Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Misjonær i kunsten

Roald Kaldestad har møtt sin dobbelt­gjengar og sett lyset. Og han elskar å misjonera.

Fakta

Namn: Roald Kaldestad
Alder: 44
Bur: På Kattatveit, nokre steinkast frå Leirvik sentrum.
Sivilstand: Gift med Hilde Vormedal Nybø, tre søner.
Aktuell: Kunstnerisk leiar for Falturiltu-festivalen, som i år feirar 10-årsjubileum

HAN kjem ut ei kyrkjedør i Portugal. Med langt hår og skjegg. Eit turfølgje med eldre kvinner trur ikkje sine eigne auge. Har det verkeleg skjedd, det som ei heil verd har venta på i tusenår. Ei kvinne går nesten i bakken av synet som møter dei på kyrkjetrappa. Men dei vert skuffa. Det var berre Roald Kaldestad frå Stord som kom.

 

- Dei trudde Jesus var oppstanden, seier 44-åringen gjennom skjegget.

 

Og han innrømmer det. Han har likskap med Jesus, i alle fall slik han er skildra på mange altertavler.

 

- Når eg har kyrkjekonsertar vert det alltid fleipa med likskapen. Nokon ser på meg, og deretter peikar dei opp på altertavla med bilete av Jesus, seier Kaldestad.

 

- Er du religiøs?

 

- Nei. Eg er a-religiøs. Eller ein god, gammaldags heidning, seier han.

Fem kjappe:

Kva ville du ha teke med deg til ei aude øy?
- Eg burde ha teke med meg Hilde, men ho skal mata hesten og har ikkje tid. Då må det bli gitaren.
Uvane du vil bli kvitt?
- Eg snakkar så masse at ein god ven har gjeve meg kallenamnet «Kaklestad». Så det er kanskje noko å gjera noko med.
Favorittrett?
- Saag Gosht, ein indisk rett. Lam med spinat.
Perle i Sunnhordland?
- Kaldestad i Kvinnherad.
Kva gjer du om ti år?
- Eg trur eg gjer det same som i dag, rett og slett.

ME SIT rundt eit kjøkenbord på Kattatveit. Når du ser ut av vindauget, kan du sjå eit snøkvitt Stordafjell verta farga raudrosa av varmen frå sola. Under det raudrosa fjellet ligg den grøne granskogen. Det er dette synet forfattar og musikant Kaldestad fangar med blikket, og som han tek med inn i hovudet. Tankane vert noterte for hand, før det finn vegen til papir mellom permar. Eller til gitarstrengar.

 

- Om du ser lenge nok på naturen, ser du han ikkje lenger. Då ser du inn i deg sjølv. Å skriva handlar for meg mykje om å sitja å tenkja. Men problemet mitt om dagen er litt for mange prosjekt, og må difor prioritera ned skrivinga. Det er av og til eit sakn. Men ein må jo tena pengar òg.

 

Telefonen ringjer iltert på kjøkenbordet.

 

- Eg må berre ta han, seier han.

 

Hege Myklebust ringjer. Eitt av dei fem medlemmene i sentralkomiteen for Falturiltu 2016. Ho lurer på mat og drikke til forfattar Tore Renberg som var gjest under festivalen tidlegare i veka.

 

- Å arrangera festival handlar om ekstremt masse detaljar, spesielt innan logistikk. Det er folk som skal hentast på flyplassen, lydutstyr som skal riggast opp og ned, mat til artistane og mykje meir. Det er greitt å gjera det på éin konsert, men når ein skal koordinera 80 arrangement er det mykje som skal vera på plass. Heldigvis har me ein glimrande gjeng i komiteen, og mange frivillige som stiller opp og hjelper til, seier han.

 

ROALD KALDESTAD er kunstnerisk ansvarleg for festivalen, og skal syta for at programmet held høg fagleg kvalitet. I fjor hadde han større ansvar for det praktiske rundt arrangementa, men han klarar ikkje å sleppa det heilt i år.

 

- Eg prøver å ikkje vera kontrollfreak, men det er lett for å sjekka om folk hugsar på detaljar. Samstundes vil eg at dei tar ein sjekk med meg om dei har spørsmål, seier 44-åringen.

 

Han er oppvaksen med ein far som er forfattar, og har ingen problem med å innrømma at han trakkar i dei same spora. Begge er forfattarar og begge har eit sterkt engasjement for litteratur av lokale forfattar. Per Olav Kaldestad var med på å starta Falturiltufestivalen for 10 år sidan. For fem år sidan kom Roald inn i biletet. Og i løpet av desse ti åra har festivalen vakse frå å ha rundt 2.000 besøkjande til rundt 6.000 i fjor. Falturiltu skal løfta fram det store mangfaldet av barne- og ungdomsboksforfattarar som finst i Sunnhordland, noko ein må kalla unikt på landsbasis.

 

- At eg skulle enda opp med å leia ein festival som skulle heidra forfattarar i Sunnhordland, er jo litt morosamt. Men eg følte det var heilt naturleg, seier Kaldestad.

 

Sjølv vart han tidleg introdusert for bøker og lesing, og slukte den eine serien etter den andre. I tillegg fann han sine favorittar i Rune Belsvik og Ragnar Hovland.

 

- Belsvik skreiv så mykje og så ærleg om jenter. Om dei utruleg fine, og utruleg såre, ting. Mellom anna om det å vera håplaust forelska. Det trefte veldig i ungdommen. Også bøkene til Hovland, med humor og dei sprø innfalla, likar eg godt. Begge desse har vore med på å påverka skrivinga mi, seier han.

 

I VAKSEN ALDER har leselysten halde fram. No trekkjer han fram den japanske forfattaren Murakami som favoritt. Av norske er Tomas Espedal og Karl Ove Knausgård favorittar. Alle seks binda om Knausgård sitt liv er lesne igjennom.

 

- Eg kunne ikkje ha utlevert meg sjølv og familien min på den måten gjennom bøker. Men då eg las serien tenkte eg ikkje så mykje på at det var utlevering. Eg las det eigentleg som ei historie om mitt liv. Og det er nok difor det vert så populært. Folk føler at dei les om seg sjølv, seier han.

 

- Kvifor vert nokon populære forfattarar?

 

- Det er mykje tilfeldigheitar. Om du set deg ned og skal skriva ein hit, går det ikkje. Det same skjer om ein skal skriva ein bestseljar. Eg trur at å verta berømt kjem ekstremt overraskande på mange forfattarar, som t.d. Knausgård. Dessutan trur eg det tek tid, kanskje 10-15 år, før ein slår igjennom. Men nokon slår aldri igjennom, sjølv om dei leverer høg kvalitet.

Foto: MARIUS KNUTSEN

ROALD KALDESTAD har mange ballar i lufta. Han er sentral i Falturiltu, skriv bøker, turnerer med både seg sjølv, Storm Shanty Choir og Sigrid Moldestad Band, og har fleire andre oppdrag som musikar. Dessutan er han ektemann og far til tre soner. Men han meiner sjølv han har god tid.

 

- Eg har heimekontor, og kan leggja opp dagane slik eg vil. Og er nok meir i lag med ungane mine enn mange andre. Til liks med far min, som også var mykje heime og skreiv, er eg her når dei kjem heim. Det set dei pris på, seier han.

 

- Går det an å svara på spørsmålet, kven du er?

 

- Eg føler vel at alt eg held på med, heng i saman. Eg brenn for kunstformidling, og prøvar å formidla gleda ved det eg elskar, nemleg musikk og litteratur. Så kanskje eg er ein misjonær?

 

Formidlingsgleda var også ein av grunnane til at han, medan han studerte til mellomfag i musikk i Oslo, plutseleg såg lyset. Rett før eksamen fekk han eit klarsyn. Han droppa ut, og flytta til Bergen for å leva av musikken.

 

- Eg skjønte vel at det var feil å lesa om musikkteori i staden for å spela. Så eg gjorde noko med det.

 

BALLAR i lufta var det også for Roald Kaldestad på Bremnes for ikkje så mange år sidan. Han var med sonen Ask, som hadde fotballkamp. Som tidlegare fotballspelar, og engasjert fotballfar på sidelinja, vart han raskt ein upopulær mann hos dommaren.

 

- Barnefotball har så mange tullete reglar. Det er mellom anna ikkje lov å sparka over midtbanen for keeperen. Men Bremnes hadde ein keeper som kasta ballen inn i vår 16-meter, der det stod nokon og putta. Og det gav dommaren lov til. Eg synest framleis at det var heilt feil. Og det gav eg klart uttrykk for den gongen òg. Det fekk eg irettesetting for.

 

- Nøgd med eigen innsats?

 

- Nei, det var flaut, rett og slett. Og eg tenkte at no var eg slik alle plakatane seier at foreldre på sidelinja ikkje skal vera, seier Kaldestad.

 

TRASS i at han no er kunstnar, har han mange minne frå fotballbanen. Han spelte mellom anna på Trott til han vart junior. Og det er ikkje på altertavla den verkelege dobbeltgjengaren til Roald Kaldestad er. Han dukka opp på ein pub i Risør.

 

- Den flest seier eg liknar på, er Erik «Myggen» Mykland». Eg møtte han på ein pub i Risør etter ein Shanti-konsert. Og det var han som peikte på meg først. Mykland var ein veldig hyggjeleg fyr.

 

- Det skjegget. Klør det ikkje?

 

- Nei, det er berre dei fem første dagane.

 

- Har du vurdert å ta det?

 

- Eg gjorde det for 15 år sidan, og då kjente ikkje kona meg igjen. Tek eg det no, vert ungane skremde.