Gå til artikkelen
Golf er ikkje noko som berre høyrer sommar­halvåret til. Søndag var Geir Ove Rydningen ein av tre som stilte opp på vinter­turnering i Kristtorn­skogen i ausande regnvêr.
Foto: Eirik Strømme Spjeld

Lét seg ikkje stoppa av regnvêret

Geir Ove Rydningen var ein av tre Pitch and putt-spelarar som nytta søndagen i Kristtorn­skogen.

Publisert 11.01.2017 kl. 19.30.

Årets første vinterturnering gjekk av stabelen i Kristtornskogen denne helga. Eit frykteleg regnvêr gjorde sitt til at berre tre spelarar fann vegen, men dei som var der koste seg.

 

- Det skal mykje til for å stoppa oss, litt trasig at me berre vart tre mann her i dag, men me køyrer på, sa banerekordhaldar i Kristtornskogen, Geir Ove Rydningen, før utslaget på første hol.

 

- Jada, det skal mykje til at me ikkje spelar ein søndag. Me spelar heile året, men denne gongen vart det nok litt ekstra tynt i rekkjene grunna ein del folk som er på jobb i Nordsjøen, i tillegg til regnvêret, supplerer Hans Langeland som òg driftar banane i Kristtornskogen.

 

- Me har spelt i snø før om åra, så ein kan spela uansett vêr og vind. Det einaste som kan vera er at banen kan verta litt hard om det er eller har vore frost, skyt Rydningen inn.

 

Hans Langeland fortel elles at 2017 vert eit svært spennande år på Pitch and putt-fronten for spelarar frå Stord.

 

- NM skal arrangerast i Drammen dette året, og der reknar eg med det vert fleire spelarar frå Stord som skal delta. Anders Langeland er allereie kvalifisert, og det vert nok ein del til, seier ein optimistisk Hans Langeland.