Gå til artikkelen

Fjør i hatten for Fitjar

Publisert 25.11.2016 kl. 15.00. Oppdatert kl. 18.50.

I GÅR KOM gladmeldinga om at Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) er eitt av seks norske verft som er med i konkurransen om å byggja tre nye isbrytande kystvaktfartøy for Sjøforsvaret. Sysla har estimert at kvart av fartøya kan ha ein verdi på mellom halvannan og to milliardar kroner. Det er med andre ord snakk om ei gigantinvestering som regjeringa har forsert som tiltak for norsk verftsindustri som er hardt råka av oljekrisa.

 

HUGO STRAND uttalar i dagens avis at det er stort for verftet å visa seg verdige til ein slik konkurranse og i selskap med tunge norske verft. FMV er allereie i gang med arbeidet med design, dokumentasjon og priskalkylar. Strand peikar på at det at dei er med i konkurransen delvis skuldast det gode samarbeidet som verftet hatt med utvikling av eige design i samarbeid med Heimly.

 

DNB MARKETS presenterte tidlegare i månaden ein oversikt som viser at over 40.000 oljejobbar har forsvunne dei siste to åra. Stord kommune er blant kommunane som har kjent oljekrisa aller hardast. Med dette bakteppet er gårsdagens melding om prekvalifiseringa til FMV endå viktigare.

 

NO skal det presiserast at det i første omgang er snakk om at verftet er med i konkurransen blant andre, og det er slett ikkje sikkert at det er på Fitjar skipa til sjuande og sist skal byggjast. Det er også ein lang veg fram mot stortingsbehandling av saka våren 2018 og levering av første skip i 2022.

 

NÅR regjeringa tidlegare i haust forserte fornyinga av kystvaktflåten, så tok dei også i bruk eit verkemiddel som oljekriseråka industri og LO og opposisjonen har ropt etter. Dersom det er vilje og kreativitet bør det også finnast mogelegheiter for å bruka denne typen motkonjunkturtiltak for andre delar av offshoreindustrien.