Gå til artikkelen
Kontroll på E39:

To sjåførar fekk ikkje køyra vidare

Vegvesenet sjekka tunge køyretøy på Vabakkjen.

Publisert 11.01.2017 kl. 12.04. Oppdatert kl. 12.06.

Tre ting stod på agendaen då Statens vegvesen hadde kontroll mellom 08.00 og 15.30 på Stord tysdag: Kontroll av tungtransport, køyre- og kviletidskontroll og vektkontroll.

 

Dei tre medarbeidarane i vegvesenet sjekka 34 køyretøy. Dei avdekte mellom anna at tre køyretøy hadde skriftlege manglar og at éin sjåfør mangla kjetting. I tillegg blei to køyretøy avskilta.

 

Kontrolleiar Andreas Eikeskog rapporterer:

 

«4 advarsler for brudd på kjøre- og hviletid. 1 rapport for manglende kontroll av kran, 1 rapport for manglende vektårsavgift. 3 kjøretøy med skriftlige mangler, hengerfeste, luftlekkasje. 1 kjøretøy fikk bruksforbud på grunn av gjenstående mangler PKK, 1 på grunn av mangler med fartsskriver. (Disse ble reparert på stedet)».