Gå til artikkelen
- Eg kunne ønska eg kunne flytta med meg Aalborg til Oslo. Det er ein fantastisk by, seier Håvard medan me ruslar gatelangs i den danske byen.
Foto: MARIUS KNUTSEN

LEGENDA

Tvedten om:
Den skremmande framtida
Paparazzi-flukta
Sveisen

Han har spelt seg inn i hjarta til ei heil handballverd - og fått drakta si freda. No er karrieren slutt, og Håvard Tvedten og familien skal starta på nytt i Norge. Nett det synest han er litt skremmande.

Håvard Tvedten takkar den trufaste heimefansen til Aalborg.
Foto: MARIUS KNUTSEN

Det brusar på tribunen. 4.527 ivrige tilskodarar høyrest ut som det dobbelte inne i gigantiske Gigantium i Aalborg. Dei raudkledde danskane daskar taktfast ein «clapper» med eit bilete av kapteinen på låret. Dei skrik rytmane av ei høglydt stortrommerekke på første rad.

- Hå-vard!

- Hå-vard!

- Hå-vard!

Daniel Leander og Luka Tobias spring rett til pappa Håvard når kampen er over.
Foto: MARIUS KNUTSEN

KAPTEINEN SJØLV står nede på parketten. Han tørkar nokre sveitteperler frå panna med trøya som har eit stort tital trykt på ryggen. Drakta har klisterflekkar over heile seg. Sveisen er perfekt. Som alltid. Ein mikrofon finn vegen oppover mot ansiktet hans.

 

- Sjå der, der er pappa! ropar Luka Tobias (6) til litlebroren Daniel Leander (5). 

 

Han peikar opp i taket. Tobarnsfaren pryder ein svær firkant med store skjermar på alle sidene.

 

- Eg må berre få takka alle, seier 37-åringen.

 

På tribunen følgjer kona nøye med på den skjelvande stemma som kjem ut gjennom høgtalaranlegget i hallen.
Venstrekanten må ta seg ein pause. Tårene pressar på.

 

Er det hyllesten frå publikum, karrieren som snart er over, eller er det den nye kvardagen familien går i møte som gjer det heile så sterkt?

Håvard får ein klem av landsmann og «son» Sander Sagosen. - Det er forferdeleg at Håvard og familien flyttar, seier Sagosen som har ei bestemor på Halsnøy.
Foto: MARIUS KNUTSEN

- DET HAR VORE ein lang veg hit, seier Håvard Tvedten.

 

Me sit på ein restaurant i Aalborg sentrum, kvelden før stordabuen sin siste heimekamp. Det er ikkje mange folk ute denne kvelden. Likevel brenn det godt i talglys på alle bord i lokalet.

 

- Men eg har ikkje kvidd meg til ei einaste trening. Og det er faktisk heilt sant, legg han til, før servitøren kjem bort.

 

Håvard bestiller ein ribeye-biff.

 

- Medium/rare, tak, seier lysluggen på flytande dansk.

 

- Du likar kjøt?

 

- Eg elskar kjøt. Kjøt er viktig for meg. No prøver eg febrilsk å læra ungane mine å seia «kjøt» og ikkje «skjøtt». Det blir litt for dumt, ler Tvedten.

 

Tvedten set tenna i den blodige biffen.

 

- Denne var bra. Det er slik det skal vera. Kun biff på tallerkenen. Tilbehøyret ved sida av. Det lærte eg i Spania. Der er dei rå på mat. Det saknar eg.

 

- Me kan ikkje hoppa heilt til Spania enno. Du sa det hadde vore ein lang veg hit?

 

- Ja, byrjar Håvard.

- Dette er veldig emosjonelt. Handballen har vore livet vårt, seier Guro Fostervold Tvedten og kyssar ektemannen Håvard etter han har spelt sin siste heimekamp for Aalborg.
Foto: MARIUS KNUTSEN

HAN FORTEL OM korleis storebror Terje lokka han inn i handballen. Kor glad han blei då han fylte 12 år og endeleg fekk lov av foreldra til å leggja celloen på hylla. Og om korleis dei opna vindaugo på Vika-haugane, slik at dei kunne snika seg inn att for å trena meir etter stengjetid.

 

Sjølv om det var fotball Tvedten meistra best, vaks det fram ei treningsgruppe og ein seriøsitet rundt handballen som fengsla talentet.

 

Då Håvard var rundt 16 år, gav han seg med fotball.

Vibeke Andersen og dottera Trine Abel Larsen har følgt Håvard i begge periodane hans i Aalborg. Dei synest det er trist «Mr. Aalborg» har slutta.
Foto: MARIUS KNUTSEN

EG FEKK DET IKKJE heilt til på den tida.

 

- Eg var liten av vekst og trente med dei som var to år eldre enn meg. Eg mista heilt piffen, mimrar Håvard. Det gav endå meir tid til å dyrka handballen.

 

- Treningskulturen som vaks fram i handballmiljøet på den tida var heilt ellevill. Me trente heile tida. Beinhardt!

 

Håvard hausta raskt frukter av trenings-arbeidet. I løpet av få år var han kaptein på juniorlandslaget og spelte seg til fast plass på Stord sitt herrelag.

 

Vegen frå 2. divisjon og heilt opp til eliteserien blei unnagjort på fire år.

Luka Tobias girer for pappa til og frå fotballtrening.
Foto: MARIUS KNUTSEN

DET ER FRAMLEIS bra med biff igjen på tallerkenen i Aalborg.

 

- Du har via all di tid til handballen. Føler du at du har gått glipp av mykje?

 

Håvard tenkjer seg om medan han spiddar ein heil grilla asparges med gaffelen.

 

- Ja. Eg kunne sjølvsagt ha vore med på mykje meir. Kongeparken i russetida, for eksempel.

 

- Angrar du?

 

- Eg angrar ikkje på noko. For meg har det alltid vore ei sjølvfølgje å prøva å bli best mogeleg, kjem det kontant.

 

Og Håvard blei kjapt god. Veldig god. Allereie før opprykket til eliteserien hadde fleire store klubbar teke kontakt.
Ein av dei var den tyske bundesliga-klubben VFL Gummersbach - eitt av Europas beste lag på den tida. Dit ville ikkje Tvedten.

 

- Korleis kunne du takka nei til eit kontrakttilbod frå den største ligaen i verda?

 

- Eg var ikkje klar. I dag er eg glad eg venta. Når det er sagt var nok den spanske ligaen hakket større enn den tyske på den tida, fortel Håvard.

På same måte som Håvard speler Luka Tobias både fotball og handball. Etter treninga hender det ofte far og son blir igjen for litt eigentrening.
Foto: MARIUS KNUTSEN

I JANUAR I 2005 hadde Håvard for lengst spelt seg inn på landslaget. I slutten av månaden reiste venstrekanten til VM i Tunisia. Etter den første VM-kampen, hadde han ein intervjuavtale med TV 2.

 

Guro Fostervold var kanalen sin utsende.

 

- Eg hadde fått beskjed om å laga noko på den dårlege utteljinga til kantspelarane i den første kampen, flirer Guro Fostervold Tvedten.

 

Dei to hadde aldri møtt kvarandre, men visste godt om kvarandre.

 

- Me kalla ho berre for «ho fina i TV 2», ler 37-åringen.

 

Trass dårleg utteljing i meisterskapets første kamp, fekk Tvedten full utteljing medan dei sat og dingla med beina i vatnet ved bassengkanten i Tunisia.

 

- Eg anar ikkje kva som skjedde eller korleis det skjedde. Men me hadde full klaff med ein gong, seier Håvard.

 

Under meisterskapen utveksla Guro og Håvard telefonnummer. I løpet av vekene i Afrika fekk dei betre og betre kjemi.

 

- Det er veldig vanskeleg å seia kva som eigentleg skjedde. Det var ein slags gjensidig klikk, seier Guro som sjølv hadde kjærast heime i Norge på den tida.

 

- Huff. Det blei sinnsjukt dyrt, kjem det frå Håvard.

 

- Dyrt?

 

- Eg hadde ein dansk telefon, Guro hadde ein norsk. Då var det ikkje berre berre å snakka med kvarandre i timevis nede i Tunisia. Rekninga blei enorm. Me snakkar titusenvis av kroner. Men det var det jo verdt. Håvard og Guro blei raskt det heitaste paret i kjendisnorge. Paparazziar følgde paret overalt. Også til Danmark der Håvard hadde proffkontrakt med Aalborg.

 

- Det var ikkje noko særleg for Guro. Ho var profilert gjennom jobben sin frå før, og fekk eit anstrengt forhold til det heile. Me kunne tent oss rike på «heime hos-reportasjar», fortel Håvard.

 

- Du då?

 

- Eg likte det, eg. Faktisk. Eg har i grunnen alltid likt å vera i søkjelyset. Eg heldt gjerne talar og song i middagsselskap då eg var liten òg. Dessutan har eg alltid tenkt at det var bra for handballen, som lenge hadde vore i mediaskuggen. Skapa litt blest, liv og røre. Uansett takla Guro og eg det veldig fint saman.

 

- Du likte det?

 

- Ja. Eg trur alle vil bli hugsa for noko. Og eg føler eg har blitt kjent på rett måte. Nemleg på grunn av handballen.

Kozuka:Håvard vann cupvinnarcupen med Valladolid i 2009.
Foto: DIGITALSPORT

HÅVARD LENER SEG tilbake i stolen og dreg fingrane gjennom håret. Spinnkort på sidene, langt på toppen.

 

- Hår og utsjånad er viktig for deg?

 

- Tja, eg likar å ta meg godt ut, men eg brukar ikkje særleg lang tid på badet, altså, seier Håvard.

 

- Verkeleg?

 

- He he. Frisyre og liknande har alltid vore tilfeldig. No har eg jo faktisk ein veldig spesiell frisyre, men det har aldri vore noko eg har tenkt på.

 

- Mange har jo kopiert frisyrane til deg og Kristian Kjelling oppover?

 

- Ja.

 

- Har du hatt nokre sveisar du angrar på?

 

- Jada, mange. Men eg kjem ikkje på dei no. Dei har liksom blitt lagt merke til likevel. Skapt litt blest.

 

- Du har fått mykje merksemd?

 

- Ja, hehe. Eg har fått veldig mange dryge friarbrev gjennom karrieren. Dei hadde ikkje appar for slikt før, veit du, ler Håvard.

 

Håvard kom presis til biff-daten vår i Aalborg. Sjølv om rykta skal ha det til at han er ein av dei mest distre handballspelarane som finst.

 

På ein juniorlandskamp for mange år sidan, dukka Tvedten, som også var kap-tein, opp med to høgresko. Det enda med at ein i støtteapparatet måtte ta taxi tur/retur hotellet for å henta ein sko til venstrekanten.

Håvard har starta sin eigen talentskule som han arrangerer om somrane. Her frå Nyehallen på Stord i 2009.
Foto: MARIUS KNUTSEN

- HE HE. Eg har aldri brukt krefter på slike ting. Eg har alltid hatt full fokus på det som skjer på parketten. Heldigvis har eg som regel hatt Børge Lund i nærleiken. Han er pliktoppfyllande og flink. Då han reiste seg for å gå, anten til mat eller trening, følgde eg alltid med. Hakk i hel. Då gjekk det som regel bra.

 

- Som regel?

 

- Huff, eg hugsar ein gong eg dilta etter han. Eg trudde det var mat, men det viste seg at han skulle til fysioterapeuten. Verken Børge eller «fysioen» skjønna noko som helst då eg blei med inn på behandlings-rommet. Ein annan gong forsov me oss til ei landslagssamling. Gunnar Pettersen snakka ikkje med oss resten av den samlinga, held Håvard fram.

 

- Og det var faktisk ei ettermiddagstrening me forsov oss til, supplerer Børge Lund på telefon frå Bodø.

 

Tvedten sin romkamerat gjennom fleire år, både i Aalborg og med landslaget, har kanskje fleire døgn på hotellrom med Håvard enn kona Guro.

 

- Eg har faktisk møtt opp til kamp med to høgresko, eg òg. Eg merka det ikkje før eg stod på parketten og kjente det klemte litt ekstra på venstrefoten, held Børge fram.

 

- Har Håvard alltid vore distre?

 

- Ja.

 

- He he, det var kontant?

 

- Det er litt finurleg heile greia. At ein mann kan vera så dedikert på det han bryr seg om, og så vimsete andre stader, held bodøværingen fram.

 

- Me hadde for eksempel tilnærma dei same treningstidene gjennom alle åra me var i Aalborg saman. Håvard lærte dei aldri. Han spurte alltid meg, og eg svarte. Ein periode prøvde eg å seia at eg ikkje visste, for å sjå om han lærte seg dei då. Han heldt fram som før. Det enda me at me stadig kom i siste liten, for alltid når treningane nærma seg, og eg var klar, stod Håvard på kjøkenet og lagde mat eller så sat han på do.

I LØPET AV den elleville karrieren har Tvedten spelt handball over heile verda. Han har mellom anna rykt opp til eliteserien med Stord, blitt seriemeister med Aalborg, vunne cupvinnarcupen med Valladolid og blitt kåra til den beste venstrekanten i VM. No er det slutt.

 

- Kva no?

 

Håvard tek seg ein slurk av det «danske vatnet» som smakar kliss likt Farris.

 

- Me har kjøpt oss ein einebustad på Høvik. Me flyttar allereie 1. juli.

 

- Kva tenkjer du om det, då?

 

- Det blir spennande. Det er i grunnen litt skremmande å tenkja på òg. Både Guro og eg skal inn i nye jobbar, seier Håvard.
Saman med sønene og kona har dei bygd opp ein stor krins rundt familien i Aalborg.

 

- Må de byrja heilt på nytt no?

 

- Nei, heldigvis ikkje. Me kjenner mange folk i og rundt hovudstaden gjennom handballen.

 

- Korleis blir kvardagen utan handball, då?

 

- Det veit eg ikkje. Men eg gler meg. Eg har jo utdanna meg innan leiing, og vil jobba med det. Guro er ein strålande journalist, men har ikkje landa på kva for bransje ho vil jobba innan.

 

- Fritida då?

 

- No skal eg bruka mykje tid på familien, og byrja med alle dei tinga eg aldri har fått tid til. Eg vil for eksempel læra meg å gå på ski, padla i kajakk, gå i fjellet, klatra reisa og slappa av, ler Håvard.

TIDLEGARE SAME DAG følgde handballproffen eldstesonen, Luka Tobias, på fotballtrening.

 

- Du må ikkje stå i mål. Du må framover på banen, fleipar pappaen frå sidelinja.

 

Håvard står saman med dei andre foreldra på ei enorm grasmatte i enden av villa-strøket dei bur i. Dei andre foreldra har på seg allvêrsjakker. Håvard kjem kledd i tette jeans, skinnjakke og med store solbriller på nasen.

 

På banen spring 6-åringen i Real Mad-rid-drakt fortare enn dei fleste. Både med og utan ball. I tillegg til Håvard, som var god i både handball og fotball, er storebror Terje ein av dei største handballprofilane på Stord gjennom tidene. Niesa Olaug er allereie på landslaget i fotball, nevøen Tarje har kjempa seg inn på herrelaget til Stord i handball. Storebror Tarald Tvedten er ein legende i trommismiljøet i Norge.

 

- Kva er det eigentleg med Tvedten-genane?

 

- Hehe. Det anar eg ikkje. Men eg trur me er veldig dedikerte. Går me for noko, går me for noko. Og så er me flinke til å trena. Hardt og målretta, seier Håvard før han spring ut på grasmatta.

 

Treninga er ferdig, men far og son Tvedten nyttar kveldssola til å leika ein time ekstra med ballen.

 

- Luka Tobias vil aldri heim. Han elskar dette. Fotball om sommaren, handball om vinteren, seier Håvard.

Håvard Tvedten

Fødd: 29. juni 1978 (37 år)
Høgde: 182 cm
Sivil status: Gift med Guro Fostervold, to born - Luka Tobias (6) og Daniel Leander (5).
Klubbar: Stord (-2002), Aalborg (2002-2006), BM Ciudad de Logrono (2006-2008), BM Valladolid (2008-2011), Aalborg (2011-2016).
Sportslege høgdepunkt:
Var med å få Stord opp i eliteserien.
Har spelt 208 kampar for Norge og scora 809 mål.
Blei kåra til beste venstrekant i VM i 2011.
Var på verdslaget i 2010.
Har vore på allstarlaget etter meisterskap to gonger.
Vann cupvinnarcupen i 2008 med Valladolid.
Van realityserien «Best av de beste» på TV 2 i 2014.

SJØLV OM DET er fleire timar til avkast, strøymer hundrevis av raudkledde fans til Aalborg sin gigantiske heimebane - Gigantium. Dei fleste har Tvedten-trøyer på.

 

- Dette er ein trist dag, seier Vibeke Andersen.

 

Saman med dottera Trine Abel Larsen har ho teke på seg Tvedten-trøya i det som kan bli stordabuen sin siste kamp for klubben.

 

- Me har følgt Aalborg Handbold sidan 2003. Då tenkte me at me berre skulle testa ein kamp, for me var litt lei av å sjå fotballkampar. Me har vore her sidan, gliser Vibeke.

 

- Me har med andre ord sett dei fleste kampane til Mr. Aalborg i begge periodane han har vore i klubben. Både heime og borte, faktisk, seier Trine.

 

- Mr. Aalborg?

 

- Ja, han er det. Han betyr enormt mykje for klubben vår. Det er morosamt. Berre sjå når dei varmar opp. Alle ungane samlar seg i hjørnet til Håvard. Han lar dei halda ballen og pratar med dei medan han ventar på tur, svarer Trine.

 

- Og han er alltid den siste som går i garderoben etter kampane. Han skriv desidert flest autografar. Han er der for alle, supplerer Vibeke.

 

- Heile familien er blitt ein del av klubben. Både Guro og ungane, skyt Trine inn.

 

- Og så er han jo kaptein og ein fantastisk handballspelar, seier Trine.

 

- Difor er dette ein vemodig dag, sukkar Vibeke.

 

- Korleis blir livet i hallen utan Mr. Aalborg då?

 

- Det er umogeleg å seia. Det kan bli tungt. For no mistar me den største. På den andre sida kan me kanskje byrja å sjå på straffene igjen, ler Vibeke.

 

- Har de ikkje sett straffane?

 

- Nei, det tør me ikkje, svarer mor og dotter i kor.

 

Mora til Håvard, Brit, har heller ikkje sett straffene til sonen.

 

- Han scorar på så mange rare måtar. Det er ulideleg spennande, seier Vibeke.

TRIBUNEANLEGGET som går rundt heile banen byrjar å fylla seg opp. I eit stort rom like ved sel dei supporterutstyr.

 

- Du må ha denne når du skal springa inn på banen med pappa, seier Håvard til Luka Tobias.

 

Guro og Daniel Leander står saman med dei to i køen.

 

- Wow. No har eg nett lik drakt som pappa. Sjå då!

 

Luka Tobias er stolt som ein hane. Han får ein klem frå pappa før han må gå inn i garderoben for å klargjera seg til kamp. Hans siste heimekamp.

 

- Det er skikkeleg emosjonelt dette her, seier Guro Fostervold Tvedten.

 

- Dette har vore ein så stor del av livet vårt så lenge.

 

Guro blir stille og tenkjer seg om.

 

- Eller. Dette har vore livet vårt så lenge. Me har aldri prøvd noko anna. Det blir veldig spennande. Og litt skummelt. Men me er veldig sterke saman, seier handballfrua.

 

- Du har følgt mannen din til Danmark, vidare til Spania og så tilbake til Danmark. Korleis har det vore?

 

- Det har vore heilt fantastisk. Krevjande, ja. Men og heilt fantastisk. Eg er utruleg stolt av Håvard. Ikkje berre fordi han er så god på banen, mest fordi han er så jordnær og flink med borna, seier Guro.

INNE PÅ PARKETTEN er spelarane i gang med oppvarminga. Ganske riktig, som supersupporterane sa, har ei gruppe med born samla seg rundt kanten til Håvard. Dei kniser og følgjer spent med på kapteinen sine kampføre-buingar. 

 

Håvard gir ballen til ein av dei. Ansiktet til den vesle guten lyser opp. Håvard har fullt fokus på oppvarminga.

 

Tvedten får ballen tilbake, tek sats og hoppar innover i feltet mot målet. Ballen susar i nettet bak keeper Søren Westphal. Den vesle guten strekkjer hendene i vêret.

PÅ VEG INN i garderoben før kampen, legg kapteinen armen rundt ein annan nordmann i den danske klubben.

 

- Det er heilt forferdeleg, dette. Spesielt for meg personleg. Klubben mistar ein spelar. Eg mistar ein familie. Dei har betydd så mykje for meg. Det er trist, seier Sander Sagosen.

 

Stjerneskotet, med ei bestemor frå Halsnøy, blei kåra til Aalborg sin beste spelar denne sesongen.

 

- Eg kjem til å ta vare på dette venn-skapet resten av livet, seier Sander.

 

- Eg må berre få takka alle. Familien min og eg har hatt det heilt fantastisk her i Aalborg.

 

Den skjelvande stemma som kjem ut gjennom høgtalaranlegget i hallen grip tak i dei 4.527 tilskodarane, som følgjer med på storskjermane i taket frå tribunen.

 

Håvard stoppar opp og tørkar tårene.

 

Det er ingen som kjem til å hugsa at Aalborg slo Aarhus denne kvelden.

 

Kampen kjem til å bli hugsa som Håvard Tvedten sin siste heimekamp.

 

Legenda.

 

Nr. 10.

 

Denne saka blei først publisert i magasinet Mitt Sunnhordland 17. juni, som er tilgjengeleg for Sunnhordland sine abonnentar som eavis.