Gå til artikkelen

Fotgjengar påkøyrt i gangfelt

Sendt til Haugesund sjukehus.

Publisert 10.01.2017 kl. 20.22. Oppdatert kl. 20.42.

Tysdag kveld melder Sørvest politidistrikt om ei ulukke på Stord. Ei kvinne i 20-åra blei påkøyrt av ein kvinneleg bilist i 70-åra like ved krysset inn til Linneavegen frå Fv 544 i Sæ. Påkøyrsla skal ha skjedd i eit fotgjengarfelt. Det er 40-sone på denne vegen. Det opplyser Rune Plassen, operasjonsleiar i politiet, overfor Sunnhordland.

 

Då me snakka med Plassen i 20.30-tida hadde han ikkje opplysningar om tilstanden til den skadde fotgjengaren. Kvinna i 20-åra blei teken med til Stord sjukehus før politiet kom fram.

 

Der blei det avgjort at ho skulle sendast til Haukeland med luftambulanse, men på grunn av det dårlege vêret blei ho sendt sørover til Haugesund sjukehus.

 

Førarkortet til bilisten er beslaglagt og politiet har oppretta sak. Politiet fekk melding om ulukka rett før klokka 18.00.