Gå til artikkelen
Arkivfoto: MARIUS KNUTSEN

Mann blei tatt to gonger for ulovleg køyring

Publisert 15.02.2017 kl. 06.26. Oppdatert kl. 06.39.

Ein 21 år gammal mann kan venta seg eit oppgjer med lovens lange arm, etter at han blei tatt for ulovleg køyring to gonger på ein dag.

 

LES OGSÅ: Køyrde i 119 km/t i 80-sona

 

Først blei mannen stoppa i ein fartskontroll på Fitjar, som resulterte i at han måtte gje frå seg førarkortet. Berre nokre få timar seinare blei han stoppa igjen, då politiet gjennomførte promillekontroll i Sagvåg.

 

Politoverbetent Kjetil Hauge i UP fortel at vedkommande kan venta seg ei lenger straff, som følgje av at han ikkje parkert bilen då han mista førarkortet.

 

LES MEIR: Har stoppa 435 fartssyndarar