Gå til artikkelen
Folketalet i Hordaland vil ikkje auka så mykje som ein trudde for berre to år sidan, og folketals­utviklinga i Sunnhordland vil også stagnera, skal ein tru ferske tal frå Hordaland fylkeskommune. Biletet er frå Fitjarfetivalen i 2015. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Færre vil bu i Sunnhordland

Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Etne kan venta seg folkenedgang.

Publisert 17.02.2017 kl. 10.48. Oppdatert kl. 10.58.

Dei siste fylkesprognosane for utviklinga av folketalet i Hordaland viser ein nedgang på 70.000 innbyggjarar i fylket i 2040 samanlikna med kva som vart forventa i fjor. Kommunane rundt Bergen ligg an til folketalsvekst, medan kommunar i Hardanger og halve Sunnhordland får folketalsnedgang.

 

Dette viser nye tal frå Hordaland fylkeskommune. Folketalet i Hordaland er, trass i nedskrivinga, venta å vekse med 112.000 innbyggjarar innan utgangen av 2040. Dette er ein auke i folketalet på 22 prosent samanlikna med folketalet i 2015. Men talet er langt lågare enn fjorårets prognose, då ein rekna med at hordalending nummer 600.000 skulle bli fødd om ti år.

 

No må me vente til 2033 før det skjer. Bakgrunnen for at innbyggjartalet er justert ned blir forklart med at krisa i oljenæringa har hatt langt større innverknad på innvandringa, og følgjeleg folketalet, enn anteke.

 

- Når befolkningsprognosane no viser ei svakare vekst så bekreftar det at me står i ein alvorleg situasjon. Me treng høgare sysselsetting på Vestlandet. Vi jobbar aktivt med omstilling i Hordaland fylkeskommune, og det arbeidet må fortsette med full kraft om me skal klare å motverke lågkonjunkturen, og bidra til vekst både i folketal, sysselsetting og verdiskaping, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

 

Utan innvandring kjem folketalet til å vera 560.000 i 2040, som berre er ein auke på om lag 40.000 og kor den største veksten er hos den eldre delen av befolkninga.

 

- Dette syner at me er avhengig av innvandring. Vi må gjera oss attraktive for arbeidstakarar, både frå andre stader i Norge, men òg frå andre deler av verda, seier Kårbø.

 

Det er venta vekst i folketalet i 18 av 33 kommunar og det er kommunane rundt Bergen som er venta å ha størst auke. Det er venta nedgang i heile Hardanger, og fleire kommunar i Sunnhordland. Stord, Bømlo, Sveio og Austevoll får svak vekst, medan Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Etne vil få ein liten nedgang, skal ein tru prognosen.