Gå til artikkelen
Utsikt frå Elverhøy mot Frugardshuset. Det vesle mørke huset vert kalla borstovo. I bakgrunnen ser me krykkja.

Gammal stordom i fornya prakt

- Me har kost oss med arbeidet og lært mykje, ikkje minst av fantastisk dyktige medhjelparar. Utan desse hadde ikkje dette vore realiserbart for oss, seier ekteparket Sævareid som eig Frugarden.

Vegen frå kyrkja gjennom første delen av tunet. Frugardshuset til venstre. Det mørke huset til høgre vert kalla borstovo. Der fekk langvegsfarande ta inn og skifta til fin klede før dei gjekk til gudsteneste.

Ekteparet Astrid og Kjell Håvard Sævareid kan lena seg tilbake og nyta formiddagskaffien der dei sit i langkammerset i Frugardshuset.

 

For eit par hundre år sidan var Frugarden, eller Orning gard som garden opphavleg heiter, i sentrum for ei rivande utvikling på Stord. Ein periode vart det bygt skip der det i dag er parkeringsplass for dei som skal i kyrkja. Frugardselva var ein ressurs som tidleg vart utnytta. Her var mølledrift. Mølla var viktig ledd i matforsyninga på Stord ikkje minst i krigsåra då matsituasjonen var vanskeleg.

 

Ole Severin Olsen var ein tre brør som dreiv som møllarar. Ein fjerde bror, Ingolf Olsen, slo seg på elektrisiteten og starta mellom anna verksemda, Stomas. Det var i 1918. Verksemda er i full drift den dag i dag.

 

Mest sannsynleg var det nettopp i Frugarden at den første lyspæra gløda på Stord. Det vesle elverket ved Frugardselva skulle etter kvart komma til å gje elektrisitet til heile Leirvik ein periode.

 

Seinare har utviklinga skote fart på andre stader og andre felt på Stord. Frugarden har hamna meir i bakleksa. No er garden i ferd med å stå fram som eit vitneprov og eit bindeledd mellom gammal og ny tid.

 

Møllarmeisteren som i 1880-åra kom nyutdanna frå Vaksdal for å ta sete i Møllebuo og Frugarden som næraste nabo til kyrkja på Stord, ville ikkje hatt vanskar med å kjenna seg att og finna seg til rette sjølv hundre og førti år etter. Dei nye eigarane som tok over familiegarden i 2001 har nemleg hatt eit klart mål ved restaureringsarbeidet.

 

- Me måtte restaurera. Mykje var forfalle, men fornyinga av listverk, tapet og vindaugo er laga etter mål av det gamle. Det har vore viktig for oss å ta vare på stilen, men samstundes få inn noko av dagens standard både innanfor kjøken og bad, seier dei to.

Elverhøy ligg flott til øvst i tunet med god utsikt over Vikaflè.

Nær historie

Sjølv om husa og tunet ligg der dei gjorde det for eit par hundre år sidan, så er dette gardstunet på full fart inn i ei ny tid og ei ny rolle. Der Thomas Hagerup Olsen og far hans før det gjekk med stuttorven og slo fôr til dyra, har no «Robert» teke over slåttearbeidet. Den vesle roboten av ein plenklippar har vore ei stor lette for det nye eigarskapet.

 

- Ei god investering. Me likar å ha det grønt og fint rundt husa og i tunet elles, seier Kjell Håvard Sævareid. Han har sjølv solide slektsrøter langt inn i garden si stordomstid.

 

- Nemnde møllarmeister, Ole Severin Olsen, som kom frå Vaksdal var faktisk min oldefar. Eg kan nemna at han budde med kone og seks born i den vesle møllebuo ved Kyrkjeberget medan han var med og dreiv mølla. I møllebuo budde to av døtrene hans fram til langt ut på 1950-talet, fortel Sævareid.

Handlaga og etter nøya mål av original dekor. Lars Djuve har lagt mykje arbeid i å få alt tilbake slik det var. Her viser han dekor kring vindaugo.

Første glødelampen?

Lars Djuve har vore sentral i restaureringa av Frugarden. Ifølgje Kjell Håvard Sævareid har bygningsmannen vist eit engasjement, interesse og ein kreativitet som går langt utover det forventa.

 

Då gammal panel vart fjerna, kom Djuve over det han trur kan vera ei av dei første el-installasjonane på Stord.

 

- Det må vera rimeleg å tru det. Denne garden låg jo ved ei elv der det vart sett opp eit lite kraftverk. Funnet var ein lampehaldar i porselen. Denne hang sikkert i taket og som leidningen gjekk gjennom og ned til sjølve lyspæra, fortel Djuve. Denne sokkelen vart teken ut i to delar, men fingernæm som Djuve er så fekk han sett han i stand att. I dag heng han i Elverhøy, som er eitt av husa på garden.

Vinduslister og rekverk er laga for hand for å få det mest mogeleg likt det gamle. Mesteparten av bordkledninga som er nytta i restaureringa er skore av tømmer frå eigen skog.

Tømrarane sin signatur

Sævareid reknar med at namnet Elverhøy kjem av at huset ligg på ei lita høgde over Frugardselva.

 

Det var Ole Severin Olsen som fekk sett opp huset etter at han gifta seg med ei av døtrene på garden.

 

Då tilårskommen og dårleg bordkledning vart fjerna, dukka det brått fram nokre signaturar på den gamle tømra innanfor. Signeringa var gjort med blyant. Det er ikkje vanskeleg å tyda namna, Jakob Klippen og Gjert Skotteberg. Signeringa vart gjort i 1906.

 

- Eg kan berre tenkja meg til at det her er snakk om to tømrarar som midt i arbeidet har funne ut at dei vil skriva namna sine på veggen, seier Djuve. Han slo frampå om at dette måtte fram i lyset og fekk aksept på flekken.

 

- Ja, det var ikkje noko å lura på. For det første er det snakk om svært gamle signaturar. Når så Djuve finn ei så kreativ løysing som å nærast ramma det inn og gjera det til dekor på veggen for å få det fram i lyset så er det klart at me måtte gå for det, seier Sævareid. Han legg til at ei tilsvarande løysing er gjort også i Frugardshuset.

 

- Der er det ramma inn ei opning i panelet for å få fram gulfargen på tømra innanfor. Det var nemleg denne gulfargen som gjorde at rommet vart heitande gulakammerset, forklarar Sævareid.

 

Ekteparet har også investert i restaurering og reparasjon av alle dei andre husa på garden, stabbur, gamlado, Smalehuset og løa.

Merk sokkelen i taket. Den vesle porselensklumpen vart funne bak gammal panel. Kanskje var det frå denne den første lyspæra på Stord, hang.

Husmannsplassen står for tur

Restaureringsarbeidet i Frugarden har gått føre seg i fleire år. Skal me tru ekteparet, Sævareid, så er ikkje arbeidet avslutta enno.

 

- Nei, det står att ein husmannsplass. Den ligg litt gøymt mellom buskar på vestsida mellom Elverhøy og Ådlandsvegen. Framtida får visa kva me får til her, seier husbonden.

 

Til husmannsplassen høyrer eit stabbur og eit lite bustadhus. Frå gammalt av låg løa på høgda bak huset, fortel Sævareid.

Ny peis i borstovo. Jarle Didriksen har gjort murararbeidet. Lars Djuve har skore og laga til tredekoren. Materialet er henta frå tre som ein gong stod langs vegen i Frugarden.

Borgarstovo

Rett over gardsvegen til våningshuset i Frugarden ligg Borståvo. Dette er eit gardslokalt namn for Borgarstova som er ca. 150 år gammalt. Ho har gjennomgått den same restaureringa som dei andre hovudhusa. Her var ein så heldig at dei opprinnelege tømmerveggene kunne brukast etter vasking og pussing.

 

Dette vesle huset har vore bustadhus for fleire familiar. Dei siste var ein familie med mor og far og fem born. Dei budde der fram til like før siste verdskrig. Før det har det vore klesbyteplass for kyrkjefolk som kom med båt eller hest og kjerre før dei gjekk i kyrkja. Det har også vore systove, bakstehus og verkstad i seinare tid. No er det eit koseleg sovehus for gjester til Frugarden.

Potetkjellaren i Elverhøy er langt på veg gjort om til kjellarstove.

Eit flott område

Det å driva gardsbruk som næraste nabo til kyrkja har sin pris. Seks gonger har Frugarden måtta gje grunn til kyrkjegard. Den eine ligg nærast vegg i vegg med eit par av husa.

 

- Me har aldri hatt noko bråk med naboane. Dei har stort sett vore snille og rolege, smiler husbonden og ser utover gravstøttene på nedre kyrkjegard.

 

Då initiativet kom til utviding av øvre kyrkjegard i 1996 vart det klart at gardsdrifta var over for godt.

 

- Etter at onkelen min, Thomas Hagerup Olsen, la ned drifta tidleg på 1990-talet, var det vel heller ikkje snakk om at andre skulle driva vidare. Eg synest elles at det er vorte ein staseleg kyrkjegard, slår Sævareid fast.

 

Ein gong sette han likevel foten ned for eit initiativ frå kyrkje, stat og kommune.

 

- Då det kom planar om veg gjennom tunet, protesterte me. Det skal visst nok vera ei lov som krev ein eigen veg mellom kyrkja og kyrkjegarden. Dette for at gravfølgja skal kunna gå mest mogeleg uforstyrra av anna trafikk. Ein slik veg ville etter vårt syn øydelagt heile tunet. No har me teke til orde for og fått gjennomslag for at denne vegen skal gå langs med Frugardselva parallelt med Ådlandsvegen. Gravfølgja må då rett nok kryssa offentleg veg eit par stader før dei når øvre kyrkjegard, men det må vera til å leva med, meiner Sævareid.

- Interesserte og dyktige fagfolk har vore nøkkelen til eit godt resultat, seier Astrid og Kjell Håvard Sævareid (bak), som inviterte arbeidsgjengen til middag. Frå venstre framme: Jan Tore Sørheim, Lars Djuve og Jarle Didriksen.

For framtida

Restaureringa starta i 2011. Sævareid har tre born som alle har glede av garden og området.

 

- Ja, det er ein fin samlingsplass for familien. Me har også fått sett i stand naust og bryggje. Der er nyt me finvêret så ofte me kan om somrane, seier Sævareid. Han har ikkje finrekna på kostnadene dette restaureringsarbeidet har påført han og kona. I alle høve vil han ikkje ut me nokon sum.

 

- Det har kosta ein haug med pengar, men me synest det har vore verdt det, sluttar ekteparet Astrid og Kjell Håvard Sævareid.

 

Langkammerset er sett i stand slik det var. Mykje arbeid er lagt ned i Frugardshuset. Mellom anna vart det trilla ut store mengder jord og grus som golvplankane låg direkte nedpå. Golvet vart retta og fornya. Astrid og Kjell Håvard Sævareid kan nyta formiddagskaffien.

Frugarden

Garden vart først nemnt som Nedre Ådland.


Bernt Orning var adelsmann med sete på Vatna. For å få tilgang til foss og hamn ein gong på 1650-talet gjorde han makeskifte for å sikra seg garden som frå då vart heitande Orning gard.


Frugarden var første prestegarden på Stord, men etter nemnde makeskifte måtte presten flytta til Tyse noko som presten skal ha likt dårleg.


Bernt Orning flytta ikkje sjølv til garden, men let mor si bu der. Etter at Bernt døydde flytta også enkja etter han ned til Orning gard som. Begge var av adleg rank og vart dermed kalla fruer. Difor vart heitande Frugarden på folkemunne.


Etter at enkjene døydde kom det inn forskjellige eigarar. Mellom desse var Christie-familien som skulle bli ei eliteslekt i Norge på den tida.


I 1870-åra vart det starta mølledrift ved Frugardselva.


I 1908 kom det i gang også eit elektrisitetsverk ved elva.