Gå til artikkelen
Her står statsminister Erna Solberg (H) for den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet. På Stord blei opningsshowet strøymt til det store auditoriet og i trappeamfiet. Etter showet var det live musikk frå The Kambourines og Goldlog.
Foto: ANITA HAUGLAND

Erna stod for den offisielle opninga

Statsministeren droppa sløyfe­bandet, og opna den nye Høgskulen på Vestlandet på virtuelt vis.

Publisert 10.01.2017 kl. 13.57. Oppdatert kl. 14.02.

Tysdag var det offisiell opning av den nye utdanningsinstitusjonen på Vestlandet, og dette blei markert med opningsshow i både Bergen, Haugesund og Sogndal. Arrangementet blei samkøyrt digitalt, slik at studentane på Stord og i Førde også fekk ta del i feiringa. På Rommetveit blei det servert bollar og kakao til studentane, medan det var direkteoverføring både i det store auditoriet og i trappeamfiet. Statsminister Erna Solberg, som var hovudtalar for dagen, deltok på arrangementet i Sogndal.

Talen

- Det å fusjonera er ikkje å mista seg sjølv, men å bli ein del av noko større, var eit av bodskapa frå Erna Solberg.

 

Med saksa i handa, opna statsministeren den nye høgskulen på virtuelt vis.

 

- Når samfunnet endrar seg, må også me endra oss. Omstillingar og fornying bringar oss framover. Ta det beste av tradisjonar med dykk. Gratulerer med dagen og stao påo! avslutta ho i talen.

 

Dei tre institusjonane Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), Høgskulen Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Bergen (HiB) er no offisielt blitt til éin. Høgskulen på Vestlandet består no av dei fem campusane i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Hylla fusjonen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) var til stades på podiet i Bergen.

 

- Kvifor er det så viktig å vera store? var eit av spørsmåla han fekk.

 

- Det å vera store er ikkje positivt i seg sjølv, men det gjev mogelegheiter som ein elles ikkje ville hatt om ein var små. Denne fusjonen er starten på ein ny, stor og nynorsk institusjon på Vestlandet, som står betre rusta i konkurransen om studentane, om midlar og i forskingsarbeid. Dette er no ein av dei største utdanningsinstitusjonane i Norge, der hovudkonkurrenten truleg ligg på Austlandet. Me treng ei slik motvekt på Vestlandet, sa Isaksen i talen.

Laura Søvold (21) frå Bømlo (f.v.) og May Elisabeth Mansvik (22) frå Bømlo er positive til fusjoneringa.
Foto: ANITA HAUGLAND

Håpar på endringar

May Elisabeth Mansvik (22) frå Bømlo studerer grunnskulelærar 1.-7. trinn på ved høgskulen på Stord.

 

Førebels har ho ikkje merka noko særleg til endringar etter at fusjonen med Høgskulen på Vestlandet trådde i kraft 1. januar 2017.

 

- Håpar du på endringar?

 

- For vår del, som har tenkt å ta master i Bergen, håpar me at det blir enklare å byta skule, no som det er éin skule og ikkje to, seier Mansvik.

 

Både ho og Laura Søvold (21) frå Bømlo har nemleg planar om å ta master i undervisingsvitskap i Bergen.

 

- Masterprogrammet var meir freistande i Bergen enn på Stord, så difor har me hatt desse planane i rundt eitt år, fortel Mansvik.

 

- Fryktar de at Stord vil bli gløymd, no som høgskulen er blitt ein del av ein større institusjon?

 

- Nei, tvert om. Ein har jo uttrykt ambisjonar om å vera lokale. Eg trur faktisk av utdanningsnivået lokalt vil bli høgare no når me har gått inn i fusjonen, meiner Søvold.