. Me har vanlegvis gode treningsforhold. No ser me verkeleg fram til å få starta opp på vår eigen heimearena. 1. oktober er datoen. Håpet er at det kan skje før den tid, seier helsearbeidaren.

 

Den tyskfødde legen kom til Stord som eit resultat av eit rekrutteringsarbeid fylkeskommunen stod bak i ei tid då legemangelen var stor.

 

- Me var faktisk sju legar som vart henta til fylket. Det skjedde i 1998. Fire av dei sju kom til Stord. I dag er eg åleine att, seier anestesilegen som også fungerer som klinikkoverlege og leiar av akuttmottaket ved Stord Sjukehus. Han trivest best som pasientbehandlar.

 

- Eg elskar å jobba direkte med pasientar. Eg kunne ikkje tenkt meg ein funksjon som berre leiar, fastslår den treningsglade legen som fekk sin triatlon-debut i Kattnakken triatlon. Sidan har han fullført fem halv-ironman i Haugesund og tre heil-ironman. Ein av hans store draumar har vore å få delta i Ironman på Hawaii. Deltakarane vert plukka ut gjennom kvalifisering.

 

Vanlegvis kjem årleg berre 5-8 nordmenn gjennom nålauga til denne gigantiske styrkeprøva i det vulkanske øyrike i Stillehavet. Etter ei trasig melding frå medisinsk hald har Teetzmann no innsett at det er ein draum han aldri vil få oppfylt.

 

- Eg har fått problem med eit kne. Mykje tyder på at eg må droppa løpinga frå no av. Det heile er relatert til ein skade frå den tida eg dreiv med racketidrett og volleyball i Tyskland. Eg vart rett og slett deprimert då fakta kom på bordet. Har likevel ikkje tenkt å setja meg ned av den grunn. Manglande springing skal kompenserast med fleire timar på sykkelen, seier konkurransemannen som villig vedgår at dei tøffaste konkurransane ikkje alltid er til det beste for helsa.

 

- Det er ikkje sunt å gjennomføra ein ironman der me først skal symja over tre kilometer, før me hiv oss på sykkelen og syklar atten mil. Siste post på programmet er ein løpetur på over fire mil. Det som derimot er sunt ved ein slik prosess er førebuinga og treningsarbeidet som vert lagt ned i forkant. Eg skulle faktisk ynskt at fleire fekk oppleva den gleda det er å komma over målstreken etter å ha gjennomført ei så tøff fysisk påkjenning. Det gir sjølvtillit. Samstundes kan det bidra til å minska dei mange problem og hindringar som måtte dukka opp i kvardagen. Har eg klart å gjennomføra eit maratonløp, eller ein ironman, så klarar eg også dette. Det er ein nyttig relasjon å ta med seg, poengterer Teetzmann.

 

Ein stor del av tyskarane som gjestar Norge gjer det for å fiska i sjø og ferskvatn. Det gjeld ikkje Ralf Teetzmann.

 

- Dag Sagenes tok meg med på fisketur ein gong for mange år sidan. Men det var ikkje noko for meg. Eg har då heller ikkje skaffa meg båt enno, seier familiemannen. Han finn heller ikkje særleg rekreasjon i hagearbeidet.

 

- Nei, eg kan ta dei tyngste taka, elles er eg ikkje særleg ivrig i hagen. Derimot likar eg godt å bala med ved. Men det må skje mest mogeleg med handmakt, presiserer anestesilegen.

 

For berre to år sidan fekk han sitt norske pass. Med det er han nordmann god som nokon.

 

- Eg har ein bror i Tyskland, men elles lite familie i mitt tidlegare heimland. Lenge har eg då også følt meg meir norsk enn tysk. Det same gjeld kona mi. Også våre to eldste born har berre norsk statsborgarskap. Våre to yngste born vil truleg gjera same valet når dei når alderen som opnar for slikt val. Litt artig opp i det heile er at me fekk papira på våre norske statsborgarskap den 8. mai. Altså same dato som tyskarane vart jaga ut av landet etter andre verdskrigen, seier Teetzmann.

 

Dagen då delar av verdseliten på sykkel gjesta Stord, tok klinikksjefen oppstilling som løypevakt ved største vegkrysset i Sagvåg.

 

- Eg vart ståande midt i elevflokken frå Sagvåg skule. Fantastisk å sjå den entusiasmen som elevane viste. Det var ikkje tvil om at dei opplevde å vera del av noko stort og spesielt. Slikt gir meg energi, seier Teetzmann, som seinare på dagen tok på seg arbeidshanskane for å bera på plass grinder og stengsler som hadde bidrege til tryggleik rundt løypa. Etter ein pizzabit saman med dugnadskollegaer, fann han fram sin grøne legefrakk for å gjennomføra kveldsvakta si ved Stord sjukehus.

 

Teetzmann har langt på veg jobba seg gjennom depresjonen relatert til tidlegare nemnde kneproblem. Han røper framleis lyst til å pusha grenser.

 

- Får eg sjansen så kan eg godt tenkja meg å gjennomføra eit skikkeleg strikkhopp. Å oppleva fritt fall i eit tandemhopp i fallskjerm er ein annan draum som eg håpar kan realiserast, seier mannen som trivest absolutt best med folk rundt seg.

 

- Eg kan klara ein dag eller to åleine på hytta på Seljestad, men der går grensa. Då må eg sjå folk att, seier legen. Han har følgjande råd til folk som jaktar eit langt og mest mogeleg sjukdomsfritt liv.

 

- Ofra ein time eller to med TV-titting til fordel for dagleg fysisk aktivitet. Det aukar i det minste sjansane til eit betre liv, men det finst ingen garanti. Eg plar seia til dei av mine pasientar som ber om garantiar at eg kan garantera berre ein ting, men den garantien er det ingen som vil høyra. Stå på og nyt livet, oppfordrar Ralf Teetzmann.