Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Finn trøyst på toppane

Ellen Vestbøstad har mista mange nære personar på kort tid. Sjølv om det er tungt, har ho bestemt seg for at livet må gå vidare.

Fakta

Namn: Ellen Vestbøstad
Alder: 70
Yrke: Pensjonist
Bustad: Lambatøkje i Fitjar
Aktuell: Sprek 70-åring som når fjelltopp etter fjelltopp. Har meldt seg på Sunnhordland sin lesartur til Nepal i påsken.

I fjor klatra ho opp til toppen av Kilimanjaro, og i påsken er ho klar for å nå nye fjelltoppar i Nepal. For Ellen Vestbøstad gjeld det om å hiva seg ut i det ho har lyst til, når høvet måtte by seg. Fleire gonger har ho nemleg fått erfara kor raskt tilværet kan snu.

 

Allereie då ho då ho var 15 år og budde i Kvinnherad, opplevde ho å mista ein av sine nærmaste.

 

- Eg har teke nokre ungar i nakken på grunn av det som skjedde den dagen, fortel 70-åringen.

 

Me skrur tida tilbake. Ellen og den to år yngre broren sit heime i huset for å gjera lekser. Etterpåklatten i familien, veslesøster på fire år, legg ut på sprang. Ho har tenkt seg ned til foreldra, som er i naustet like nedanfor. Plutseleg høyrer storesøster og storebror lyden av ein buss som bråbremsar. Etterpå blir det heilt stille. Dei spring ned til vegen, som går på tvers av huset og naustet.

 

- Me sprang ned til vegen, og blei møtt med eit forferdeleg syn. Me kunne plukka opp deler etter henne. Heldigvis fekk ho døy momentant, fortel Ellen.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
Gode klede og handarbeid.
Uvane du vil bli kvitt?
Eg veit ikkje kva det skulle vera. Eg masar kanskje for mykje.
Kva er favorittmaten din?
Eg et alt, det er ingen spesiell rett som er favoritten.
Perle i Sunnhordland?
Det må vera ein fin fjelltopp. Eg likar med godt på Kidno.
Kva gjer du om ti år?
Det veit eg ikkje. Så lenge helsa er der, held eg meg heime og går tur. Ein veit aldri kva som skjer, så eg tek ein dag om gongen.

Dagen etterpå var også grufull.

 

- Eg gjekk på skulen og fekk spørsmål om noko frå historietimen. Hovudet mitt var ikkje på plass i det heile, og då eg ikkje kunne svara på spørsmål frå historia fekk eg mykje kjeft, mimrar 70-åringen.

 

Fleire gonger har ho tenkt tilbake på den manglande støtta ho opplevde den gongen.

 

- Me må ikkje bli slik. Me må ta vare på kvarandre, meiner Ellen.

 

Ulukka har sett sine spor. Kvar gong ho ser eit barn som står i vegkanten, og det kjem ein bil imot, så kjem kjenslene frå ulukkesdagen tilbake.

Foto: MARIUS KNUTSEN

- Du veit aldri når små barn legg på spring, og difor blir eg så engsteleg. Eg har fleire gonger måtta forklara til foreldre kvifor eg reagerer så sterkt.

 

Ho vaks opp med ein far som var heime, og ei mor som var ute i jobb.

 

- Eg tenkte ikkje så mykje på det då eg var lita, men fleire gonger seinare. Det var jo ikkje vanleg at far var heime i min generasjon, fortel Ellen.

 

Utan jobb var han likevel ikkje. Det har Ellen handfaste bevis på i sitt eige klesskap.

 

- Han var skreddar, og sydde blant anna denne kåpa til mor mi.

 

Med eit smil om munnen knappar ho på seg ei mørk grøn kåpe med fôr inst, som er innsvinga i livet og har matchande hue til. Deretter viser ho ein grøn kjole som ho sjølv både har designa og sydd, og deretter ein blå selskapskjole som ho også har laga.

- Eg er veldig glad i både å sy og strikka, fortel Ellen.

 

Ho er også kjend for lefsene sine, som ho lærte å laga av ei gammal nabokone på Fitjar. Så god har ho blitt, at ho har hatt fleire kurs for andre og meir uerfarne lefsebakarar.

 

- Det er ikkje vanskeleg, men det krev trening, seier 70-åringen beskjedent.

 

1966 vår året då ho tok på seg kvit blondekjole med lange ermar, og gifta seg med fitjarbu og bakar Arvid Vestbøstad.

 

- Medan eg jobba hos bakar Henriksen i Fitjar, hadde han jobb hos ein annan bakar i bygda. Det var slik me møttest, fortel Ellen.

 

Dei fekk to gutar og ei dotter, og delte livet saman i tjukt og tynt fram til i fjor sommar.

 

- Me likte begge å gå til i fjellet, og då han blei sjuk ville han at eg skulle halda fram med det. Men det var på eitt vilkår. Det måtte vera saman med andre. Difor har eg meldt meg på fellesturar med både turlaget og Sunnhordland sin lesartur til Kilimanjaro. Til påsken blir ho med på ny lesartur, til Nepal og Himalaya.

 

Ho går tur, syklar eller trenar på treningssenteret kvar einaste dag.

 

- Eg bryr meg verken om regn eller vind, men skodda har eg respekt for. Når den kjem er det lett å gå seg vill, seier den spreke 70-åringen.

 

I løpet av sju månader i 2015, mista ho både mora, mannen og ei nær venninne. Midt mellom alle nedturane som står i kø, inkludert at sonen blir hjarteoperert, får ho seg også ein solid opptur når ho melder seg på Mediehuset Sunnhordland sin lesartur til Kilimanjaro.

 

I juni tek ho fly til Afrika, for å nå det høgaste punktet på den nest største verdsdelen me har. Den siste etappen er ein fjelltur i både pluss- og minusgrader, som varer i 14 timar i strekk. Før reisefølgjet når toppen av Kilimanjaro 5.685 meter over havet, blir ho vitne til ein fantastisk soloppgang.

 

- Me starta klokka tolv om natta og me gjekk med hovudlykter. Det var ein fantastisk tur, fortel Ellen.

 

For å kunna gå i høgder over 3.500, er det viktig at kroppen får venda seg til høgda. Då bør ein drikka 4-5 liter vatn i døgnet.

 

- Turen gjekk veldig fint, sjølv om det gjekk sakte oppover. Det er dei som skal komma først til toppen som ofte får problem på ein slik tur, seier Ellen.

 

Heime låg mannen og fekk stell av son deira, som til vanleg bur i Tromsø. Ellen hadde aldri meldt seg på, om det ikkje var fordi mannen ville at ho skulle gjera det, og at sonen kunne passa på.

 

- Mannen min ville ikkje at eg skulle sitja heime, seier Ellen.

 

Nokre veker etter heimkomsten frå Kilimanjaro, kom dagen då hjarta hans ikkje orka meir.

 

- Det som var fint, var at han var klar i hovudet heilt til han døydde. Eg har mine tunge dagar, men eg har funne ut av livet må gå vidare, fortel Ellen.