Gå til artikkelen
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier at ein vellukka fusjon krev evne og vilje til gjennomføring, men òg ressursar. Høgskulen på Vestlandet får no 39 millionar til fusjoneringa.
Foto: Kunnskapsdepartementet

Får 39 mill. for å heva kvaliteten

Publisert 11.01.2017 kl. 20.30.

Kunnskapsdepartementet har no fordelt 125,5 millionar kroner til høgskular og universitet som har slått seg saman. Av desse går 39 millionar kroner til Høgskulen på Vestlandet, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

 

Strukturreforma til regjeringa har ført til at 33 universitet og høgskular har blitt redusert til 21.

 

- Me har no fått færre og meir solide institusjonar med sterkare fagmiljø. Ein vellukka fusjon krev evne og vilje til gjennomføring, men òg ressursar. Difor bidreg regjeringa med ekstra midlar til dei institusjonane som har fusjonert, uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i pressemeldinga.

 

I statsbudsjettet for 2017 er det løyvd 150 millionar kroner til arbeidet med samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing (SAKS) for å styrkja kvalitetsutviklinga i universitets- og høgskulesektoren. Mesteparten av desse pengane er no fordelt.

 

Les også: Statsministeren stod for den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet

 

Slik er SAKS-midlane fordelte

Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN):
12 millionar kroner

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU): 
14 millionar kroner

Nord universitet (NU): 
20 millionar kroner

Universitetet i Tromsø (UiT): 
11,5 millionar kroner

Universitetet i Bergen (UiB) + Kunst- og designhøgskolen (KhiB):
5 millionar kroner

Høgskulen på Vestlandet (HVL):
39 millionar kroner

Høgskolen i Innlandet (HINN):
24 millionar kroner

Sum: 125,5 millionar kroner

Sjekk den forvandlinga!

Sjekk den forvandlinga!

Svana heng fast i isen

Svana heng fast i isen

Rullar naken rundt "på faen"

Rullar naken rundt "på faen"

Har du eit kjæledyr utanom det vanlege?

Har du eit kjæledyr utanom det vanlege?