Gå til artikkelen
Prosjektleiar i NorSeaGroup, Toralf Ekrheim (t.v.), og prosjektdirektør i Statoil Leif Delp, blir små når dei står ved sida av dei enorme vindmølleblada. Foto: MARIUS KNUTSEN
Energihistorie på Eldøyane

No kjem gigant­møllene

Dei 75 meter lange mølleblada skal gjera den skotske havvinden om til straum. Stord og Eldøyane er staden når Statoil set saman det som skal bli verdas første flytande vindmøllepark.

Publisert 16.02.2017 kl. 15.27. Oppdatert 17.02.2017 kl. 08.59.

I løpet av våren skal mølletårn, understrukturar, vindmølleblad og turbinhus komma til Stord og Eldøyane. Her skal dei setjast saman til fem gigantiske flytande vindmøller, som blir 253 meter høge. 75 meter ligg under havflata, og 178 meter over.

 

- Dette er det kulaste prosjektet me har! seier Leif Delp, prosjektdirektør i Statoil, entusiastisk.

 

- Hywind er eit framtidsretta prosjekt. Me ser føre oss at dette skal kommersialiserast og kan byggjast ut over heile verda, seier Delp.

Høgda på dei flytande Hywind-møllene i forhold til kjende landemerke. ILLUSTRASJON: STATOIL

Serviett-ide

Ideen om flytande vindturbinar oppstod i 2001 då to ingeniørar i Norsk Hydro stakk hovuda sine i saman i lunsjen og teikna på ein serviett. I 2009 blei pilot-mølla plassert utanfor Karmøy, og den har levert over all forventning.

 

- Den flytande havmølla har vore den bestproduserande vindturbinen. Den hatt ei operativ tid på over 50 prosent, noko som er svært høgt for vindturbinar, seier Delp, som fortel at dei har gjennomført ein kostnadsreduksjon på 60-70 prosent frå pilotmølla til dei nye møllene som skal stå i vindparken. Dette er dels gjort ved at dei nye flyttande vindturbinane har auka kapasiteten frå 2,3 MW til 6 MW.

 

Medan tradisjonelle vindmølleparkar er avhengig av havdjupne på 20-40 meter for å monterast på havbotnen, så gjev konseptet med flytande vindmøller ein enorm fridom.

 

- Me ser på vestkysten og austkysten av USA. Hawaii og Japan er også aktuelle stader, seier Delp.

Det undersjøiske understellet til den nye flytande vindmølla blir bygd i Galicia i Spania. Foto: Bjørn Ivar Bergemo/Statoil


Norge på banen

Prosjektdirektøren fortel at pilot-vindparken utanfor Peterhead er eit svært lønsamt prosjekt grunna støtte frå britiske myndigheiter. I førre månad kjøpte også Abu Dabi-selskapet Masdar seg inn med 25 prosent i Hywind. Delp meiner det er på tide at norske myndigheiter kjem på banen, slik at ein får ein også får flytande vindturbinar i norsk farvatn.

 

- Dersom ein fokuserer på totalutslepp så bidreg oljeutvinning omtrent like mykje som den totale bilparken. Det finst andre måtar å få ned utsleppa på enn å subsidiera Tesla-eigarar, seier Leif Delp, som meiner det må på plass tilrettelegging.

 

Han peikar på at offshore vindparkar også kan gje inntekter for leverandørindustrien etter kvart som tida for oljeutvinning er over toppen.

Prosjektdirektør i Statoil, Leif Delp, dagleg leiar i Stordbase, Rune Almås, og prosjektleiar i NorSeaGroup, Toralf Ekrheim, er klare til samanstillinga av vindmøllene til det som skal bli verdas første flytande vindmøllepark. Foto: MARIUS KNUTSEN


70 millionar

På Stord har NorSea Group (NSG) og Stord Base sikra seg jobb for totalt rundt 70 millionar i samband med Hywind-prosjektet.

 

På det store området ut mot Sagafjord Seafarm skal dei fem gigantmøllene monterast på tårna som blir leverte frå Bilbao i Spania. Dei gigantiske vindmølleblada er laga av Siemens, som også lagar husa på vindturbinane. Den undersjøiske konstruksjonen blir laga ved Navantia-verftet i Galicia i Spania.

 

Utover våren og forsommaren vil Eldøyane få ein ny skyline. Her vil det også skje mange spektakulære løfteoperasjonar ikkje minst når ein skal samanstilla vindmølla med den flytande konstruksjonen.

 

- Me er glade for at me få bli med på denne satsinga, seier Toralf Ekrheim, prosjektdirektør i NorSeaGroup.

 

Stord Base har allereie erfaring med vindmøller sidan det var her ein tok imot alle møllene som er monterte i Fitjarfjellet.

 

- Eldøyane er svært godt eigna til dette. Her har ein ei industriklyngje, og djupt vatn, som me er avhengig av, seier Leif Delp.

 

Ute på området blir det også sett opp ein stor brakkerigg som skal husa 80 personar som er knytt til prosjektet.

 

Rune Almås, som er dagleg leiar i Stord Base, fortel at dei vil bruka innleidd hjelp, men at prosjektet ikkje vil føra til nye faste tilsetjingar.


Statoil har testa ut Hywind-teknologien i seks år utanfor Karmøy. Foto: STATOIL
La seg på hjul etter frekke tjuvar

La seg på hjul etter frekke tjuvar

Sjekk den forvandlinga!

Sjekk den forvandlinga!

Svana heng fast i isen

Svana heng fast i isen

Rullar naken rundt "på faen"

Rullar naken rundt "på faen"