Gå til artikkelen
Maria (Portugal) og Mariana (Guatemala) har blitt gode vener i løpet av den internasjonale leiren. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Livleg på sommarleir

På Rommetveit skule er det alt anna enn stille for sommaren. Her er born frå heile verda samla til CISV-leir.

Det tek ikkje lang tid før me kan høyra barneleik, roping og lått frå skuleområdet. Det er fotballkamp i skulegarden, og rundt banen er det ikkje eit einaste menneske som sit i ro. 11-åringar frå heile verda er samla til leir, og dei strålande smila som møter oss, er ei fin påminning om målet bak leiren.

 

SUNNHORDLAND MEINER: Fredelege born i ei uroleg verd

 

Eirin Espeland er leirleiar for første gong, og ser stor utvikling hjå borna. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Borna trivst

CISV er ein inter­na­sjo­nal, freds­ut­dan­nande orga­ni­sa­sjon etab­lert i over 60 land i alle ver­dsdelar. CISV Sunnhordland har arrangert leirar sidan 1989 og denne sommaren er det Eirin Espeland som er leirleiar. Ho har lang erfaring med CISV frå ho fyrst var med på leir som 14-åring, og seinare vart juniorleiar. No er ho for første gong leirleiar, og 24-åringen er svært nøgd med korleis det har gått førebels.

 

- Det har ikkje vore nokre problem, og det ser ut til at borna trivst godt saman, fortel Espeland.

 

Det er høgt aktivitetsnivå når så mange born samlast. Her spelar Viktor (Sverige), Andres (Guatemala) og Luca (Italia) fotball i skulegarden.Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Fredsorganisasjon

Målet med leiren er å la borna bli tryggare på seg sjølv, og samtidig la dei bygga band gjennom å treffa born frå ulike kulturar.

 

- CISV er ein fredsorganisasjon og eg håpar dette vil gje dei meir perspektiv til befolkninga i andre delar av verda. Alt verkar så fjernt i nyhendene, men kanskje ein kan relatera meir når ein har eit ansikt å kopla det til. Ein går jo ikkje til krig mot venene sine, forklarar Espeland.

 

Det er godt med trygge vaksne på leir. Her: Vemund (Norge) på ryggen til Bea (juniorleiar frå Spania). Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Lærer engelsk

Rundt oss leikar borna med kvarandre og delegasjonsleiarane. Det er 11 land representert med fire born og ein leiar frå kvar delegasjon. Leirspråket er engelsk, men alle kan sjølvsagt ikkje like mykje.

 

Kvart land har med ein eigen leiar som pratar deira språk, men elles er det engelsk som gjeld. Målet er at borna får bygd opp sjølvtilliten på språket, og me ser allereie stor utvikling. Kommunikasjonen går veldig fint, og dei samhandlar godt med kvarandre, fortel Espeland.

 

Mariana (Guatemala) kosar seg på skuldrene til Ruben Austefjord (stab), omringa av born frå alle land på årets CISV-leir. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Vener på leir

Maria og Mariana er to av deltakarane på leiren. Maria kjem frå Portugal, og Mariana frå Guatemala. På få dagar har dei rukke å bli gode vener, og leikar godt saman. Dei fortel om eit godt opphald, og er glad for høve dei har fått til å bli med, og til å bli meir kjende med seg sjølv og andre.

 

- Det er så fint å få høve til å lære meir engelsk og få mange nye vener, fortel Maria. Mariana nikkar, og fortel vidare.

 

- Me lærer mykje om både samarbeid og kulturar.

 

Bestevennene er sikre på at dei vil halda fram med vennskapet når dei kjem heim, og ikkje vil gløyma kvarandre. Men på spørsmål om kva dei trur dei vil hugsa beste etter opphaldet, kjem det ilraskt frå Maria:

 

- All the rain!

 

Ho ler, men held likevel fast på at regnet har sett stort preg på opphaldet deira. Når dei skal summera opp opphaldet slik dei vil hugsa det, er begge einige: Alt regnet, den vakre naturen og sjølvsagd alle dei har blitt kjende med.

 

Det var berre smil å sjå, då Sunnhordland vitja CISV-leiren på Rommetveit. Jasmin (Norge) på ryggen til Emily (leiar frå USA). Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Vertsfamilie

Leiren starta for to veker sidan, då dei kom fredagen. Den første helga budde alle borna hos vertsfamiliar og vart kjende med den norske kulturen, før leiren kom ordentleg i gang. No bur dei på Rommetveit skule og skal vera der dei to neste vekene, med unnatak av endå ei vertsfamiliehelg.

 

Aktivitetar

Kvar dag er det ulike aktivitetar på planen, og innimellom fellesaktivitetane, leikar borna med kvarandre. Aktivitetane endrar seg i takt med opphaldet, og skal vera tilpassa borna. Første veka var det mest bli kjend-leikar, medan denne veka omhandlar samspel og samarbeid. Etter kvart vil aktivitetane bli meir seriøse og omfatta tryggleik, tillit og kjensler. Nærare og ærlegare ting.

 

- Eg håpar at borna kan bli trygge på seg sjølve, og det er gledeleg å sjå den store utviklinga som har vore allereie, avsluttar leirleiar Espeland, før ho oppfordrar alle interesserte til å komme på Open dag, i dag klokka fire. Då vert det presentert kultur og mat frå fleire ulike land, i tillegg til at borna skal ha show.

 

CISV ønskjer ikkje å seia etternamn på borna.