Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Eit liv med sveising og skeising

John Kvarme (60) vart fødd det året Leirvik Sveis flytta frå Evjo til Aslaksvikjo. I år feirar «Sveisen» 70 år og den gamle skeiseløparen har jobba der i 42 av dei.

Fakta

Namn: John Kvarme
Alder: 60
Yrke: Platearbeidar/ vedlikehaldsarbeidar
Bustad: Håvåsen
Sivilstand: Gift, tre born, to barnebarn
Aktuell: Har jobba på Leirvik Sveis/Apply Leirvik i 42 år.

- Det var i 1974, rett før eg fylte 18 år.

 

- Byrja du som lærling då?

 

- Nei, eg ville ikkje vera lærling, for då måtte eg skriva kontrakt og eg hadde ikkje tenkt å gje meg til her. Eg hadde gått på yrkesskulen og tok ferie og det drygde og drygde med å skaffa meg jobb, så far min vart lei og sat at gå no ned på Sveisen då og spør der. Så eg gjekk ned ein fredag og måndagen var eg på jobb.

 

- Sånn var det på den tida, du kunne gå ned på Sveisen eller Kjøtteinen og be om jobb og så fekk du det?

 

- Ja, han spurde meg om eg hadde papir. Ja, men det er vel ikkje noko å visa, sa eg. Ja, det er vel berre toppkarakterar, svara han. Ja, stort sett, svara eg og det var stort sett heile greia. Så eg har aldri vist verken karakterar eller vitnemål til nokon.

 

- Var det toppkarakterar?

 

- Nei, det var vel sånn midt på treet, tenkjer eg, seier Kvarme, som innrømmer at han ikkje var blant «Guds beste badn» då han gjekk på ungdomsskulen og vart sendt til den gamle læraren Mikkjel Rommetveit for å bli teken i skule.

Fem kjappe:

Kva tek du med til ei aude øy?
- Da blir kåno da.

Har du ein uvane du vil bli kvitt?

- Når eg først bjynna, så mele eg jamt. Når ungane spør meg om eit historisk spørsmål, får dei ikkje eit svar, men ei avhandling, seier dei. Uttrykket har eg etter far min.

Kva er favorittmaten din?

- Pannekaker. Det har eg alltid likt. Eg står for det meste av middagslaginga heime. Kona får sleppa til inn i mellom.

Har du ei perle i Sunnhordland?

- Ådlandsvatnet ein fin soldag med skeiseis og berrfrost.

Kva gjer du om ti år?

- Eg håpar at eg framleis jobbar aktiv i skeisegruppa, og at eg får lesa og grava meir i lokalhistorie og krigshistorie.

- Han sa at slike typar som meg kom til å slita dørstokken til arbeidskontoret resten av livet. Han brukte ein kommode som bilete, dei beste var i den øvste skuffa, og så vart det dårlegare og dårlegare nedover. Folk som meg fekk plass under kommoden, så lågt nede var me. Eg har ikkje vore på arbeidskontoret ein einaste gong i mitt liv, men eg har aldri likt skule og undervisning og prøvde å komma meg unna. I vaksen alder har eg komme fram til at eg nok har eit snev av dysleksi, men no likar eg å lesa, særleg historiske bøker om lokalhistorie og krigsseglarar, fortel Kvarme.

 

- Kva linje gjekk du på yrkesskulen?

 

- Det var maskinmekanikar, der ute på Aker, dei hadde sin eigen yrkesskule for å skaffa seg arbeidsfolk. Men det såg eg då eg gjekk på yrkesskulen at å stå i dreiebenk med sånt nøyaktig arbeid, det låg ikkje for meg. Eg likar: Lag noko som passa, herfrå og dertil. Eg likar ikkje det der med teikningar. Eg vil sjå kva me har og kva me kan få til med det. Det passa veldig godt då eg byrja her på Sveisen saman med Birger`n (Eldøy) og Oddvar'n (Bjelland). Oddvar var verksmeister og han jobba eg saman med heilt til han gjekk av med pensjon for nokre år sidan. Birger'n var jo ein mann det kunne vore skrive ei bok om.

 

- Kven var han?

 

- Han var medeigar, med 15 prosent. Birger hadde jobba som lærling hos Odd P. Bjelland (han som starta Leirvik Sveis, journ, mld.) på Kjøtteinen, og han hadde sett kva som budde i Birger og fekk han med som sjef nede på golvet. Han var ein tusenkunstnar som kunne det meste og fekk det meste til. Han forlangte 100 prosent av deg og så ytte han 110 prosent sjølv, sånn at han hadde belegg bak når han kjefta på deg. Han skytta ikkje med å gje ein mann sparken om han ikkje var fornøgd. Då var det berre beskjed om å «pakka snippvesko og komma seg øve haugen». Den tida eg byrja her var det jo mykje leigefolk, det var nett då dei byrja på den første bustadmodulen, og då vart det leigd inn masse norske leigefolk. Det blei jo eit klondyke, då, og det var bakarar og kven som helst som søkte, og dei kunne ikkje noko som helst. Så då var det berre å «få da øve haugen», og få tak i ein ny.

 

- Så du har vore med heile oljetida?

 

- Ja, dei heldt på med dei siste seksjonane til den siste supertankaren på Kjøtteinen då eg byrja. Dei hadde nett sprengt ut fjellet for å byggja ny hall, og øydelagd Flatastolen, viss du veit kva det var ...

 

- Nei.

 

- Fjellet som var her før gjekk flatt ut i sjøen som ei stor bryggje. Det var fantastisk fint å bada der, eller liggja og sola seg, og utanfor var det 3-4 meter djupt så du kunne leggja båt til Flatastolen om du ville, minnest John Kvarme. Den fine badeplassen vart borte, det same gjorde bronsealdergravene og det høge berget innover mot Valevågen. Nye tider gjorde at Leirvik Sveis trong meir plass, og meir folk på Stord gjorde at skogen på Storhaug vart gjort om til bustadfelt.

Foto: MARIUS KNUTSEN

Leirvik Sveis låg ganske for seg sjølv ute i Aslaksvikjo, då det heile starta, med eit lite nyreist byggjefelt like ved, Der budde familien Kvarme frå 1964. Far, mor og fem born. Dei flytta dit frå Ås.

 

- Dette området var eit Eldorado å veksa opp i. Eg kunne springa i badebuksa heimanfrå og til sjøen for å bada. Me leika i skogen på Storhaug og var i heilt anna verd. Dei som hadde båt, drog han berre opp i stranda, utan at nokon, som no, sa at nei, der eig eg og der eig eg.

 

- Sveisen var ein del av leikeområdet ditt?

 

- Ja, og eg visste godt kven Birger Eldøy var frå eg var liten, for han sprang jo etter oss. Det kjekkaste me visste var å stå på kaien og kasta skrap på sjøen. Me tok desse runde mannlukene dei hadde brunne ut av skotta og bar dei til kaikanten og heiv dei på sjøen og såg på at dei skøynte nedover mot botn. Når Birger'n såg oss sprang han etter oss til langt opp i skogen. Ein gong kom Birger etter meg og søskenbarnet mitt, som var 3-4 år yngre enn meg, og han vart så redd at han byrja grina. Då sette Birger'n guten på fanget og trøysta han, så då fann eg ut at det bur no noko godt i denne mannen likevel. Og det såg eg jo seinare. Birger'n var me alltid redd, men desse Bjellandskarane var rolege og sindige folk.

Den tredje mann i eigartrioen bak Leirvik Sveis var Bjørn Karlsson. Son hans, Harald, var relativt nyleg kommen med i leiinga på Leirvik Sveis då den unge Kvarme rusla ned bakken for å få seg ein mellombels jobb.

 

- Du sa at du ikkje skreiv under kontrakt for at du ikkje hadde planar om å vera her, så kvifor vart du likevel?

 

- Eg tente gode pengar. Det var eit godt arbeidsmiljø her og kjekt arbeid, og så vart eg gift og skulle byggja hus og trong pengar. Her fekk eg godt betalt og fekk jobba mykje overtid.

 

- Det var vel ikkje så mange som jobba her på den tida?

 

- Nei, det var berre fem på kontoret og me var alle som ein liten familie. Eg trur eg hadde arbeidsnummer 36, no har eg 1.237. Før var me ein kompisgjeng, viss du hadde vore vekke frå jobb ein dag, måtte du nesten fortelja alle kvifor, og leitte du etter ein maskin eller eit verktøy visste du kven som brukte det sist. No er det så mange her at det kan vera folk som har vore her i fleire år utan at du har snakka med dei. Etter at alle polakkane og litauarane kom kan du jo heller ikkje snakka med dei. Men me er no framleis ein gjeng med veteranar som held saman, kjenner kvarandre godt og veit korleis me vil ha det.

 

- Du kan gå av med pensjon om eit par år, vil du gjera det, eller står du på så lenge du kan?

 

- Det spørst om det er noko her då. Kontraktane veks jo ikkje på tre lenger. Før var arbeidshorisonten uendeleg framover, no er det om å gjera å få sendt arbeidet til Austen. Blårussen styrer, veit du, seier John Kvarme, som ikkje har jobba i Aslaksvikjo kvar dag.

- Det har vore mykje reising til tider, både til Nordsjøen, Arendal, Digernessundet, Kjøtteinen, Mongstad. I periodar har dei leigd ut folk, eller hatt oppdrag andre stader. Eg har aldri vore permittert i desse åra, men har måtta gjort mykje anna arbeid. Leiinga prøvde alltid å finna noko for oss å gjera. Dei ville halda på arbeidsstokken. I dag er det berre rett ut, når det ikkje er meir jobb.

 

John Kvarme byrja arbeidslivet som platearbeidar med brenneapparat og sveisetang, I dag jobbar han på vedlikehaldsavdelinga med varierande oppdrag.

 

- Eg har likt meg godt og lært mykje, det einaste eg ikkje har likt var overgangen frå stål til aluminium. Det var vondt å gje frå seg brenneapparatet. Du kan fylla opp heile rommet med sager, men likevel greier du ikkje å gjera den jobben ein nittigraders brennar kan og ein fugebrennar. Eg vil alltid vera ein stålplate-arbeidar, seier John Kvarme.

 

Mange vil kjenna John Kvarme som ivrig skeiseløpar og -trenar.

 

- Men eigentleg byrja eg som turnar. Lars Mugaas hadde høyrt at eg kunne stå på hendene og hanka tak i meg. Alle gjekk jo på turn i Turnhallen på den tida. Eg var så heldig å få driva med apparatturn også. Det heldt eg på med til eg var 16. Då trefte eg Arnulf'en og han drog med me på skeising. Eg trur skeisetalentet låg latent hos meg. Det høyrer til vår generasjon det, veit du, skeiseløparane var dei store heltane, Knut Johannessen og dei karane, er du ikkje einig?

Foto: MARIUS KNUTSEN

Arnulf'en heiter, for dei som ikkje er inne i lokal skeisehistorie, Agasøster til etternamn og var den som starta skeisegruppa på Stord. Han deltok i meisterskap nasjonalt og internasjonalt, laga til lokale stemne, trente og organiserte og var ekspert på lange, gjerne ekstra lange distansar.

 

- Han har ein open måte å vera på, alle skal få vera med i skeisegruppa. Kan du ikkje skeisa, så kan du gjerne måka banar. Denne stilen har me prøvd å halda på. Så du må berre komma på banen med lengdeløparane på og me skal finna ein plass til deg, seier John Kvarme som grunna sjukdom ikkje lenger er aktiv løpar.

 

- Eg har psoriasis som har gått i ledda og no må eg bruka cellegift for ikkje å stivna heilt, men eg er no med og trenar dei yngste og er med på oppvarming og uttøying. Eg har stor tru på å tøya ut, det har eg nok frå turn.

 

John Kvarme sine personlege rekordar på skeisebanen sette han som femtiåring i Calgary. Dei er gode nok til å plassera han om lag jamsides med ungdomshelten Fred Anton Maier på skeisesporten sin adelskalender. Noko både klappskeiser, trikot og gode banetilhøve får store deler av æra for.

 

- Det var då me fekk banen på Vikahaugane at det vart skikkeleg fart på sakene. Før det måtte me ofte leita etter is og trena mykje på barmark. Eg huskar me var på eit stemne på Valle Hovin og då Arnulf skulle ta på seg trikoten dryssa det barnåler ut rundt han. Dei var frå då me hadde sprunge oppover til Mennene for å finna nokre pyttar me hadde høyrt det var is på.

 

No er det andre tider og is heile vinter-en. Det einaste som manglar er tak over banen. Kvarme drøymer om skeisehall og har teikningane liggjande klar på kon-toret til vedlikehaldsavdelinga.

 

- Eg er oppteken av at me får ein skeisehall for ålmenta, der du kan gå med barnebarnet ditt på isen og leika deg, ein stad alle kan bruka utanom trenings-tidene. Slik som me symjebassenget i Kulturhuset, det er ikkje først og fremst til for elitesymjarane i symjegruppa, men for alle som likar å symja og bada. Eg er svært oppteken av at alle skal få vera med, seier John Kvarme som ikkje har vore blant dei som har stukke seg for mykje fram i lokalsamfunnet. Utanom ein gong i året. Kvar 17. mai er han struts på rulleskeiser i borgartoget.

 

- Eg er ikkje glad i stå fram slik som dette, men det er noko anna når eg får på meg ein strutsedrakt eller teke på meg ein tettsitjande trikot, seier John Kvarme.