Gå til artikkelen
Odd Sætre framføre Anfield Road 21, som i løpet av dei neste månadane skal gjerast om til eit hotell med ni familierom. Odd har sjølv spytta ein halv million kroner inn i prosjektet. FOTO: KJETIL ØSTREM

Når du går på kamp så har det ingenting å seia om du er direktør eller reinhaldar. Det forsvinn, og det er berre kjærleiken til Liverpool som gjeld

Odd Sætre er ein gjengangar på Liverpool sine kampar. Denne sesongen stoppar det på rundt kampar. Her er han på plass på The Kop, då Liverpool rulla over Villareal, og gjekk til finalen i Europa League. FOTO: KJETIL ØSTREM

Napoli, torsdag 21, oktober 2010: Liverpool-supporter Odd Sætre (26) flyktar for livet, med rasande Napoli-fans, væpna med balltre og knivar, i hælane. 

 

Liverpool, torsdag 5. mai 2016: Odd Sætre (32) kjøper to doggande kalde Carlings på The Arkles, på hjørna av Anfield Road og Arkles Lane, like søraust for Stanley Park.

 

Kvilepuls.

 

I alle fall enno.

 

Om tre-fire timar blir det verre. Liverpool møter spanske Villareal i andre semifinale i Europa League. Det blei 1-0-tap i Spania for ei veke sidan. Med Odd på tribunen, sjølvsagt. I kveld står alt på spel.

 

Manager Jürgen Klopp overlever nok, uansett kamputfall. Etter berre få månader i sjefsstolen har han lært seg å elska Liverpool, og Liverpool elskar han tilbake.

 

Brassen Philip Coutinho klarar seg nok, han òg, med sine 70.000 pund i veka. Med dagens pundkurs utgjer det i overkant av 900.000 kroner. Men for Odd, målaren som både bur og jobbar på Stord, og som likevel klarar å reisa og sjå opp mot 30 Liverpool-kampar i året, er det berre siger som gjeld.

I kveld er det alt eller ingenting. Himmel eller helvete.

 

- Eg har ei god kjensle, seier han - og slurpar i seg det kalde ølet.

Men:

- Du veit jo aldri. Dette er jo fotball, trass alt.

 

Godkjensla hadde han derimot ikkje oktobernatta i 2010, då han og eit knippe kameratar var i Italia for å sjå favorittlaget sitt spela mot Napoli, også det i Europa League.

 

- Me enda opp med å springa for livet. Det var i alle fall slik det kjendest ut då, seier han, og ristar på hovudet.

 

Ved midnattstider, natta før kampen, blei Odd og følgjet hans angripne, og jaga med blant anna balltre, knivar og flasker. Italienarane kom på scooter. Nordmennene si flukt gjennom gatene var desperat. «Sjå Napoli, og døy», er det noko som heiter.

 

Vel, eh, ikkje i kveld.

 

- Eg har vore på ein del hundre Liverpool-kampar i inn- og utland, men dette er det verste eg har vore med på, fortel Odd.

 

Ferda gjekk inn i eit smug, som enda i ein blindveg. Odd og gjengen fekk snudd, sprang inn ein ny sideveg, og til slutt inn på ein pub.

 

Men freden varte ikkje lenge. Eit par minutt etterpå kom ein ny gjeng.

 

- Dei hadde finlandshetter på seg. Og knivar. Du veit, dei stikk deg i rumpa. Det er det som er greia deira, forklarar Odd.

 

Rumpestikket er for å unngå drap, men likevel gjera skade.

 

Knyttnevane flagra i eit basketak som til slutt vart løyst opp av politiet.

 

- Enden på visa var at me fekk politieskorte tilbake til hotellet, seier Odd.

 

Han ristar på hovudet igjen.

 

- Episoden i Italia er blitt ei god historie, som me har ledd av i etterkant. Når alt kjem til alt har eg likevel ikkje så lyst til å oppleva det igjen.

 

På The Arkles byrjar talet på Liverpool-fans å auka på.

 

- Kva om eg hadde vasa meg inn her med ein Villareal-drakt? Kva hadde skjedd då? Hadde eg fått juling, eller?

Odd tek seg ein ny slurk før han svarar.

 

- Neinei. Ikkje før kampen, i alle fall, seier han og smiler - på ein måte som gjer at me skjønnar spøken.

 

- Det er trygt å gå på kamp i England i dag. Om du ikkje oppsøkjer bråk, så får du ikkje bråk, seier han.

 

Me forlèt The Arkles, og spolar tilbake eit par timar. Me møter Odd på Euston Station i London, og hoppar på toget til Liverpool Lime Street Station saman. Ein tur på knappe to og ein halv time frå A til B. Avgang klokka 12.07. Odd har vore oppe i åtte timar allereie. Det var berre så vidt grålysning i Sponavikvegen då han sette føtene på golvet.

 

 

Etter litt trasking opp og ned kupéane, finn me endeleg roa i seta våre.

 

- Du møtte Brendan Rodgers i London, du? seier Odd, då toget byrjar å røra på seg.

 

Han viser til selfien som eg sjølvsagt la ut på Facebook nokre dagar i førevegen.

 

- Ja, stemmer. Eg gjekk rett på han på eit lokaltog frå Waterloo til Ashtead. Dama hans var fotograf, svarar eg.

 
- Jævlig bra, seier Odd, og ler.

 

Liverpool-leiren er delt i synet på Brendan Rodgers. Faktum er likevel at Rodgers i 2014 berre var eit hårstrå frå å bli den første Liverpool-manageren på 24 år som førte laget til topps. Ein Steven Gerrard-glipp mot Chelsea 27. april, og tre baklengsmål mot Crystal Palace på 11 minutt måndagen etter - og vips, så tok Manchester City heile kaka.

 

Og sistemann som førte Liverpool til gull? Jo, det var Anfield-legenda «King» Kenny Dalglish i 1990. Då tok han, som spelande manager, det 18. - og førebels siste - i rekkja. Krona på verket var 6-1-grusinga av Coventry på Highfield Road på sesongen sin siste dag.

 

Sidan den gong er Liverpool blitt passert av Manchester United i talet på ligagull. Kven hadde trudd det, då Barnes, Beardsley, Houghton og Rush herja engelske banar?

Men kvikt tilbake til 2014.

 

- Den Crystal Palace-kampen ... det var ein mørk, mørk dag på Selhurst Park, seier Odd.

 

Liverpool-lag som scora over 100 mål den sesongen. Det er det nesten berre Barcelona og Real Madrid i toppform som klarar. Gullet vart likevel blått.

 

Odd Sætre er fødd og oppvaksen i Sponavikvegen på Stord. Han har ein yngre bror, Stian. Han er ikkje like fotballinteressert, men han føl likevel med. Odd er eit drygt tiår yngre enn meg, så vegane våre har ikkje kryssast så mykje, anna enn når me ein sjeldan gong samstundes har stukke hovudet innom til Marit og George Cruickshanks, som er Odd sin tante og onkel. George er som kjend Sunderland-fan på sin hals. Det same er yngstesonen Thomas (32). Odd sine to andre fetrar frå Sponavikvegen, Steven (43) og Kevin (39), har gått seg vill og held med Everton.

 

- Det er rart, det der. Dette veit sikkert du betre enn meg. Men det var vel ein nabo der oppe på Teinehaugen som var Everton-fan, var det ikkje? spør Odd meg.

 

- Jo, Even Leivestad heiter han, svarar eg.

 

2003 var året då Odd reiste på sin første Liverpool-kamp på Anfield Road, saman med Runar Isdal frå Stord. Odd si mor er sambuar med Runar sin far. Motstandar den gongen var Leeds, og Liverpool vann 3-1. Der og då vart han biten av basillen.

 

- Eg har vore Liverpool-fan heile livet. Det har eg arva av far min, Jostein (Sætre, journ.merk). Men på dette tidspunktet hadde eg byrja og tena mine eigne pengar, og hadde høve til å reisa over, seier han.

 

På det tidspunktet jobba han i malerfirmaet til onkelen, Åge Paulsen, som heiter Sagvåg Interiør. Akkurat det er blant dei viktigaste nøklane til at Odd har kunna reisa verda rundt for å følgja laget sitt. I tillegg til serie- og cupkampar, har også følgd laget på pre-season til Asia, Australia og USA.

 

- Onkelen min har vore grei med meg, og sleppt meg av garde når eg har spurt. Så har eg vore grei tilbake, og jobba ekstra når han har trengt hjelp. Så tida heime handlar mykje om jobb. Veldig mykje jobb, faktisk. Både helgar og seine kveldar, ofte. Berre slik har eg høve til å leva dette livet. For inntekta må eg jo ha.

 

No har Odd nett starta eige firma, saman med fetteren sin Dagfinn Paulsen.

 

- Blir det verre å koma seg til Liverpool no, i samband med det nye firmaet?

- He-he. Det vil visa seg. Det er mykje praktisk som skal ordnast no då eg skal bli sjølvstendig næringsdrivande.

 

Til saman har Odd sett mellom 250 og 300 Liverpool-kampar live.

- Kor mykje pengar brukar du på lidenskapen sin?

- Litt pengar går det. Det er sant. Men eg har ikkje sett meg ned for å telja over, smiler han.

 

- Du bur framleis heime, under far sitt tak?

- Ja, det stemmer. Eg disponerer kjellaretasjen. Det er jo litt billegare enn om eg skulle ha kjøpt mitt eige. Det er eit val eg har teke, seier han.

 

- Kva er det som er så bra med dette livet?

- Det er kanskje litt vanskeleg å beskriva. Men kameratskapen er heilt unik. Når du går på kamp så har det ingenting å seia om du er direktør eller reinhaldar. Då forsvinn dei skilnadene, og det er kjærleiken til Liverpool, og lojaliteten til kvarandre som gjeld.

 

Toget rullar inn på Lime Street Station i Liverpool. No er Odd på heimebane. Me ser det på han. Det lyser i augo.

 

Planen no er å stikka opp til huset på Anfield Road 21, som Odd har kjøpt seg inn i med ein halv million kroner, saman med eit knippe andre, norske investorar. Planen er å byggja det om til familiehotell, primært for tilreisande fotballfans, i alle fall i sesongen.

Plasseringa er strategisk, omtrent midt på Anfield Road, den berømte vegen som strekk seg frå Walton Breck Road i sør, til Walton Lane i nord.

 

- Sleng deg i ein taxi til hotellet, og kvitta deg med kofferten. Så snakkast me oppe hos Tage om litt, seier han.

«Tage» er Tage Herstad (43). Den mest kjende Liverpool-supporteren i Norge, som sjølvsagt også er med på hotellinvesteringa. Florø-karen har slått seg ned i byen, og bur i Anfield Road 254 - eit murhus frå 1870 - saman med kona Kamilla (35), dottera Tia (9) og sonen William (8).

Herstad lever av å tilby norske Liverpool-fans kampbillettar og overnatting. Og berre for å ha sagt det: Tia er kalla opp etter «This is Anfield», medan William har fått namnet sitt etter Liverpool-legenda William «Bill» Shankly. There you go!

 

Ein halvtime seinare sit me altså på The Arkles, og ventar på Tage. Planen var å fotografera karane oppe ved det nye huset. Men Tage var travel, som han som ofte er på kampdag.

 

Det var Kamilla som sende oss av garde ned på puben.

 

- Skulle Tage vera klar om ein time? Ja, det har eg høyrt før, og det har gjerne teke både to og tre timar, seier ho, og hevar eit augnebryn.

 

Ein time seinare sit me likevel i stova til Herstad - berre eit steinkast frå Liverpool sin sagnomsuste heimebane sidan 1892, som ber same namn som vegen han ligg i - Anfield Road.

 

Odd sjekkar telefonen. Har uroar seg over batterikapasiteten. Me har ein lang kveld framføre oss. Dei neste timane kan bli episke, og det nyttar ikkje å gå på sparebluss.

 

- Eg slit. Eg treng å lada, seier han.

 

Me har enno ikkje sett Tage. Men me høyrer stega hans i overetasjen. Og brått høyrer me røysta hans, òg.

 

- Kamilla!!? Har eg nokre reine undikkar nede?

Kamilla multitaskar mellom middagslaging og lekselesing saman med ungane.

 

- Hæ? ropar ho som svar, i retning trappa.

 

Tage ser ut til å finna ut av det, for fem minutt seinare troppar han opp - i shorts, og ei hettejakke med logo frå Stord Petanqueklubb.

 

- Det er vinnarjakka. Me har enno ikkje tapt når eg har hatt den på meg, humrar Tage.

 

- Du køyrer shorts, og? Er det varmt nok til det? spør eg.

- Shortssesongen startar i mars, og varer til november, sånn circa. Det er sånn det er, seier han.

 

Nokre minutt seinare er me på veg opp Anfield Road, med tre kjølebagar fulle av øl. To av dei får han på ei tralle. Den tredje må eg bæra.

 

- Journalistar har godt av å jobba litt, seier Tage, med utestemme.

 

Me set kursen mot nemnde Anfield Road 21, for eit par kalde i bakhagen, medan me ventar på at spelarbussane skal passera, på veg til stadion.

 

Brått strenar det ein distingvert herremann over vegen, i offisiell Liverpool-dress. Han ropar etter Tage.

 

- Hey, Taggi. Havin' a party again tonigth, eh?

Klyp meg i armen! Det er legenda Alan Kennedy. Mannen som vart henta til Liverpool av Bob Paisley for 300.000 pund i august 1978, og som seinare avgjorde to finalar i Serievinnarcupen (som i dag er Champions League). Først mot Real Madrid på Parc de Princes i Paris, 27. mai 1981. Kennedy, med nummer 3 på ryggen, storma nedover venstresida, og hamra ballen i mål bak Augustin Rodriguez, til Liverpool sin tredje siger i denne turneringa.

 

I 1984, mot Roma, på Olympiastadion i nettopp Roma, gjentok han bedrifta - om enn på litt anna vis. Kampen enda 1-1, og gjekk til straffar, og Kennedy var mannen som sette inn det avgjerande straffesparket. Dermed bidrog han, saman med Phil Neal, Graeme Souness og Ian Rush til å glatta over ulukkelege Steve Nicol sin miss på førstestraffen. For Roma bomma dei to VM-vinnarane frå 1982, Bruno Conti og Francesco Graziano.

 

Men nok mimring.

No er Kennedy her, og slengjer joviale meldingar til norske Tage frå Florø. Sprøtt.

 

Eg gjev telefonen til Odd, og ber han ta eit bilete av oss. Men nett då blir Alan oppteken med å gjera eit intervju. Og eg ser på kroppsspråket til Odd at her handlar det berre om å koma seg vidare. Dette har han vore med på før.

 

Ja ja, eg har no biletet av Brendan. You win some, you lose some, tenkjer eg.

 

Litt lenger oppe i gata passerer me to bobbies, i politiuniformer og gule vestar. Dei humrar, og knuffar skuldrene i kvarandre, når dei ser Tage, Odd og meg stressa av garde.

 

- I think I'll have to inspect that one, Taggi, seier den eine, og peikar mot trillevogna - før begge konstablane sprutar ut i latter.

 

Tage svarar ikkje. Han har viktigare ting å tenkja på. Anfield Road 21. Kald øl. Spelarbussen.

 

Ved inngangen til Anfield Road 21, sånn omtrent midt på Anfield Road, blir me introdusert for Lars Ole Hageskal og Jostein Ansnes. Det er dei to som har jobba med forretningscaset rundt kjøpet av huset, som gjekk for 4,5 millionar kroner.

 

Lars Ole er dagleg leiar for ein vindusfabrikk på Kyrksæterøra, medan Jostein Ansnes er gitarist og musikkprodusent. Me helsar også på kona til Jostein, forfattaren Ragnhild Lund Ansnes, som i løpet av dei siste åtte åra har komme under huda på Liverpool FC, og skrive tre bøker om klubben, «Liverpoolhjerter (2010), Liverpoolhelter (2012) og Liverpoolkapteiner (2016). I den siste boka har ho intervjua alle nolevande Liverpool-kapteinar, og fått deira unike historie. I vår stilte ho blant anna opp på «Lindmo» saman med Paul Ince, ein svært privat mann, som aldri før har snakka offentleg om livet sitt, og den harde oppveksten i Aust-London.

 

- Dette er ein draum, seier Hageskal, og kikar opp på fasaden av huset.

 

På baksida ligg ein nydeleg hage, med eit flott grøntanlegg. Hoppar me over gjerdet står me med begge beina i Stanley Park, grøntområdet som ligg mellom Anfield Road og Goodison Park, som er erkerival Everton sin heimebane.

 

Anfield Road 21 har fire etasjar og rommar ni familierom. Prosjektet skal stå ferdig til sommaren. Det vil garantert bli etterspurt, sidan familierom ikkje er dei ordinære hotellkjedene si paradegrein.

 

- Nei, det blir ofte litt vrient på dei fleste hotella, straks du har borna med deg. Det vil me prøva å gjera noko med, seier Lian.

 

På peishylla i stova i første etasje finn me eit kort frå dei tidlegare eigarane, som budde her i over 30 år.

 

Det står:

«To All the Norwegian Red Scousers. Hope you are as happy in number 21 as we have been. Good Luck & Best Wishes. Billy & Grace».

 

- Skal du laga sak på «investoren frå Stord»? høyrer me brått på reint stordamål.

Det er Arild Skjæveland som har komme. Oppvaksen på Hillarhagen på Litlabø. Han er i byen, på jobb for Liverpool sin norske supporterklubb. Han rapporterer på nett, og styrer supporterklubben sin Snapchat-konto, blant anna.

 

Kommentaren haustar latter i gjengen. Rett og slett for at Odd ikkje vart nemnd med namn i saka som NRK gjorde på hotellprosjektet. Han gjekk berre for «investoren frå Stord». Dette har såleis blitt ein intern vits, noko Odd ser ut til å leva heilt fint med.

 

Ikkje så rart. Han har ei høg stjerne blant kompisane.

 

- Å bu og jobba på Stord, og sjå opp mot 30 kampar på ein sesong. Ja ... nei ... det er beint fram imponerande, seier Tage Herstad.

 

Så passerer spelarbussane. Først Villareal. Tusenvis av Liverpool-fans har pressa seg saman her, midt på Anfield Road.

 

- Boooooohhhhhhh!

Bussen blir pepra av ølboksar, både tomme og fulle. Mottakinga spanjolane får er alt anna enn varm.

 

- No kan du koma på tv, Kjetil, seier Arild, og peikar nedover gata. Der går Jonas Bergh-Johnsen og intervjuar fans på jobb for MAX, saman med kameramannen sin. Ein totalt bortkasta jobb, skal me tru Viasat-ekspert Morten Langli sitt innlegg på Twitter etter kampen. Men det er no ei anna historie.

 

Så kjem bussen til Liverpool-spelarane. Og då tek det av. Gløym alt du har vore med på. Dette slår alt. Gata tek fyr, både bokstaveleg tala og i overført tyding. Bengalske lys fargar gata raud, og støynivået får grunnen under oss til å rista. Dette er ekte kjærleik. From us to you. Tonen er sett. Ein time til kampstart. Me rekk ei kald på Twelfth Man Pub før avspark.

 

Like før me går inn porten på The Kop End vaknar mobilen min til liv. Lars Klingsheim frå Stord er i andre enden. Han er Liverpool-fan, og berre må høyra korleis det går med meg. Han skal sjå kampen på tv, saman med familien sin. Men eg ser ikkje bort frå at han kunne tenkt seg og vore med oss. Uansett, me ønskjer kvarandre lukke til.

 

- Kjetil, du må gå inn, elles så kjem du ikkje inn.

Odd fyrer seg opp litt då eg rotar det til ved teljeapparatet når billetten min vert lesen av. Men inn kjem eg, omsider. Puh.

 

Vel innanfor portane blir me møtt av brølet frå The Kop. Alle håra på kroppen reiser seg.

 

- Fy faen, Kjetil. Om ikkje du hadde hatt kone og ungar, så hadde du drive på med akkurat det same som meg, seier Odd.

 

Og han veit truleg ikkje kor rett han har i det.

 

Så startar Liverpool-hymnen. «You'll never walk alone», framført av Gerry & The Pacemakers. Teksten handlar om tru, håp, og det å aldri gje opp i mørke stunder, ein bodskap som Liverpool FC har hatt trong for ved fleire enn eitt høve.

 

Ståpelsen er fullkommen.

 

Kampen er ein fest i samtlege 90 minutt, pluss tillegg. Liverpool vinn 3-0, etter eit sjølvmål og scoringar frå Daniel Sturridge og Adam Lallana. Liverpool er i finalen, og 44.000 fans går fullstendig av hengslene. No ventar Sevilla i Basel 18. mai.

 

Etter kampen er det full fest på Twelfth Man Pub. Folk står som sild i tønne. Førsteprioritet nett no: Å koma seg på toalettet. Medan me står og vaskar hendene kastar me augo på eit klistremerke på handtørkaren. Det står: «What would football be without fans? Nothing»

 

Oppdrag utført. Me går opp i andre etasje. Eg signaliserer til Odd at det er min runde. Eit par minutt seinare, og etter ein kort konfrontasjon med ein sur scouser, som hevda mine øl var hans, står me midt på golvet og snakkar om kampen på inn- og utpust.

 

Det er då eg kjenner det. Under meg gyngar golvet. Skikkeleg.

 

Rett nok har det vore ein lang dag, men dette kjennest ut som å stå på ein trampoline.

 

Ved sida av meg står Tage Herstad. Han køyrer ein kombinasjon av samtale, dans og song.

- Tage, gyngar golvet? spør eg, litt vantru.

Svaret kjem intenst og energisk, på klingande florødialekt.

- Ja ja. Visst gyngar det.

- Eh, er det trygt?

- Til helvete med golvet. Dette går fint. Det har vore tre gonger så mykje folk her inne som dette. Eg hugsar etter semifinalen i Champions League i 2005, mot Chelsea. Då gynga heile huset, brøler Tage, med ein Captain Morgan & Cola i kvar hand.

 

Natta blir lang, og blir avslutta på chinarestauranten Mayflowers klokka 05.00 fredag morgon, som ikkje er uvanleg. Det er to timar til drosjen hentar meg på hotellet. Saman med Odd og Ole Johnny Karlsen frå Honningsvåg kjem me sjølvsagt til låst dør, på denne tida av døgeret.

 

Faen at me ditcha den Burger King-restauranten. Svolten gneg i tarmane.

 

Me legg panna heilt inntil vindauga, og ser inn. Me kan så vidt ensa folk rundt eit bord.

 

Og midt i flokken: Tage Herstad.

På Kystbussen mellom Stavanger og Leirvik fredag ettermiddag sender eg følgjande melding til Odd:

«Hei Odd. Då er eg på norsk jord igjen. Sit på Kystbussen. Var sliiiiiiten klokka sju i dag tidleg. Då var det bekmørkt ei stund hehe. Men rista det av meg. Eg vil takka deg for ein magisk dag i går. Det var stort, på alle mogelege måtar. Kjem til å hugsa det resten av livet».

 

I svaret sitt skriv han:

«God dag, mate! Kan tenkja meg det var sorten å vakna, ja. Berre hyggjeleg. Takk for lauget! Det var ein bra dag!»

 

  • I kveld er Odd Sætre sjølvsagt på plass på St. Jakob-Park i Basel, når Liverpool møter Sevilla i finalen i Europa League. Avspark er 20.45.

The Twelfth Man Pub i 121 Walton Breck Road er er ein populær stampub for Liverpool sine supporterar på kampdag - også for Odd Sætre. FOTO: KJETIL ØSTREM

Her kjem Villareal-bussen, med massiv politieskorte. FOTO: KJETIL ØSTREM

Anfield Road sin nye Main Stand skal stå ferdig til 2016/17-sesongen. Dermed blir dagens tilskodarkapasitet på 45.000 aukar med 8.500 nye seter. Prislapp: Omlag 1 milliard kroner. FOTO: KJETIL ØSTREM

Stemninga rundt Anfield Road var elektrisk i timane før semifinalen i Europa League mot Villareal. Fleire tusen supporterar farga gatene raude, blant anna med litt hjelp av bengalske lys. FOTO: KJETIL ØSTREM

Gatene bar preg av mykje folk, etter at horden fann vegen til stadion. FOTO: KJETIL ØSTREM

John McDonald (t.h) er kjent for mange nordmenn som ein «go-to-guy» for Liverpool-billettar på kampdag. Her på plass i sitt faste hyrna på The Twelfth Man Pub. Odd Sætre står til høgre. FOTO: KJETIL ØSTREM

Fakta

Liverpool Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Premier League.


Klubben blei stifta i 1892 og valgt inn i The Football League i 1893.


Liverpool spelar heimekampane sine på Anfield Road i Liverpool. Manager er tyske Jürgen Klopp.


I kveld spelar Liverpool finale i Europa League, mot spanske Villareal.