Gå til artikkelen
Lovise Kjøpstad Rimmereide (12) frå Stord har fått rolla som Krølle i «Peter Pan». Stykket har premiere 26. januar på Festiviteten i Haugesund.
Foto: ANITA HAUGLAND

Kuppa rolle i «Peter Pan»

Saman med om lag 300 andre melde Lovise Kjøpstad Rimmereide på audition. Berre 25 fekk plass i stykket.

Publisert 02.01.2017 kl. 17.00.

- Eg blei så glad når eg fekk vita at eg fekk ei av rollene! fortel Lovise Kjøpstad Rimmereide (12) frå Stord.

Hemmeleg

På vårparten i 2016 reiste ho til Haugesund for å gå på audition, i håp om å få ei av rollene i «Peter Pan».

 

- Det var danselæraren min på Spinae Company, Magdalena From Delis, som tipsa meg, fortel 12-åringen.

 

Etter kvart fekk ho vita at ho var kommen vidare, og på St. Hans-aftan kom beskjeden om at ho hadde nådd gjennom nålauga.

 

- Eg fekk beskjed om at det måtte vera hemmeleg for andre enn dei aller nærmaste, og eg synst det var skikkeleg vanskeleg å halda det hemmeleg for vennene mine. Eg var både glad og letta då eg kunne fortelja om rolla i september, seier Lovise.

Aktiv 12-åring

Frå før er ho med på både symjing, ballett og breakdance, og sidan øvingane gjekk i gang for fullt i Haugesund, har det blitt nokre travle veker.

 

- Eg reiser til Haugesund to til tre gonger i veka, men etter jul blir det omtrent heile tida, fortel 12-åringen.

 

Premieren er 26. januar på Festiviteten.

 

- Så langt har det vore veldig gøy å vera med. På ein måte er det bra at eg er den einaste frå Stord, for då har eg blitt nøydd til å bli kjend med dei andre. Eg har møtt mange kjekke folk, seier Lovise.

 

Somme gonger er det mamma som har vore sjåfør, andre gonger er det pappa eller mormor og morfar.

 

- Det har også hendt at eg har teke bussen.

Her viser Lovise eit av sine mange akrobatiske triks, som ho utfører som det enklaste i verda. Å hoppa på hendene er ingen problem for 12-åringen.
Foto: ANITA HAUGLAND

Spretten og rampete

I stykket om Peter Pan skal Lovise ha rolla som Krølle.

 

- Krølle er vill og spretten, og ein liten rakkarunge. Då eg fekk denne rolla meinte mamma dette kom til å vera ei rolle som kler meg godt, fortel Lovise.

 

- Er du litt vill og rampete?

 

- Eg er i alle fall spretten, og eg likar godt å turna, fortel 12-åringen.

 

Ho fortel at ho før jul gjekk til topps i battle-konkurransen på Spinae Company. Ho hadde også tre roller i Nøtteknekkaren.

 

- Det var både gøy og hektisk. Eg var både rotte, snøfnugg og festfolk, fortel Lovise, som fortel at ho definitivt ønskjer å halda fram med både dans, song og teater framover.

 

- Kva er draumerolla di?

 

- Eg kunne godt tenkt meg ei rolle i «Hairspray». Eg har sett filmen og synest han er kjempekul.

«Peter Pan»

Peter Pan er ein eventyrskikkelse frå eit teaterstykke (1904) og ei barnebok (1906) av den britiske forfattaren James Matthew Barrie.

Peter Pan vil ikkje bli vaksen, men heller leve eit guteliv i Neverland.

Han har ei venninne, Wendy, og her bur også feen Tingeling og sjørøvaren Kaptein Krok, som Peter Pan kjempar mot.
Forteljinga om Peter Pan har blitt omskapt til bl.a. musikal og teikneserie.

Ved sida av den første kinofilmen, som kom i 1924, har det blitt produsert fleire fjernsynsfilmar om Peter Pan, og Steven Spielberg har behandla temaet i Hook (1991).

Teiknefilmversjonen av Walt Disney (1953) blei ein kinosuksess og førte til fleire bøker og teikneseriar.


Kjelde: Store norske leksikon

La seg på hjul etter frekke tjuvar

La seg på hjul etter frekke tjuvar

Sjekk den forvandlinga!

Sjekk den forvandlinga!