Gå til artikkelen
Patrick L. Stensletten (22) hjelper butikkane i Stord, Bømlo, Kvinnherad og Hardanger med å selja meir brus. Foto: MARIUS KNUTSEN

Køyrer 25.000 km årleg

Gjer Patrick L. Stensletten (22) jobben sin greier du ikkje gå ut av butikken utan å ta med deg ei brusflaske eller tre.

Publisert 09.01.2017 kl. 06.00. Oppdatert kl. 15.22.

For halvanna år sidan byrja Patrick L. Stensletten jobben i Coca-Cola.

 

- Det heile byrja med ein sommarjobb, faktisk. Heldigvis likte dei jobben eg gjorde, så dei oppretta ei stilling til meg, smiler 22-åringen frå Stord.

 

Sunnhordland treff arbeidsjernet på Coop Xtra på Heiane storsenter.

 

- No hjelper eg butikken med å byggja eksponeringar, slik at dei sel meir brus, smiler Stensletten.

Travel kvardag

 

22-åringen har ansvaret for å hjelpa butikkane på Stord, på Bømlo, i Hardanger og i Kvinnherad.

 

- Difor blir det også ein god del køyring. Berre i fjor runda eg 25.000 kilometer i bilen, fortel Stensletten.
Likevel stortrivst Stensletten i jobben.

 

- Det er veldig kjekt.

Drikk meir vatn

 

- Blir det mykje brusdrikking i arbeidstida, då?

 

- Hehe. I byrjinga var det veldig lett for å falla for freistinga. Eg har jo nærast konstant tilgang på brus. I det siste har eg prøvd å heller drikka vatn og liknande i kvardagen. Men for all del, eg er veldig glad i brus. Jobben til Stensletten byr på mange utfordringar.

 

- Det handlar om å prøva å tenkja utanfor boksen. Ikkje gjera det same som ein alltid har gjort. Det er ofte små ting som skal til for å løfta salet. I det siste har me mellom anna testa ut å setja 1,5 litersflasker i kjøleskapa. Det verkar det som om kundane set pris på, sluttar Stensletten.