Gå til artikkelen
Kjell Harald Vikanes tenner på vegetasjon ved Fossabrekko.
Alle foto: Hilde Vormedal Nybø

Flammejobb i fjellet

Flammane fresar når dei får tak på brakjen. Med fyrtøy og gass vil dugnads­gjengen leggja fjellet betre til rette for firbeinte og tobeinte.

Publisert 17.02.2017 kl. 18.00.

- Eitt år klarte me akkurat å sløkkja før flammane kom til Børtveit, seier Kjell Harald Vikanes.

 

Saman med Frank Einar Pedersen, Jon Vikane, Lars Kåre Førland og Johannes Haugland har han møtt opp på parkeringsplassen på Heio, Gjengen er dels turfolk og dels bønder. Med seg har dei flasker med butangass som skal gjera det lettare å få fyr.

Brenninga gjør at graset blir betre for sauene og at det blir lettare å ta seg fram for tobeinte.

Bål på bål

- Trekken går nedover, så det er ingen fare, slår Vikanes fast.

 

Han forsøkjer å tenna på buskar som veks ved bekken nedanfor vegen.

 

- Me brenn for å gjera graset betre for sauene, og fjellet betre for folk som vil gå på ski, seier Vikanes.

 

Etter kort tid har fjellsida fått ei lang rekkje mindre bål. Litt oppe i lia, brenn det kraftig i brakjebuskar.

 

- Brannvesenet er varsla og kan rykkja ut på kort tid, forklarar dugnadsgjengen.

Dugnadsgjengen fekk fine forhold til grasbrenning, men kunne ynskt seg noko meir trekk.

Dårleg trekk

Etter halvannan time har gjengen fått vekke det meste av brakje opp mot Fossabrekko.

 

- Me har også teke litt på andre sida, seier Johannes Haugland, som hadde ynskt seg meir trekk for å få betre fyr.

Graset frå i fjor blir spist opp av flammar.

Han fortel at dei prøver å få brent brakje og gras årleg, men det er ikkje alltid det går etter planen.

 

- Nokre gonger må me avlysa fordi det er for mykje vind, eller at det byrjar å regna. Brenninga må meldast inn til brannvesenet og det må også inn i avisa, slik at folk veit kva som skjer og ikkje ringjer ned brannvesenet, fortel Haugland.

 

Brannsjef i Stord, Børge Presthaug, fortel at han likevel har fått ein del telefonar frå folk som ikkje har fått med seg at det er grasbrenning i fjellet.