Gå til artikkelen

Dyrt å selja defekt båt

Å selja ein båt med motor­trøbbel kan kosta meir enn det smakar.

Publisert 16.02.2017 kl. 21.30.

Seljaren fekk i utgangspunktet 115.000 kroner for den 20 år gamle fritidsbåten for tre år sidan. Men sagvågsbuen som kjøpte båten, fekk lite glede av han. Motoren ville ikkje verka.

 

Sagvågsbuen meinte at motortrøbbelet var ein vesentleg mangel etter kjøpsloven og ynskte å heva kjøpet. Det gjekk ikkje seljar med på, og saka var innom Forbrukarrådet og forbrukartvistutvalget, der sagvågsbuen fekk medhald i krava. Det ville ikkje seljaren godta og dermed hamna saka i retten.

 

Seljaren meinte at båten var 20 år gammal og blei seld som han var. Han meinte at båten var i god stand då han blei levert, og at motortrøbbelet truleg skuldast at kjøparen har fylt for mykje olje. Vidare meinte seljaren at kjøparen hadde latt vera å undersøkja båten skikkeleg.

 

Det er ikkje Sunnhordland tingrett einig i. Retten meiner det er lite sannsynleg at motorproblema skuldast kjøparen sin bruk, og at problema truleg eksisterte då båten blei overteken. Retten peiker også på at det etter overtaking blei skriven ein kontrakt der det står at seljar garanterer at motorar, styring, og anna utstyr fungerer som det skal, med unnatak av normal slitasje med omsyn til alderen på båten.

 

Retten peikar på at motorproblema er av ein slik art at båten ikkje kan brukast, og at dette er ein vesentleg mangel. Sunnhordland tingrett landar på at kjøparen får levera båten tilbake og får betalt tilbake kjøpesummen. Seljar blir dømt til å betale 109.125 kroner i sakskostnader til kjøparen. I tillegg må han ut med 35.649 kroner i erstatning.