Gå til artikkelen
Gro Helland har fått med seg Lars Inge Akselberg som er ein erfaren hjortejeger når ho jaktar på sin første hjort.
Alle foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Jeger for første gong

Gro Helland ladar den lånte rifla. Er det denne dagen ho skal skyta sitt første dyr nokosinne?

Gro Helland og Lars Inge Akselberg i terrenget på Litlabø.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Det er søndag ettermiddag og sol. I tre dagar har Gro Helland og dei andre jegerane trassa enorme nedbørsmengder med eit mål for auge. Å skyta eit dyr. Det første.

 

- Linda Bach har vore nærmast. Ho kom over ein bukk som låg i dagleie, men var ikkje klar til å skyta, seie Gro Helland, om jaktvenninna som måtte vera heime og passe barn den dagen Sunnhordland var med ut i skogen. Sjølv har ikkje Gro sett dyr i det heile tatt. Trass i time etter time i dyvått terreng. I dag tidleg sat ho på post like etter klokka fem.

Med vaflar, sjokolade og plommer i matboksen er Gro Helland klar for mange timar i skogen.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Opplæringsjakt

Gro og sambuaren har kjøpt sambuaren sin heimplass på Nordmøre. Her er det også jaktterreng og løyve. Gro har teke jegerprøven. Men ein ting er å skyta på blink. Å lesa terrenget, gjera vurderingar, sikta inn og skyta mot eit levande dyr. Det er noko heilt anna.

 

- Eg må jo kunne vareta ressursane, og skaffa meg kunnskap, seier Helland.

 

- Det er jo fantastisk at ein har eit slik tilbod for oss uerfarne jegerar, seier Gro Helland, og ser på Lars Inge Akselberg. Han er den røynde jegeren som er med henne på opplæringsjakta i dag. Totalt er det fire ferske jegerar som har brukt dette tilbodet i år. I dag er det berre Gro. Ein annan jeger er også ute i same terreng. Han går ein litt annan veg i håp om at eventuelle dyr som blir var han vil springa mot området der Gro og Lars Inge ligg på post.

Jegerane ser ikkje teikn til hjort, men ei kravlande padde let seg ikkje skremma.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Vaflar og sjokolade

I bagasjerommet på bilen til Gro ligg det også ein diger jaktkniv. Ho lar han liggja.

 

- Eg tok kniven med i dag tidleg, då eg var ute åleine. Men no satsar eg på at Lars Inge har kniv, seier Gro.

 

Opphalda mellom jaktøktene dei siste dagane har vore så korte at ho berre har putta dei søkkvåte kleda i tørketrommelen utan å vaska dei først.

 

Nistepakka er prega av det er kvinnfolk på jakt. Vaflar, plommer og sjokolade.

 

- Når du ligg der på post er det fantastisk med litt sjokolade. Det gjør at du held ut litt lenger, seier Helland.

Hjortejakt på Litlabø. Lars Inge Akselberg viser veg.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Tynn is

- Kva seier venene dine til at du har byrja å jakta?

 

- Dei seier vel at Gro gjer ting ho ikkje kan. Det har vore mitt motto lenge. Eg likar kjensla av å vera litt på tynn is, seier Helland.

 

Opplæringsjakta føregår i terrenget som Stord jeger og fiskeforeining disponerer på Litlabø. Dei to jegerane følgjer skogsvegen frå Rødkleiv. Det våre underlaget gjev tydelege spor, men det er tobeinte med støvlar og ikkje firbeinte med klauver som har vore her.

 

- I dag er det jo herleg i forhold til tidlegare. Her har det vore ei elv på det verste, seier Gro Helland.

Jegerselfie. Linda Bach på post på Litlabø.
Foto: PRIVAT

Vind og lukt

300 meter inn på skogsvegen stopper Gro og Lars Inge og lader jaktriflene.

 

- Eg vil helst at Lars Inge skal gå først, for eg hadde aldri klart å få geværet raskt noko opp om det kom eit dyr.

 

- Det er ikkje lett å få skutt om me treff ein hjort her. Einaste om du plystrar og den stopper opp, skyr Akselberg inn.

 

Han er litt bekymra for vinden, eller den manglande vinden. Dersom hjorten kjenner lukta av folk så er han vekk på eit blunk. For å auka sjansen for felling av dyr, snur me og lar dei to jegerane gå vidare åleine.

Dyreskjelven

- Eg har fått kjenne på det dei kallar dyreskjelven, seier Linda Bach (27). Småbarnsmora er engasjert i dyrevelferd og rein mat.

 

- Eg er oppteken av at dyra skal ha det godt når dei lever, seier Bach.

 

Mens ho har lege på post på Litlabø har ho sett fleire dyr, men ho har ikkje trykt på avtrekkjaren.

 

- Eg visste at det ville bli ei utfordring for meg å skyta. Eg er vanvitig glad i dyr. Men så meiner eg at jegerar som er glad i dyr er betre jegerar enn dei som er cowboyar, seier 27-åringen.

 

- Eg må berre bruka meir tid i skogen. Då eg låg på post var første gong eg møtte ei hjort. Tidlegare har eg berre møtt hjort i bil, seier 27-åringen.

Vil ha fleire kvinner

Kristian Pedersen er leiar for jaktgruppa i Stord jeger og fiskarforeining. Han fortel at det i år er gjeve rundt 100 fellingsløyve. Terrenget som foreininga sjølv disponerer, der opplæringsjakta har gått føre seg, er det løyve på felling av tre dyr.

 

- Me har ikkje felt dyr der i år. Dette er eitt av dei mest krevjande terrenga som er på Stord, seier Pedersen.

 

Han er glad for at det kjem nye kvinnelege jegerar, noko som det ikkje er så mange av frå før.

 

- Me har hatt veldig få kvinner. I Stord jeger og fiskarforeining er det over 100 medlemmer, og rundt 20 er kvinner, seier Pedersen.