Gå til artikkelen

Meiner valet skapar farlege situasjonar

Publisert 10.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 09.22.

Til hausten er det igjen tid for å gå til urnene, når det skal veljast nytt storting. Før ein kjem så langt, ønskjer Sigfrid Halleraker, som er styrar i Trodlahaugen barnehage, at kommunen finn nytt røystelokale for dei som skal røysta i Kårevikjo.

 

Tidlegare har det blitt røysta i Grendahuset, noko som ifølgje Halleraker har ført til farlege situasjonar for borna i barnehagen.

 

- Valdagen nyttar fleire som skal inn på Grendahuset barnehagen sin parkeringsplass. Det fører til at det blir mykje trafikk rundt tida då borna i barnehagen blir henta av føresette. Me har tidlegare år opplevd at dette fører til farlege situasjonar, med mykje bilar og born ute på parkeringsplassen. Ber difor om at ein vel å bruka eit anna røystelokale ved stortingsvalet 2017, skriv Halleraker i eit brev til Stord kommune.