Gå til artikkelen
Jørund Bjørlykke frå Rommetveit bur i Oslo, men er på ferie på Stord. Han fall pladask for den nye turvegen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ei ny verd av opplevingar langs vatnet

Turvegen rundt Ådlandsvatnet har vore open i sommarferien - til stor glede for alle.

Terje Moe frå Haga var på sin andre tur på nyevegen nokosinne. Han synest den rett og slett er nydeleg. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Trass i symbolsk opning av Ådlandsvatnet i juni er nok ikkje vegen ferdig før i september. Men etter at gravemaskinane tok sommarferie i starten av juli, har turvegen vore open for fri ferdsel i store deler av ferien.

Og dette er det fleire som har nytta seg av. For sjølv om enkelte parti av vegen ikkje er ferdigstilt, og mellom anna lyktestolpane ikkje er på plass, så herskar det liten tvil om at det er ei flott ny turløype Stord har fått seg.

 

BAKGRUNN: Fekk prøva delar av den nye turvegen

 

Knut Angeltvedt frå Horneland er nøgd med den nye turvegen rundt Ådlandsvatnet, og gler seg spesielt til å gå ho når haustfargane kjem. - Det har blitt så flott her. Så lyst og fint, seier han. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

På joggetur

Sunnhordland har skrive fleire saker om turvegen tidlegare. Og me var også til stades på den symbolske opninga i juni. Me tok oss ein ny tur denne veka, for å suga inn førsteinntrykket av turvegen. Og me trefte fleire glade friske og glade turgåarar, som nytta det heilt nye friluftsområdet.

- Eg synest løypa er veldig bra. Er jo digg å springa langs vatnet. Eg bur ikkje på Stord til vanleg, men eg sprang her for eit par år sidan, og då måtte eg springa ute i vatnet, eg vil tru det må ha vore før utbygginga starta, fortel Jørund Bjørlykke frå Rommetveit. No busett i Oslo.

- Det er jo fantastisk eigentleg. At dei har fått til ei slik løype, for ho ligg jo ganske nær sentrum. Sjølv synest eg traseen er finast oppover Frugardselva, seier Bjørlykke, som fortel at han ser mange som går i løypa. Sjølv joggar han i dag.

- I dag byrja eg med kyrkja, og no skal eg springa rundt vatnet, og så tilbake til kyrkja att, held han fram.

- Løypa er også litt flatare enn i Landåsen, for dei som likar det, konstaterer Bjørlykke.

Jorunn Johnsen frå Leirvik likar å mata endene som held til ved Frugardselva. Her matar ho måsen som også held til her. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

På gåtur

- Eg prøvde vegen sist torsdag, og då gjekk eg mot Stuva og gardane på Vatna og mot Saneset.

Terje Moe frå Haga traskar bortetter grusvegen i fullt treningsmondur. Det er overskya men varmt ved Ådlandsvatnet denne dagen.

- Eg fer jo ein del i Landåsen og Hystadmarkjo. Det fine med den nye vegen rundt Ådlandsvatnet er jo at det er så fint å gå langs vatnet, seier han. Han fortel at han synest vegen har blitt nydeleg, og rett og slett veldig flott.

- Kor går turen i dag då?

- I dag parkerte eg bilen med Møllebrua. Så gjekk eg opp Frugardselva. No går eg bortetter vatnet, og så tilbake til bilen igjen, held Moe fram.

Naturskjønne omgjevnader ved Frugardselva der den nye stien startar like ved Møllebrua. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Matar fuglane

Ved Frugardselva møter me Jorunn Johnsen frå Leirvik. Ho går med ein plastpose brødsmular i neven. Ho speidar etter endene som ho plar å mata ved elva.

- Vegen er jo så open og fin, med natur og mange flotte markblomster på vegen. Og så fuglane, eg har med mat til endene. Det er to familiar her som har andungar, fortel Johnsen.

- Ein familie held til nedst i Frugardselva, og ein held til her oppe. Før vegen kom måtte ein jo omtrent klatra seg fram å komma hit. Men no er det reint, tørt og fint, smiler Jorunn Johnsen.

Ifølgje prosjektansvarleg Kjell Nesbø i Stord kommune, kjem vegen til å vera open iallfall fram til måndag. For då kjem anleggsarbeidarane tilbake, for å fyra i gang gravemaskinane att etter ferien.

- Om eller kor det blir sperringar i denne omgang veit eg ikkje, det er det entreprenøren som tek seg av. Me ber uansett folk om å visa tolmod, og berre nytta området når ikkje anleggsmaskinane er i gang, seier han og humrar lett over telefonen.

- Tilbakemeldingane til no har jo vore at det er så populært at det er problem med å halda folk igjen. Eg høyrde om eitt tilfelle der ein kar spurte anleggsføraren om han ikkje kunne sitja på i skuffa, han ville over ei grøft, seier Kjell Nesbø, som ber folk om visa omsyn til arbeidet på staden.

Kostnadsrammene for prosjektet er på totalt 25 millionar kroner, og omfattar også vatn og avløpssystem på staden. Turvegen er planlagd å vera heilt ferdigstilt innan 16. september.

 

Sjå biletserie frå turen vår på den nye vegen her!

 

På andre sida av turvegen ved Frugardselva har nokon pynta opp ved elvebreidda, eit flott syn for dei som går langs elva. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Enorm utsikt frå Grønavikjo mot Vatnaelva til venstre, og Ådlandsbrua og Kattatveit til høgre. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN