Gå til artikkelen
Idrettslaget Solid får mest tippe-pengar. Her er Maria Nerhus Bjelland (f.v.) Synne Gjeraker Watne i Solid Raud 2003 frå Bendit Cup på Nysæter idrettsplass i 2014.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Idrettslaga stikk av med dei største summane

For første gong fekk Solid inn over ein kvart million kroner frå Grasrot­andelen i 2016.

Publisert 11.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 11.46.

Sist veke blei 2016-tala for Grasrotandelen klare. Av alle organisasjonane i Sunnhordland, var det ingen som fekk i nærleiken av like mykje tippepengar som Idrettslaget Solid, som for første gong fekk over ein kvart million kroner. Det er 50.000 kroner meir enn dei fekk inn året før.

 

- Det er veldig kjekt, seier ein godt nøgd styreleiar, Tove Nygård.

 

Ho fortel at dei heile tida prøver å gjera folk merksame på at ein kan bidra gjennom Grasrotandelen, utan at det er eit spesielt målretta arbeid som blir gjort for å auka talet på spelarar.

 

  • Sjå full oversikt over lokale lag og organisasjonar lenger nede i saka.
 

Utviklar klubben

Det ser ut til å fungera. Med 492 spelarar er Solid den organisasjonen i Sunnhordland med aller flest spelarar på laget.

 

- Det er jo den største organisasjonen i Sagvåg-/Litlabø-området, så det heng nok saman med det. I tillegg blei det tidleg gjort ein god innsats, då Grasrotandelen kom, som me framleis nyt godt av, seier Nygård.

 

Då ordninga enno var ung, var planen at pengane som kom inn skulle setjast av for å få råd til å tilsetja ein dagleg leiar. Slik blei det ikkje.

 

- Tidene endra seg litt, og me såg at me ikkje klarte å få gang på det i dei åra som har gått. No har me brukt ein del pengar på hallprosjektet, og har også bidrege til at fotballen har kunna tilsetja trenarutviklar og trenar. Elles brukar me i hovudlaget mesteparten av midlane me har til utdanning av leiarar og trenarar, og på den måten utvikla klubben vidare, fortel Nygård.

 

Styreleiar Tove Nygård i IL Solid haustar no fruktane av eit godt arbeid i å verva tipparar då Grasrot­andelen kom for nokre år sidan.
Arkivfoto

Over 100.000 kroner

Ho er langt frå den einaste lokale idrettsleiaren som har grunn til å vera nøgd med summane som no kjem frå Norsk Tipping. Ser me på dei organisasjonane som får mest pengar i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, Kvinnherad og Tysnes, er det idrettslag på dei 14 øvste plassane på lista.

 

Nest mest er det Trio som får, med 197.533 kroner frå sine 338 spelarar. Stord idrettslag kjem på tredjeplass, med 167.462 kroner frå 199 spelarar. Alle dei ti organisasjonane som fekk inn mest pengar i dette området i fjor, fekk over 100.000 kroner.

 

 

 

Røde Kors og korps

Eitt av laga som tidlegare har skilt seg ut med summar som knapt kan samanliknast med andre lag, er Stord Orientering. Som Sunnhordland har omtalt i fleire omgangar, heng dette saman med innsatsen til nokre få enkeltpersonar, med Bjarthe Westerheim i spissen. I toppåret 2013 fekk dei inn 705.006 kroner. Dei siste åra har det blitt noko mindre for kvart år, og i fjor spelte dei 35 spelarane til Stord Orientering inn 138.850 kroner.

 

Ser me vekk frå idrettslaga, er det Stord Røde Kors som får mest pengar, med 64.175 kroner for 2016. Sagvåg skulekorps kjem også høgt på lista, med 56.898 kroner.

SumSpelararOrganisasjonKommune
253 484,09 492 IDRETTSLAGET SOLID STORD
197 644,51 338 TRIO IDRETTSLAG KVINNHERAD
167 462,28 199 STORD IDRETTSLAG STORD
138 850,21 35 STORD ORIENTERING STORD
130 649,33 303 BREMNES IDRETTSLAG BØMLO
123 329,74 288 HALSNØY IDRETTSLAG KVINNHERAD
118 560,22 282 TROTT IDRETTSLAGET FOTBALLGRUPPA STORD
109 380,67 218 ROSENDAL TURNLAG KVINNHERAD
101 283,68 128 IL STRAND ULV KVINNHERAD
100 435,38 207 MOSTER IDRETTSLAG BØMLO
99 872,74 233 FINNÅS SPORTSKLUBB BØMLO
96 750,08 223 FITJAR IDRETTSLAG FITJAR
90 544,40 156 NJARDAR/TYSNES TYSNES
68 716,22 122 USKEDAL IDRETTSLAG KVINNHERAD
64 175,31 163 STORD RØDE KORS STORD
63 145,23 191 RUBBESTADNESET IDRETTSLAG BØMLO
58 415,61 157 STORD FOTBALL STORD
56 898,64 129 SAGVÅG SKULEKORPS STORD
55 857,25 41 REKSTEREN IDRETTSLAG TYSNES
53 293,02 80 HERØYSUND BYGDALAG KVINNHERAD
50 072,77 121 STORD MOTOCROSS KLUBB STORD
50 054,18 118 LUNDEGREND IDRETTSLAG TYSNES
48 968,02 43 HATLESTRAND OG ØLVE SKYTTARLAG KVINNHERAD
47 874,33 77 STORD HANDBALL ELITE STORD
47 625,54 181 BØMLO IDRETTSLAG BØMLO
47 291,54 97 KVINNHERAD HANDBALLKLUBB KVINNHERAD
46 216,44 61 SUNNHORDLAND TOPPFOTBALL AS STORD
43 399,88 76 ARBEIDSGRUPPA VALEPARKEN KVINNHERAD
43 057,09 51 TYSNES IDRETTSLAG TYSNES
40 842,48 127 STORD KATTEVERN STORD
40 381,84 71 BØMLO AMERICAN CAR CLUB BØMLO
40 252,58 116 KVINNHERAD MOTORSPORTKLUBB KVINNHERAD
39 276,43 104 VENELAGET FOR GRUO STORD
39 105,89 37 STORD SNOOKERKLUBB STORD
38 253,04 32 HALSNØY LEIRDUEKLUBB KVINNHERAD
36 770,65 90 MOSTER SKULEKORPS BØMLO
36 525,82 123 BØMLO RØDE KORS BØMLO
36 410,07 28 AKTIV & GLAD HUND BØMLO
35 370,48 58 HERØYSUND IDRETTSLAG KVINNHERAD
35 284,80 74 KVINNHERAD RØDE KORS HJELPEKORPS KVINNHERAD
34 201,30 37 LEIRVIK BALLKLUBB STORD
29 495,44 91 OMVIKDALEN IDRETTSLAG KVINNHERAD
29 203,54 88 LANGELAND SKULEKORPS STORD
27 676,63 107 BØMLO MOTORSPORTKLUBB BØMLO
27 547,62 75 FITJAR SKYTTERLAG FITJAR
27 480,26 78 FITJAR SKULEKORPS FITJAR
27 425,03 58 STORD BORDTENNISKLUBB STORD
25 356,93 68 STORD BOWLING KLUBB STORD
25 157,92 77 USKEDAL SKULEMUSIKK KVINNHERAD
25 006,05 10 HUSNES BÅTLAG KVINNHERAD
24 814,88 96 IDRETSLAGET TERNEN KVINNHERAD
23 815,53 60 KVINNHERAD GOLFKLUBB KVINNHERAD
23 506,78 76 KATTEGRUPPA PÅ BØMLO BØMLO
23 355,42 85 HØYLANDSBYGD BYGDALAG KVINNHERAD
23 283,13 64 STORD GOLFKLUBB STORD
23 272,20 80 ØLVE UNGDOMSLAG KVINNHERAD
22 279,62 28 LHL KVINNHERAD KVINNHERAD
22 230,08 34 MOSTER BÅTLAG BØMLO
22 166,28 19 KVINNHERAD BUEJEGERKLUBB KVINNHERAD
22 132,19 51 HUSNES MUSIKKLAG KVINNHERAD
21 582,79 36 ÆNES OG MAURANGER BYGDALAG KVINNHERAD
21 328,29 63 STORD KARATEKLUBB STORD
19 843,09 76 ESPEVÆR GRENDAUTVALG BØMLO
18 713,02 48 HALSNØY SAMFUNNSHUS VELFORENING KVINNHERAD
18 607,16 40 VARELD SKYTTARLAG KVINNHERAD
18 486,00 66 LHL STORD STORD
18 353,06 40 STORD PETANQUEKLUBB STORD
17 292,58 64 HUGLO UNGDOMSLAG STORD
17 098,98 9 BREMNES DRILL BØMLO
17 069,80 46 STORD PISTOLKLUBB STORD
16 321,36 15 OMVIKDALEN UNGDOMSLAG KVINNHERAD
16 180,29 47 FITJAR FRIVILLIGSENTRAL STIFTINGA FITJAR
15 488,87 42 FJELBERG BYGDALAG KVINNHERAD
14 945,59 46 JUDO KLUBB STORD STORD
14 908,00 52 ROSENDAL SKULEKORPS KVINNHERAD
14 903,12 31 KVINNHERAD SKYTTARLAG KVINNHERAD
14 852,03 40 HØYLANDSBYGD SKYTTERLAG KVINNHERAD
14 705,47 23 INTERESSELAGET VANGSSAGO KVINNHERAD
14 472,11 39 MATRE IDRETTSLAG KVINNHERAD
14 426,43 35 MELING SKULEKORPS BØMLO
14 122,38 55 ONARHEIM IDRETTSLAG TYSNES
14 029,08 43 STORD SKULEKORPS STORD
13 943,56 28 SONGLAGET STORDABUEN STORD
13 690,51 55 TYSNES RØDE KORS HJELPEKORPS TYSNES
13 651,09 20 HUSNES SKYTTARLAG KVINNHERAD
13 187,10 26 FITJAR VETERANBIL KLUBB FITJAR
13 037,39 28 STORD MUSIKKLAG STORD
12 606,45 36 HÅLANDSNESET GRENDALAG TYSNES
12 428,31 46 VÅGE SKULEMUSIKKLAG BØMLO
12 336,80 25 GODDO GRENDALAG BØMLO
12 279,22 19 STORD BADMINTONKLUBB STORD
12 078,47 29 FITJAR MUSIKKLAG FITJAR
12 050,24 38 STORD SKYTTARLAG STORD
11 301,07 10 OPSANGERVÅGEN VETERANBÅTLAG KVINNHERAD
11 250,90 19 FLATRÅKER BYGDALAG TYSNES
11 058,89 30 UNGDOMSLAGET HATLESTRENDINGEN KVINNHERAD
11 050,71 23 VALEN RIDE OG KJØREKLUBB KVINNHERAD
10 837,48 26 TIGER FK STORD
10 803,57 26 RØYSTERETT FOR ALLE KVINNHERAD
10 711,82 32 STORD SYKLEKLUBB STORD
10 405,59 45 MOSTER INDREMISJON BØMLO
10 359,65 26 SAGVÅGEN KYSTLAG STORD
10 310,63 37 OPDAL UNGDOMSLAG TYSNES
10 205,37 32 RUBBESTADNESET SKULEKORPS BØMLO
10 155,83 47 STORD FITJAR TURLAG STORD
9 985,78 45 TYSNES SKULEKORPS TYSNES
9 978,81 28 MATRE BYGDALAG KVINNHERAD
9 835,51 24 HALSNØY O-LAG KVINNHERAD
9 652,18 29 BØMLO SKYTTARLAG BØMLO
9 542,01 31 ONARHEIM MUSIKKLAG TYSNES
9 541,45 33 VENNER AV SÆBØ STORD
9 389,33 36 VALESTIFTINGA KVINNHERAD
9 287,73 37 FJELLHAUGEN SKISENTER AS KVINNHERAD
9 005,60 27 FITJAR SHOTOKAN KARATEKLUBB FITJAR
8 937,48 24 STORD UNGDOMSKOR STORD
8 899,53 11 LIONS CLUB HALSNØY KVINNHERAD
8 769,57 19 MENTAL HELSE HORDALAND STORD
8 685,53 7 KVINNHERAD REVMATIKERLAG KVINNHERAD
8 305,56 28 ROLFSNES GRENDALAG BØMLO
8 173,86 17 FITJAR SENIORSENTER FITJAR
8 029,14 36 ROSENDAL RIDEKLUBB KVINNHERAD
8 026,93 30 MENTAL HELSE STORD STORD
7 977,31 17 REKSTEREN UNGDOMSLAG TYSNES
7 952,30 40 HILLESTVEIT MUSIKKORPS BØMLO
7 902,57 7 ØLVE SPELLAG KVINNHERAD
7 853,11 32 USKEDAL HELSELAG KVINNHERAD
7 695,35 11 SOLSTRÅLEØYA VENELAG TYSNES
7 645,28 18 BREMNES KVINNE OG FAMILIELAG BØMLO
7 540,29 24 FOLDRØY VEL BØMLO
7 294,21 23 RØYRØY VEL BØMLO
7 169,61 4 KVINNHERAD SKATEKLUBB KVINNHERAD
7 067,23 19 DÅFJORDEN VELFORENING FITJAR
7 043,91 30 SAGVÅG MUSIKKLAG STORD
7 020,69 28 ROSENDAL MUSIKKLAG KVINNHERAD
7 010,57 21 STORD REVMATIKERLAG STORD
6 970,16 27 STORD UNDERVANNSKLUBB STORD
6 901,87 6 STAVLANDS VEL BØMLO
6 871,92 8 KVINNHERAD HUNDEKLUBB KVINNHERAD
6 852,20 25 MENTAL HELSE KVINNHERAD KVINNHERAD
6 668,30 16 KVINNHERAD KYSTLAG KVINNHERAD
6 311,76 10 KVINNHERAD RØDE KORS OMSORG KVINNHERAD
6 251,07 13 NFU BØMLO LOKALLAG BØMLO
6 186,62 7 KVINNHERAD BRIDGEKLUBB KVINNHERAD
6 163,55 8 KVINNHERAD LOKALLAG AV NFU KVINNHERAD
6 155,90 9 SUNDE KYST OG LITTERATURSENTER KVINNHERAD
6 093,47 15 H S D BILANE BØMLO
6 028,24 18 HLF FITJAR STORD STORD
6 027,25 24 KVINNHERAD AMCARCLUB KVINNHERAD
5 993,72 11 TYSNES SKYTTARLAG TYSNES
5 937,05 8 ODD FELLOW LOGE NR 88 HÅKON DEN GODE STORD
5 849,50 26 HUSNES SKULEKORPS KVINNHERAD
5 844,70 20 LEIRVIK MANNSKOR STORD
5 836,17 12 KVINNHERAD UNDERVANNSKLUBB KVINNHERAD
5 716,94 33 STORD RIDE OG KØYREKLUBB STORD
5 712,63 19 VENELAGET FOR HALSNØY KLOSTER KVINNHERAD
5 644,11 35 ROSENDAL SPEIDARGRUPPE KVINNHERAD
5 499,89 19 STORD JEGER OG FISKERFORENING STORD
5 489,13 22 VIDSTEENTUNET VE OG VEL STORD
5 391,17 11 STEINSVÅG OG VORNES VEL OG BRA BØMLO
5 341,79 13 INTERESSELAGET POSTVEGEN ØLFERNES KVINNHERAD
5 266,50 9 KVINNHERAD ROKLUBB KVINNHERAD
5 254,59 10 HUSNES BLANDAKOR KVINNHERAD
5 222,03 24 KVINNHERAD TURLAG KVINNHERAD
5 171,65 14 HEIANE BOKSEKLUBB STORD
5 118,89 16 BREMNES PISTOLKLUBB BØMLO
5 111,04 20 SIGLARLAGET NJORD TYSNES TYSNES
5 092,67 21 USKEDAL UNGDOMSLAG KVINNHERAD
5 054,38 14 STORD FLYKLUBB STORD
4 954,72 4 VELFORENINGEN FJELBERGPARKEN KVINNHERAD
4 932,26 15 BØMLO HOBBYLAG BØMLO
4 774,00 27 HALLARÅKER GARDSLAG BØMLO
4 767,00 19 BRANDASUND GRENDALAG BØMLO
4 765,10 11 SUNNHORDLAND KAMMERORKESTER KVINNHERAD
4 699,16 15 BØMLO TURLAG BØMLO
4 683,87 23 UTÅKER BYGDALAG KVINNHERAD
4 682,48 18 BØMLO JAKT OG FISKELAG BØMLO
4 318,15 15 FOLGEFONN RC-KLUBB KVINNHERAD
4 282,23 21 STORD SVØMMING STORD
4 248,87 16 KVINNHERAD FOLKEMUSIKKLAG KVINNHERAD
4 192,08 31 ROMMETVEIT SKULEKORPS STORD
4 188,61 23 MOSTER DRILL BØMLO
4 178,32 15 IPX STORD
4 086,58 17 BØMLO SPORTSDYKKERE BØMLO
4 021,75 12 MENTAL HELSE BØMLO BØMLO
3 940,78 10 INTERESSELAGET FOR GALEAS GURINE KVINNHERAD
3 861,08 15 HARDANGER PARAGLIDERKLUBB KVINNHERAD
3 847,40 16 BØMLO KYSTLAG BØMLO
3 738,01 14 TYSNES MUSIKKLAG TYSNES
3 724,18 11 STORD TENNISKLUBB STORD
3 651,80 14 FITJAR STORD HUNDEKLUBB STORD
3 635,89 9 SKORPEN GRENDAHUSLAG TYSNES
3 561,18 11 ALSLAGET NORDLANDS/LYNGSHEST I VEST FITJAR
3 559,88 16 MOSTER SOGELAG BØMLO
3 543,01 28 BØMLO JANITSJAR BØMLO
3 494,63 11 BØMLO HUNDEKLUBB BØMLO
3 486,09 9 SEIMSFOSS GRENDALAG KVINNHERAD
3 441,49 11 HERØYSUND SKULEMUSIKK KVINNHERAD
3 412,61 10 DIABETESFORBUNDET SUNNHORDLAND BØMLO
3 309,31 20 TREKLØVEREN GRENDA & UNGDOMSLAG BØMLO
3 301,27 5 BØMLO FOTOKLUBB BØMLO
3 289,50 4 TYSNES MUSÉLAG TYSNES
3 278,89 7 HAGESELSKAPET STORD STORD
3 276,55 10 KVINNHERAD BADMINTONKLUBB KVINNHERAD
3 263,50 6 MANNSKORET HAVDUR BØMLO
3 222,97 9 MOSTER GRENDAUTVAL BØMLO
3 180,63 18 BØMLO BÅTLAG BØMLO
3 171,08 8 NORSK FORBUND FOR SVAKSYNTE HORDALAN KVINNHERAD
3 157,98 8 HUSNES UNGDOMSLAG KVINNHERAD
3 155,59 15 TYSNES UNGDOMSLAG TYSNES
3 152,00 23 VARALDSØY SANITETSLAG KVINNHERAD
3 128,25 15 STORDKORET STORD
3 110,81 10 VENNELAGET FOR LEIRVIK FYR STORD
3 082,65 14 1 LEIRVIK SPEIDARGRUPPE STORD
3 064,24 7 REKSTEREN KARATEKLUBB TYSNES
3 052,65 14 KVINNHERAD RØDE KORS LOKALFORENING KVINNHERAD
3 000,75 11 REBEKKALOGE NR 94 MIRA STORD
2 999,37 18 SKULEHUSET SNILSTVEITØY KVINNHERAD
2 902,97 11 STORD HUSFLIDLAG STORD
2 896,78 12 SUNDE GRENDALAG KVINNHERAD
2 865,39 5 OPTIMISTEN KVINNHERAD
2 858,75 12 BØMLO HUSFLIDSLAG BØMLO
2 802,44 11 HATLESTRAND BYGDELAG KVINNHERAD
2 730,68 10 APALVEGEN VEL STORD
2 702,10 8 OPPESTØLEN VELFORENING STORD
2 667,25 16 ROSENDAL SONGLAG KVINNHERAD
2 627,20 6 SEIMSFOSS HELSELAG KVINNHERAD
2 530,89 7 USKEDALEN UTVIKLING KVINNHERAD
2 522,67 11 SAGVÅG KFUK KFUM STORD
2 434,30 11 NESSE GARDSLAG BØMLO
2 340,97 8 LIONS CLUB STORD FITJAR STORD
2 330,79 14 ESPEVÆR BYGDALAG BØMLO
2 311,94 7 RUBBESTADNESET SØNDAGSSKULE BØMLO
2 285,24 11 STORD TINDE OG KLATREKLUBB STORD
2 281,82 12 STORD BABY OG BARNESVØMMING STORD
2 245,75 11 SOLHEIMSDALEN GRENDELAG TYSNES
2 221,22 3 AKTIVITETSPARKEN KVINNHERAD
2 205,10 15 HUGLO IDRETTSLAG STORD
2 187,51 11 BØMLO BARNE OG UNGDOMSTEATER BØMLO
2 183,20 2 KVINNHERAD TRAVLAG KVINNHERAD
2 139,20 5 TYSNES SPORTS SKYTTERKLUBB TYSNES
2 076,50 7 BØMLO MALEKLUBB BØMLO
2 069,47 17 KVINNHERAD BRETTSPELKLUBB KVINNHERAD
2 044,20 11 BØMLO TUR OG SOGELAG BØMLO
2 036,55 9 KVINNHERAD TREKKSPELKLUBB KVINNHERAD
2 000,63 5 ELDØYANE SJØSPORTSSENTER STORD
1 964,61 7 ISDAL DALE VEL STORD
1 854,00 8 VENELAGET FOR STORD MARITIME MUSEUM STORD
1 840,00 8 TVEIT BYGDALAG TYSNES
1 761,41 10 HØVRINGEVIKA VELFORENING BØMLO
1 694,41 3 HORDALAND KRINS NORGES KVINNE OG FAM STORD
1 692,02   REVY 1 KVINNHERAD
1 669,32 9 CORONA STORD
1 646,55 2 KVINNHERAD JEGER OG SPORTSFISKARLAG KVINNHERAD
1 603,22 9 FRAMTID FOR LYKLING BØMLO
1 551,15 9 UNGDOMSLAGET STORDABUEN STORD
1 545,20 6 OMVIKDALEN BYGDEKVINNELAG KVINNHERAD
1 538,25 9 GLA DANSEN PÅ STORD STORD
1 522,75 8 STØTTEFORENINGEN TIL BØMLO
1 476,73 6 LAUVSPRETT 4H KVINNHERAD
1 475,45 7 BØMLO HESTESPORTSKLUBB BØMLO
1 406,41 3 STORD BIBELSENTER STORD
1 400,50 10 TYSNES KAMMERKOR TYSNES
1 385,36 9 STORD VENELAG FOR KULTURARV STORD
1 359,70 4 STORD KFUK KFUM STORD
1 355,07 4 BØMLO KORMIX BØMLO
1 347,25 6 PERLO KAJAKKLUBB KVINNHERAD
1 325,52 5 MÆKJEBAKKEN VEL BØMLO
1 258,78 5 NVIO AVDELING KVINNHERAD KVINNHERAD
1 244,75 1 TYSNES SENIORDANS TYSNES
1 231,59 2 SUNNHORDLAND CARAVAN & BOBILCLUB STORD
1 214,54 7 TYSNES KYSTLAG TYSNES
1 184,14 6 UTÅKER MUSIKKLAG KVINNHERAD
1 160,33 8 ESPELANDSSJØEN VELFORENING BØMLO
1 133,23 4 NASJONALFORENINGEN STORD FITJAR FITJAR
1 123,12 6 SUNNHORDLAND PADLEKLUBB FITJAR
1 037,40 8 SOLGLIMT 4H KVINNHERAD
1 025,70 12 SKIPPERVIK FRISBEEGOLFKLUBB BØMLO
1 007,10   STORD ROCKEKLUBB STORD
999,44 4 BREIBANDET BIGBAND STORD
982,88 6 SVORTLAND SKULEKORPS BØMLO
923,50 3 STORD QUILTELAG STORD
911,70 4 URANGSVÅG BÅTLAG BØMLO
898,18 6 ØVREBYGDA 4H FITJAR
856,00 1 HVØ PENSJONISTLAG HATLESTRAND VARALD KVINNHERAD
834,87 6 NFU STORD FITJAR FITJAR
826,37 6 STORD CON SPIRITO STORD
824,00 4 HALSNØY STORBAND KVINNHERAD
801,67 5 BØMLO GOSPEL BØMLO
800,30 8 SELLE GRENDALAG BØMLO
796,83   ROSENDAL FILMKLUBB KVINNHERAD
794,85 3 SÅTTINGJO VEL BØMLO
779,28 9 GJETINGSDALEN GRENDALAG KVINNHERAD
744,75 4 BØMLO SVØMMEKLUBB BØMLO
722,58 4 KAMMERSKORET KVINNHERAD
671,19 4 EVOLAN BØMLO
637,00 5 SAGAKLUBBEN AVDELING HORDALAND STORD
622,00 3 PROFO FONNA KVINNHERAD
598,50 5 TYSNES HUSFLIDSLAG TYSNES
597,00 4 VENELAGET FOR PARKEN STORD
585,00 2 SØRAL PENSJONISTFORENING KVINNHERAD
550,00 3 NORSK FOLKEHJELP SUNNHORDLAND STORD
546,91 3 CISV SUNNHORDLAND STORD
538,50 2 STORD KUNSTLAG STORD
521,81 1 INTERESSEFORENINGEN HØYLANDSBYGD BED KVINNHERAD
516,93   KVITELUREN VEL STORD
506,07 4 STORD BUESKYTTERE STORD
492,78 2 RØEN OG SJØVANGEN VELFORENING KVINNHERAD
472,00 1 STORD BYGDEKVINNELAG STORD
453,90 2 BØMLO ASTMA OG ALLERGILAG BØMLO
412,50 5 LIONS CLUB KVINNHERAD KVINNHERAD
401,50 3 HJERTEFRED TYSNES TYSNES
391,40 6 FABRIKKEN STORD
346,25 4 STIFTELSEN TYSNESFEST TYSNES
332,35 1 HORDALAND ELGHUNDKLUBB KVINNHERAD
324,50 3 LYNGBAKKEN VEL KVINNHERAD
320,00 4 KONGSVIK GRENDALAG TYSNES
308,30 2 UGGDAL IDRETTSLAG TYSNES
278,90 1 VENSKAP STORD COMALAPA STORD
270,75 5 HALSNØY INDREMISJON KVINNHERAD
252,50 2 HUSNES VEKST KVINNHERAD
246,50 4 ØLVE MÅLLAG KVINNHERAD
243,50 2 ØLVE BYGDALAG KVINNHERAD
232,40 1 STORD MÅLLAG STORD
176,58 1 USKEDALEN FRILUFTSLAG KVINNHERAD
170,00 1 NORSK ORNITOLOGISK FORENING SUNNH BØMLO
158,00 2 LEIRVIK KFUK-KFUM SPEIDARAR STORD
153,36 2 HJERTEFRED KVINNHERAD KVINNHERAD
147,00 1 GEILOVEGEN VELLAG KVINNHERAD
115,00 1 BØMLO KVINNE OG FAMILIE LAG BØMLO
107,26 1 SUNNHORDLAND KRAFTLAG BEDRIFTSIDR STORD
87,65 2 ROSENDAL MAT OG KUNSTFESTIVAL KVINNHERAD
84,32 1 ARHAUGEN VEL BØMLO
57,00 1 ABB STORD BIL STORD
35,00 1 BØMLO SKULEKORPS BØMLO
35,00   STORD BÅTLAG STORD
22,00 1 POSTENS PENSJONISTFORBUND KVINNHERAD
5,00 1 HUSNES KARATEKLUBB KVINNHERAD

Grasrotandelen

Ved å registrera seg som grasrotgjevar, kan Norsk Tipping sine kundar senda fem prosent av innsatsen sin vidare til ein organisasjon av eige val.

I løpet av 2016 blei det for første gong registrert meir enn ein million grasrotgjevarar.

Til saman blei det spelt inn 448 millionar kroner til om lag 25.000 norske lag og organisasjonar i fjor.

Ordninga med Grasrotandelen blei innført 1. mars 2009.

La seg på hjul etter frekke tjuvar

La seg på hjul etter frekke tjuvar

Sjekk den forvandlinga!

Sjekk den forvandlinga!

Svana heng fast i isen

Svana heng fast i isen

Rullar naken rundt "på faen"

Rullar naken rundt "på faen"