Gå til artikkelen
Hilde Skaar (t.v.), Leonard Berger Waage og Synnøve Hagen Leseth får alle utfordra seg sjølv når musikklinja set opp musikalen Cabaret, som har premiere om ein månad.
Foto: ANDERS TOTLAND

Må jobba med seg sjølv for å bli vulgære nok

Musikalen «Cabaret» tvingar dei unge skodespelarane på musikklinja langt ut av komfortsona.

Publisert 17.02.2017 kl. 05.00.

- Go crazy no i 10 sekund. Så freeze!

 

Det er onsdag føremiddag, og i konsertsalen på Stord vidaregåande skule øver tre kull med musikklineelevar på vårens musikal, Cabaret. Men før øvinga kan starta, skal det takast bilete til plakaten. Instruktør Magdalena From Delis står midt i salen og tar bilete, medan ho dirigerer gjengen på scenen.

 

- Skikkeleg jazzhands no, seier instruktøren og elevane byrjar å røra på fingrane.

Koreografi

Det summar godt i konsertsalen, og no kjem det klimprelydar frå pianoet.

 

- Kom igjen, me har mykje me skal gjera, seier Ingjerd Kannelønning Kolstad.

 

Etter ein rask gjennomgang er det tid for å øva på koreografien. Magdalena hipsar bortover golvet, medan armane jobbar på.

 

- Så her skal ni gjøra. Inte så her. Ni kan inte svinga dit ni redan har svungat, seier Magdalena.

Deler rolla

Men svinga skal dei. Og dei har ikkje meir enn tida og vegen for å få songane og dansen til å sitja. Med nøyaktig ein månad til premieren 16. mars, har i alle fall hovudrolleinnehavarane byrja å kjenna på nervane.

 

- Når du seier at det berre er ein månad igjen, gjer det litt vondt. Men det går fint, smiler Hilde Skaar (18).

 

Ho spelar rolla som Sally Bowles. Det gjer også Synnøve Hagen Leseth (16), som er ei av få førsteklassingar som har fått framtredande roller i musikalen. Skaar og Leseth skal spela annakvar framsyning, og får dermed pause annankvar kveld.

 

- Me syng ein del songar, og på den måten sparer me stemma, sfortel Skaar.

Magdalena From Delis og Ingjerd Kannelønning Kolstad viser korleis det skal gjerast.
Foto: ANDERS TOTLAND

- Veldig vulgær

Karakteren deira er ei 19 år gammal jente som flyttar til Berlin, der ho jobbar som songar og dansar på ein klubb. I løpet av øvingstida har dei fått kjenna at det ikkje er berre lett å gjera karakteren til sin eigen.

 

- Ho er veldig vulgær, ler Synnøve.

 

- Du må langt utanfor komfortsona?

 

- Ja. Men det byrjar å gå seg til no.

 

Leonard Berger Waage (18) spelar ei av dei andre hovudrollene, som Cliff Bradshaw. Han har også fått utfordra seg sjølv, då alle måtte syngja to av Sally sine låtar under auditionen.

 

- Me gutane måtte syngja dei same songane, og måtte liksom dansa vulgært me òg, for å visa at me kunne vera teatralske, fortel Waage.

Frå toppen igjen

Inne i konsertsalen er dei klare for ein ny gjennomgang. I rolla som Emcee startar Jon Bruno Tjøsvoll frå toppen med stor innleving, men kjem knapt i gong før Magdalena From Delis bryt av. Ho er ikkje nøgd med innlevinga til resten av gjengen.

 

- En gong til. Altså: Det er nyttår. Kom igjen!

 

Delis ristar på hovudet, og peikar på seg sjølv og Ingjerd.

 

- We party harder than you.

 

Så tar dei det frå toppen igjen.