Gå til artikkelen
Mange møtte opp for å høyra debatten om vidare støtte til Stord Maritime Museum i kommunestyret torsdag ettermiddag. Foto: Marius Knutsen

Held tilbake pengar

Sunnhordland museum og Stord maritime museum får kniven på strupen av kommunestyret.

Publisert 16.02.2017 kl. 16.05. Oppdatert kl. 16.07.

Kommunestyret gjev Sunnhordland museum og Stord maritime museum frist til 15. april for å komma fram til eit nytt avtaleverk som skal sikra det vidare samarbeidet.

Fram til fristen går ut vil Stord kommune halda tilbake 520.000 kroner av årets tilskot til Sunnhordland Museum. Dersom partane ikkje blir samde om vidare samarbeid, vil Stord kommune bruka av desse pengane for å gjennomføra ei eventuell avvikling av Stord maritime museum.

Fylket på banen

Forslaget som blei vedteke mot SV sine fire røyster, tok utgangspunkt i eit forslag som blei utforma etter eit telefonmøte mellom ordførar, rådmann og representantar frå Hordaland fylkeskommune onsdag. Forslaget blei fremja av Ap, Sp, KrF og Frp.

I vedtaket står det at rådmannen skal ta kontakt med Hordaland fylkeskommune for samarbeid om utvikling av det konsoliderte Sunnhordland museum som ansvarsmuseum for maritim kulturarv.

Dersom det ikkje blir noko vidare samarbeid, og Stord maritime museum likevel vil halda fram, ligg det i vedtaket at dei eventuelt kan få status som ei meir frittståande samling. I så fall må dei søkja om driftsstøtte på linje med andre lag og organisasjonar i kommunen.


- Må sjå framover

Forslaget får skryt frå både Sigbjørn Framnes (Frp) og Fredrik Litleskare (H), som meiner ordføraren har gjort ein god jobb for å løysa det som har blitt ein vanskeleg konflikt i denne saka.

Jakob Bjelland (Sp) rosar også innsatsen som over mange år har blitt gjort hos begge partar, men beklagar at samarbeidet har stranda.

- I den grad det går an, er det vår oppgåve å leggja til rette for at samarbeidet kan halda fram. Det må gå ei oppmoding frå oss til begge partar om å leggja bak seg personlege motsetningar og kjepphestar, og i staden jobba saman for å byggja noko for framtida. Det viktigaste er faktisk at dei som veks opp på Stord skal få oppleva den historia dette samfunnet er bygt på. Å byggja vidare på ein konflikt tener ingen, seier Bjelland


Sjølvstendige einingar

Nils Magne Blålid (SV) fremja i møtet forslag om å la Sunnhordland museum og Stord maritime museum sine vegar skiljast, og heller la dei utvikla seg som to sjølvstendige einingar.

Forslaget la også opp til at tilskotet til Sunnhordland museum skulle utbetalast med det same, med eit frådrag på 200.000 kroner som skulle gå som eit eingongstilskot direkte til Stord maritime museum. Dette forslaget fall.