Gå til artikkelen
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Lærar i hjartet

For Anne Beate Sunde (58) er skulen både jobb og hobby.

Fakta

Namn: Anne Beate Sunde
Alder: 58 år
Bur: Vikanes
Familie: Mann og tre vaksne ungar
Jobb: Rektor på Nysæter ungdomsskule
Aktuell med: Skulestart

 

Ho er fødd og oppvaksen på Laksevåg i Bergen, noko dialekten framleis ber preg av, og kallar seg vestlending med røter frå Stavanger til Sogn. Men når ho opnar munnen, er det ingen tvil om at Anne Beate Sunde gjennom åra har blitt stordabu. Og ikkje berre det: Ho er ein vaskeekte vestkantpatriot.

 

- Mange som er frå Stord har det sånn at dei anten må bu på Vikjo, i Nordbygdo eller til naud ute på Heiane. Heilt ut til Sagvåg er utenkjeleg, og endå lenger vekk, ute på Vikanes, er det mange som aldri har vore eingong. Men for meg som er tilflyttar, har det aldri vore noko problemstilling, seier Sunde.

 

Det er der ho bur: På Vikanes, i ei bygd ho ikkje kan få sagt nok godt om.

 

- Det er den finaste plassen eg veit. Me bur på eit nes som me har for oss sjølve, med utsikt over heile Dyvikevågen, og kjekke naboar, men ingen veldig tett innpå. Det er liksom ei grend for seg sjølv, med fem-seksogtredve hus. Det er nesten som om tida har stått litt stille. Folk som bur der er frå 0 til 90 år. Det er ikkje som eit vanleg byggjefelt, der alle er like gamle og har små ungar samstundes. No har eg budd her i 30 år, og ungane har vakse opp her. Dei har hatt andre ungar å leika med, samstundes som dei har hatt reservebesteforeldre i nabohuset. Det er ikkje mange som veit kor fint det faktisk er.

Fem kjappe

Kva gjer du om ti år?
Då er eg 68 år, og reknar med eg er pensjonist og nyt livet og reiser på ferie når eg vil.
Har du noko favorittmat?
All mat er god. Men favoritten må vera sjømat. Alt frå lubbesild til sushi.
Ei perle i Sunnhordland?
Sunnhordland er berre perler. Men eg bur på den finaste plassen, på Vikanes. Og så har eg ei perle i Fitjarøyane, på Avløypet, der me har hytte.
Ein uvane du vil bli kvitt?
Eg skulle ønska eg kunne blitt litt meir ryddig. Eg er ein rotekopp. Eller, det er vel helst ein uvane som andre meiner eg bør bli kvitt. Eg lever eigentleg fint med det sjølv.
Kva tar du med deg til ei aude øy?
Ein båt måtte vera fint å ha med seg til ei aude øy. Helst med ein skipper om bord.

Særleg forholda til dei gamle, har ho sett stor pris på.

 

- Dei eldste som bur der no, som vaks opp på garden Vikanes, tok veldig godt imot oss. Og så kan dei så mykje av lokalhistoria. Og Vikanes har utruleg mykje spennande historie. Kvar knatt har eit spennande namn. Siste eg høyrde om var Brennevinshålo, der det blir fortalt at det blei lagra smugla brennevin i forbodstida. Og hos oss heiter det Åkerneset der huset er, og Katthålo der brygga vår er. Neste vik heiter Hedningehålo, men det er eit relativt nytt namn.

 

- Fortel!

 

- Det var eldstemann som fann det på, fordi dei som har naust der jobbar på søndagane.

 

- Eg finn gjerne ikkje dette namnet hos Kartverket?

 

- Nei, du gjer nok ikkje det. Det heiter vel eigentleg Norevikjo. Men no står det eit skilt der med Hedningehålo.

 

- Kva synest naboane om det?

 

- Det trur eg dei synest var stor stas.

 

Det er ikkje berre i nærmiljøet ho interesserer seg for historie. Heile livet har ho vore levande opptatt av alt som har vore før, og meiner det er viktig å unngå at historia hamnar i gløymeboka.

 

- Då eg var liten snakka eg alltid med besteforeldra mine om korleis det var før i tida, og las mykje historie. Eg synest det er godt å vita kor røtene våre er, og tenkjer at desse gamle som døyr ut no, dei sit på ein enorm kunnskap om korleis samfunnet har utvikla seg. Den teknologiske utviklinga har revolusjonert verda, og desse som no er gamle har opplevd alt saman. Den tekniske utviklinga går fort no, men tenk på dei som blei fødd for nesten 100 år sidan som no ser at ungane går rundt og leitar etter Pokemon, som er usynlege vesen. Det er heilt utruleg.

 

Ho snakkar seg varm no, og fortel om hytta i Fitjarøyane, der svigerfaren vaks opp.

 

- Der gjekk dei med tresko, og gjekk til skulen når det var fjæra sjø. Dei var 16 søsken på ein bitte liten husmannsplass, og levde eit veldig tøft liv. Det var veldig hardt. Mange av ungane døydde, og foreldra hadde eit strev. Når me tenkjer på det, er det ikkje veldig lenge sidan. Eg synest det er utruleg viktig å formidla historia vidare.

 

- Gjer de det på skulen òg?

 

- Ja, og ungdommane er jo kjempeinteresserte i å høyra om historie viss du kan fortelja på ein god måte. No er det ein generasjon lærarar som går av, som er dei som har opplevd denne tida. Me har ein lærar her som fyller 70 år i haust, som kan fortelja utruleg mykje frå barndommen, om krigen og etterkrigstida og alt, og ungdommane er heilt trollbundne. Dei nye, unge lærarane vil ikkje ha dette med seg like sterkt, men dei vil også ha si historie. Eg synest uansett det er viktig å ta vare på det som har vore. Ein må ha nokre referansar.

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Då elevane velta innover skuleplassen denne veka, etter ein lang og våt sommarferie, tok Anne Beate Sunde imot dei som rektor for første gong. Jobben overtok ho i praksis ved årsskiftet, men det var først i vår ho blei fast tilsett i stillinga. Det var ikkje noko ho hadde planar om sjølv.

 

- Eg hadde kanskje den beste jobben ein kan ha i skulen, med halv stilling med undervisning og halv stilling som rådgjevar og sosiallærar. Då fekk eg både vera tett på elevane og eg fekk vera med på litt av det administrative arbeidet. Det var heilt perfekt. Så eg søkte ikkje på rektorjobben, då den førre rektoren gjekk over i ny jobb. Eg har vel eigentleg alltid sagt at dei som søkjer på rektorjobbar ikkje er heilt gode, for eg ser at det er ein slags uriaspost. Du skal både vera lojal oppover og nedover, og det er ikkje alltid like lett. Men så blei eg konstituert rektor frå nyttår, og fekk ein liten prøveperiode.

 

- Var det motvillig?

 

- Om ikkje motvillig, blei eg i alle fall utfordra sterkt. Og når eg blir utfordra har eg nok lettare for å seia ja enn å seia nei.

 

- Det ligg vel også ei tillitserklæring i utfordringa, som gjer det lettare å ta på seg oppgåva?

 

- Ja, sjølvsagt, og det er ei ære når du får tilbakemelding om at mange ønskjer at du skal søkja ein jobb. Då gjorde eg det då stillinga blei lyst ut igjen, og fekk jobben.

 

At ho var villig til å ta på seg rektorjobben, heng også saman med situasjonen i heimen.

 

- No har eg vaksne ungar, og kan ta ein sånn jobb fordi eg har tid til det. Heime vil dei nok seia at det å jobba på skule alltid har vore hobbyen min òg. Eg er lærar i hjartet, og stortrivst i klasserommet. Det er der eg får brukt kreativiteten min.

 

- Korleis er det då å gje frå seg undervisninga for å vera sjef?

 

- Eg synest det er tungt. Og eg likar det ikkje. Eg føler eg har mykje å bidra med i klasserommet, og skulle i utgangspunktet ha nokre faste timar i veka. Men det blei urettferdig for elevane mine, med alle møta og avtalane eg hadde, som gjorde at eg blei vekke. Så no går eg inn som vikar der det trengst, men har ingen faste timar sjølv. Det er ei ære å få vera lærar. Ingen dagar er like. No angrar eg nesten litt på at blei rektor, gitt.