Gå til artikkelen
Velkomstkomiteen følgjer med gjennom glasdøra inn til stova når det kjem gjester på besøk.

«Folk som ikkje har same interessa trur nok me er galne»

Ingen har vunne fleire prisar for hundane sine enn Mariann Kvarven og Nils Reidar Skumsnes dei siste fire åra.

Veslejenta på seks veker er allereie godt integrert i flokken. . Ho veit ikkje heilt kor liten ho er endå, så ho elskar å terga dei litt større, fortel Nils Reidar og Mariann. Alle foto: MARIUS KNUTSEN

- Det er både ei felles interesse og ein felles hobby. Det har vel blitt liva våre, seier Mariann Kvarven.

 

Ho sit i sofaen saman med Nils Reidar Skumsnes. Og resten av flokken då, sjølvsagt.

Mariann Kvarven og Nils Reidar Skumsnes driv Tiny Terrors frå einebustaden sin på Hystad.

Importerte frå Finland

Hundelivet starta først i 2003.

 

- Eg hadde alltid hatt lyst på ein chihuahua. Men på den tida var dei veldig sjeldne og vanskelege å få tak i, seier Kvarven.

 

Paret kom over ein langhåra Chihuahua i Finland med det fengjande namnet Gizmo.

 

- Det var berre tenkt som eit kjæledyr i byrjinga, seier Nils Reidar Skumsnes.

 

Men eit vennepar lokka duoen med på ei valpeutstilling seinare same året.

 

- Då Gizmo vann ein pris, var me hekta, ler Kvarven.

Tiny Terrors har vunne så mange prisar at det ikkje er plass til alle på veggene.

Starta oppdrett

Flokken vaks seg raskt større og Nils Reidar og Mariann starta oppdrett av chihuahua under namnet «Tiny Terrors».

 

- Me har faktisk mista litt oversikta over kor mange me har hatt. Men no har me iallfall 16 stykk. Både kort- og langhåra, seier Kvarven.

 

I einebustaden på Hystad bur paret saman med alle hundane.

 

- Folk som ikkje har same interessa trur nok me er galne, ler Kvarven.

 

- Men ser de forskjell på hundane?

 

- Ja. Me kan kjenna dei igjen både på utsjånad og lyd, seier Skumsnes.

 

- Kva heiter dei då?

 

- Gizmo, Peanut, Poof, Rusket, Honey, Bizkit, Kiddo, Lomp, Chanelle, Fluffy, Nilla, Tippy, King, Vegas og Rasmus. Jenta på seks veker har ikkje fått eit namn endå, kjem det kontant frå duoen.

Chihuahaane til Tiny Terrors er raskt oppe på to bein om matmor og matfar lokkar med godbitar.

Best i Norge

Tiny Terrors har halde fram med å visa fram hundane sine på ymse hundeutstillingar i inn- og utland.

 

Og dei gjer det godt;

 

- Me har faktisk blitt kåra til Norges beste korthårsoppdrettar fire år på rad, smiler Skumsnes.

 

I tillegg til eit utal av ulike prisar, har åtte av hundane deira fått den gjeve «Champion»-tittelen, noko som heng høgt i hundeverda.

Sel få

- Kvifor akkurat chihuahua?

 

- Det er ein veldig tilpassingsdyktig og søt rase. Og dei trivst i flokk, seier Kvarven.

 

- Me hadde chihuahua lenge før Paris Hilton fekk ein i veska si, legg Skumsnes til.

 

Sidan oppstarten har fleire hundar frå Tiny Terrors fått ny heimar.

 

- Men me sel ikkje mange. Andre oppdrettarar byter ut mykje meir enn kva me gjer. Me har ein lei tendens til å bli for glad i hundane våre. Og då veks flokken, smiler Kvarven.

Chihuahua

Ein hunderase som stammar frå eit område i Mexico med same namn.


Rasen skal stamma frå meksikanske Toltec-hundar som levde på 800-telet.


Ein chihuahua er frå 0,5-3 kg og kjem både som kort- og langhåra.


Rasen i utgangspunktet nytta som vakthund, seinare har den blitt brukt som utstillings- og familiehund.


Kjelde: Wikipedia