Gå til artikkelen

Har aldri mista humøret

For 20 år sidan blei Edith Olsen Alsaker råka av brystkreft. Ho har aldri blitt erklært frisk, men smilet er alltid på plass likevel.

Fakta

Namn: Edith Olsen Alsaker

Alder: 55

Bustad: Sagvåg

Sivilstand: Gift med Jarle Alsaker. Tre barn (Rebecca,Robert og Richard) og to barnebarn.


Aktuell: Fekk brystkreft på grunn av ein arveleg genfeil. Dette er årets tema i Rosa sløyfe-aksjonen, som startar 1. oktober.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
Den nærmaste familien min, dei er dei viktigaste i livet mitt.
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
Eg veit ikkje om eg vil bli kvitt han, men eg nynnar og syng uansett kvar eg er. Til og med i køen på butikken.
Kva er favorittmaten din?
Kokt torsk med bacon.
Perle i Sunnhordland?
Turstien i Hystadmarkjo.
Kva gjer du om ti år?
Eg tenkjer aldri så langt fram, eg tek ein dag om gongen.

- Eg blir aldri lei meg når folk spør kor gammal eg er, fordi eg er så glad eg lever. Eg er glad for kvart einaste år eg får, eg, seier Edith Olsen Alsaker (55).

 

HEIME I DET lyse kjøkenet sitt har Edith tent lys på bordet og det er flammar i peisen. Dei varmgule putene som er plassert i spisestolen og på sitjebenken, og dei gule og raude blomane i vasen på spisebordet, står i sterk kontrast til dei mange regndropane som dalar ned frå himmelen utanfor kjøkenvindauget.

 

Det nyoppussa rommet er planlagt ned til minste detalj. Her har ho miksa reine, kvite flater med møblar og skjerebrett i varmbeisa tre, utan innvendingar frå mannen.

 

- Eg har vore interessert i interiør sidan eg var 10-12 år. Allereie då teikna og innreia eg hus, fortel 55-åringen.

 

I hylla bak kjøkenbenken har ho dandert koppar i gult, raudt, rosa og blått, og på veggen finn eit blant anna fotokunst med bilete av to rynkete, smilande, røykjande og tilsynelatande eldre menneske.

 

- Eg synst det biletet er så herleg. Rynkane som viser djupe spor av eit levd liv. Eg trur dei må vera frå Cuba, seier Edith.

 

 

Ho har teke vare på interiørblad tilbake frå 70-talet, og nokre av dei av dei er stabla oppå kvarandre, tett i tett, i trappetrinna som går ned til tv-stova.

 

- Eg klarar ikkje å hiva dei! Eg har ein heil stabel nede i kjellaren også, men der slepp du ikkje ned, seier 55-åringen, og bryt ut i latter.

 

Ho har alltid vore kreativ, og særleg etter at ho blei råka av kreft, har det vore viktig for henne å bruka ei kreative sidene.

 

- Då eg blei sjuk malte eg mange bilete. Slik fekk eg uttrykt mykje kjensler. Kreative prosjekt i heimen gjev meg mykje glede i kvardagen. Eg har stadig nye planar, men alle kan ikkje realiserast på éin gong. Det blir jo fort litt kostbart, seier Edith og bryt ut i latter på ny.

 

FOR 20 ÅR sidan tok livet ei ny vending, då ho oppdaga ein stor klump i det eine brystet.Trebarnsmora på 35 år måtte først gjennom ein operasjon, og seinare ein hestekur, som ho kallar det.

 

- Det var sterke saker. Dei slutta faktisk med denne cellegiftbehandlinga året etterpå, fordi behandlinga gav så mange seinskadar. Og nettopp seinskadane er årsaka til at eg aldri kom meg ut i jobb igjen, seier Edith.

 

Kvar veke reiser ho til Haugesund for å få behandling.

 

- Eg har mykje smerte og hevingar i kroppen, og eg har aldri blitt erklært frisk frå sjukdommen. Men lev som om du er frisk, sa legane til meg, og det gjer eg.

 

Tema for årets Rosa sløyfe-aksjon, som startar på laurdag, er kreft som går i arv. På ein brutal måte har Edith fått kjenna på kva dette kan innebera.

 

- Det er veldig mange i slekta mi som har blitt råka av kreft. Sidan eg blei sjuk er me 34 personar i slekta mi som har fått påvist genfeilen. 12-13 har hatt kreft. Berre fire har overlevd, og eg er ein av dei, fortel Edith.

 

Når ho snakkar om slekta inneber det både tanter, søsken, søskenbarn, nieser og tremenningar, i alderen 27-50 år.

 

- Eg føler meg jo heldig som har fått leva så lenger, seier 55-åringen.

 

Då ho oppdaga sjukdommen opplevde ho at det var lite snakk om genfeil og arveleg kreft både blant folk generelt og i media.

 

- I dag er det heilt annleis, og det tykkjer er bra. Slik er det lettare å førebyggja kreft, dersom du ber på ein arveleg genfeil, meiner Edith.

 

Sjølv har ho fjerna begge brysta sine, eggstokkane og eggleiarane.

 

BEGGE FORELDRA HENNAR døydde av kreft då dei var ganske unge.

 

- Mor mi var berar av ein genfeil som kan føra til både eggstokk- og brystkreft. Sjølv døydde ho av eggstokkreft, fortel Edith.

 

Ho seier at størsteparten av slekta hennar har vore opne rundt temaet om at sjukdommen går i arv i familien.

 

- Nokon vel å ikkje snakka om det, og det er deira val, utan at eg heilt kan forstå det.

 

Ho har sett på nært hald at det å få vita at ein er berar av eit gen som kan føra til kreft, kan vera ei stor psykisk påkjenning.

 

- Utan at eg heilt var klar over det, var mor mi med i eit forskingsprosjekt ved Radiumhospitalet fordi ho var berar av genfeilen som førte til at ho fekk kreft. Like etter at ho døydde blei eg og dei fire søskena mine kontakta av forskarane, og me fekk førespurnad om me var villige til å bli med i forskingsprosjektet om arveleg kreft, fortel Edith.

 

Alle takka ja, og her fekk dei vita at fire av dei fem søskena var berarar av genfeilen frå mor deira.

 

- Seinare har barna våre blitt testa, og det som er fantastisk, er at ingen av barna mine har arva genfeilen. Då me fekk vita det, var det derimot fleire av barna til søskena mine som fekk motsett beskjed, så det var ikkje lett å jubla.

 

Då Edith takka ja til prosjektet, visste ho ikkje sjølv at ho gjekk rundt med kreft.

 

TRASS I MOTGANGEN, gjev Edith inntrykk av å vera ei sprudlande dame som ser lyst på livet.

 

- Eg har fått spørsmål om kvifor eg er så glad, med tanke på alt eg har vore gjennom. Men humøret er jo det som held meg oppe. Eg føler faktisk at eg blir meir og meir gira for kvar år som går, seier 55 åringen.

 

Ho nynnar og syng, anten det er heime eller i køen på butikken, og den raude leppestiften er aldri langt unna.

 

- Leppestiften er varemerket mitt. Det er liksom Edith med dei raude leppene.

 

Ho har blitt flink til å setja pris på små gleder i kvardagen.

 

- Familien betyr alt for meg. Eg er vel saman med barn og barnebarn nesten kvar einaste dag. For meg er det kvardagen som betyr mest, og eg likar meg best heime, seier Edith.

 

Ho stoppar opp.

 

- Eg må jo ikkje gløyma mannen min, Jarle. Eg set stor pris på han også! seier 55-åringen, medan ho ler ein trillande latter.