Gå til artikkelen
Håvard Tvedten får med seg kameramann til Frankrike når han skal dekka handball-VM for NRK.
Arkivfoto: MARIUS KNUTSEN

Følgjer VM tett for NRK

Håvard Tvedten blir NRK sin mann når Sander Sagosen & Co. kjempar om VM-medaljar i Frankrike.

Publisert 11.01.2017 kl. 16.30. Oppdatert kl. 16.35.

- Det blir spennande. Tidlegare har me vore eit team som har kommentert direkte frå hallen. Denne gongen har NRK valt ei anna løysing, seier Håvard Tvedten.

 

Den tidlegare landslagsprofilen får med seg ein kameramann til Frankrike. Sjølve kommentatorjobben vert gjort frå studio i Norge.

 

- Ja, det blir Patrick Sten Rowlands og Øystein Havang som kommenterer kampane direkte i radio. Min jobb i Frankrike vert å følgja det norske laget tett og laga innslag som vert sende både i nyhendesendingar og elles på alle NRK sin plattformer. Det kan bli spennande, seier Tvedten.

 

STOR REPORTASJE: Ein legende legg opp

Håvard Tvedten har også tidlegare vore ekspert­kommentator saman med Patrick Sten Rowlands i NRK. Denne gongen kommenterer Rowlands kampane frå Norge, medan Tvedten lagar innslag frå Frankrike.
Arkivfoto: PRIVAT

Viktig opning

Tvedten er særleg spent på dei to første kampane.

 

- I morgon torsdag møter me Polen. Laurdag står Russland for tur. Får me full klaff i begge dei kampane bør me liggja veldig bra an. Møtet med Frankrike søndag ser eg på som ei skikkeleg nøtt. Frankrike er vertsnasjon og har eit rutinert mannskap. For ein stor del av laget er denne meisterskapen ein siste skikkelege sprell på handballbanen. Franskmennene vil garantert selja seg dyrt, seier Tvedten.

 

Brasil og Japan er dei to andre laga i Norge si pulje. Det er lag Norge bør ha eit godt grep på, meiner Tvedten.

Direkte til åttandedelsfinalen

Etter puljespelet går fire av laga direkte til åttandedelsfinalen.

 

- Puljevinnar i den eine avdelinga møter då svakast plasserte lag i den andre pulja. Det handlar med andre ord om å komma høgt opp på tabellen etter innleiingspulja. Det kan gje enklare motstand i første cuprunden og dermed større sjanse til avansement, seier Tvedten.

Norge sine kampar

Torsdag 12/1: Polen - Norge (TV 2, kl. 20.00)
Laurdag 14/1: Norge - Russland (TV 2 kl. 17.00)
Søndag 15/1: Frankrike - Norge (TV 2 kl. 17.00)
Tysdag 17/1: Norge - Brasil (TV 2 kl. 13.30)
Torsdag 19/1: Japan - Norge (TV 2 kl. 20.00)

Barberte vekk skjegget på nyttårsaftan

Barberte vekk skjegget på nyttårsaftan

Her trekker Håkon si eiga visdomstann

Her trekker Håkon si eiga visdomstann

Her går det gale for mopedisten

Her går det gale for mopedisten

Ein billettør med godt humør

Ein billettør med godt humør