Gå til artikkelen
Kvar dag er det felles samling og frukost for ungdommane ved Springbrettet. F.v. Olav Alexander Myrås (22), Malin Valen Karlsen (19), Katharina Widvey (19).
Foto: INGUNN GJÆRDE, FRAMTIDA.NO

No må dei møta opp kvar morgon

Frå 1. januar er det innført aktivitets­plikt for unge under 30 år som mottar sosial stønad. Det tykkjer dei er heilt greitt.

Publisert 09.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 15.48.

Frå 1. januar er det innført aktivitetsplikt for unge under 30 år som mottar sosial stønad. Over 70 prosent av dei unge som deltar gjennom Springbrettet på Stord får arbeid eller praksis.

 

- Så lenge ein ikkje sender folk ut for å klippa plenen, berre for at dei skal gjera noko, trur eg aktivitetsplikta er positiv, seier Marius Matre (28), miljøarbeidar ved Springbrettet.

 

I Stord kommune har aktivitetskrav for ungdom vore praktisert i to år allereie. Hausten 2014 vart Springbrettet lansert.

 

- Me får hjelp til å skriva søknadar, får informasjon om kor ein kan søka jobbar og får bedriftsbesøk, fortel Malin Valen Karlsen (19).

 

Ho mista jobben på grunn av ein konkurs, og deltar nå på prosjektet. Det er plass til ti ungdommar, og det er venteliste for å få vera med. Når ein ungdom får jobb, byrjar på utdanning eller blir sett over på anna tiltak, kjem ein ny ungdom inn i gruppa.

Kjem ut i arbeid

Ein av Springbrettet sine mange suksesshistorier er i Marius Matre (28). Han har byggfagleg bakgrunn, og jobba i fleire år på lager. Då han vart arbeidsledig mista han fort motivasjonen til å søkja nye jobbar. Å sitja heime var lettare. Men då han gjennom Nav fekk tilbod om komma på Springbrettet endra alt seg.

 

- Det var godt å komma ut av hiet, og treffa folk i same situasjon. Det var spesielt vanskeleg i sosiale samanhengar, når folk spurde; «Kva gjer du på?». Då gruar ein seg litt til å seia at ein er arbeidsledig, fortel Matre. Etter kvart fekk han tilbod om å vera miljøarbeidar ved Springbrettet, og der stortrivst han. Nå planlegg han å ta utdanning i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

 

- Kanskje kan eg komma tilbake til Springbrettet når eg er ferdig utdanna, undrar Matre.

Marius Matre (28) har gått frå deltakar til miljø­arbeidar ved Springbrettet.
Foto: INGUNN GJÆRDE, FRAMTIDA.NO

Trassar trenden i arbeidsmarknaden

Sjølv om ein på Stord no har fått den høgaste arbeidsløysa ein har sett på lange tider, har Springbrettet hatt ein auke i ungdom som kjem seg ut i arbeid.

 

Rune K. Pedersen er leiar ved Nav Stord. Han kan stolt konkludera med at arbeidet Springbrettet gjer har positiv effekt. Over 70 prosent av ungdommane som deltar får seg arbeid eller praksisplass. Om lag 7 prosent byrjar på skule, medan berre 9 prosent avbryt opplegget.

 

- Med den enorme auka i arbeidsløyse er det imponerande at Springbrettet klarer å få fleire og fleire ut i jobb, fortel Pedersen.

 

Springbrettet held til i Hamnegata i Leirvik sentrum, og er eit tilbod til unge under 30 år frå heile kommunen. I gjennomsnitt er ungdommane ved Springbrettet i sju veker før dei får seg jobb, fortset på andre tiltak eller går vidare på utdanning.

Nøgde ungdommar

- Eg trengde eit lite dytt, fortel Olav Alexander Myrås (22).

 

Han kan fortelja at Springbrettet har vore ein mogelegheit til å komma seg ut av huset. Med utdanning innanfor sveising har det vore utfordrande å prøva å finna seg arbeid på Stord.

 

Katharina Widvey (19) flytta nettopp frå Karmøy, og er glad for å få hjelp ved Springbrettet.

 

- Eg har opplevd ein ganske hektisk og utfordrande periode i livet, men noe er eg klar for jobbsøking her på Stord, fortel Widvey.

 

Sunnhordland meiner: Må opp av senga

 

Både Myrås og Widvey er positiv til at det vert stilt krav til ungdommar, og at ein vert tvungen til å komma seg opp av sofaen og ut i arbeid. Kvar dag frå klokka ni til tolv må dei møta opp på Springbrettet.

Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord, kjem gjerne ned til ungdommane for å fortelja den usminka versjonen om korleis arbeids­gjevaren tenkjer. Til høgre Marianne Tveit, leiar for Springbrettet.
Foto: INGUNN GJÆRDE, FRAMTIDA.NO

Har forventningar

Denne føremiddagen er Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord på bedriftsbesøk. Ho fortel om kva forventningar arbeidsgjevaren har.

 

- Vis at du er nokon som bedrifta skal satsa på, rår ho ungdommane.

 

- Den tøffaste jobben er eigentleg å vera arbeidssøkjar, seier Marianne Tveit, leiar for Springbrettet.

 

Ho kan ikkje få gje nok skryt til gode og rause samarbeidspartnarar ute i arbeidslivet, som tar imot ungdommane som kjem frå Springbrettet. Gjennom ordninga vert talet på veker med sosialhjelp tydeleg redusert.

 

Dei tilsette passar på å gjera stas på ungdommane når dei kjem seg ut i arbeid.

 

- Kvar gong ein av ungdommane får seg praksisplass vert det feira med kake eller pannekaker. Og dei ungdommane som får seg jobb etterpå hamnar på «Wall of fame», ute i gangen, fortel Tveit.

Aktivitetsplikt

Gjeld for unge under 30 år som er mottakar av sosial stønad.

Kommunar skal nå stilla krav om aktivitet for personar under 30 år, elles vil det bli kutt i den økonomiske støtta.

Innført frå 1. januar 2017.

 

Springbrettet på Stord

Starta opp hausten 2014.

Tiltak som skal hjelpa ungdom bort frå å vera ein passiv mottakar av økonomisk sosialhjelp, og inn i arbeidslivet.

Plass til 10 ungdommar om gongen, med rullerande inntak.

7 av 10 får jobb eller praksisplass.

Barberte vekk skjegget på nyttårsaftan

Barberte vekk skjegget på nyttårsaftan

Her trekker Håkon si eiga visdomstann

Her trekker Håkon si eiga visdomstann

Her går det gale for mopedisten

Her går det gale for mopedisten

Ein billettør med godt humør

Ein billettør med godt humør