Gå til artikkelen
Ifølgje Vivian Arefjord fører nye solariumsreglar til frustrasjon blant kundane.
Alle foto: ANITA HAUGLAND

Nye solariumsreglar skaper krøll

Frå 2017 kan du ikkje lenger ta sol utan at du beviser at du er over 18 år. Det er det ikkje alle som har fått med seg.

Publisert 10.01.2017 kl. 05.00.

- Eg trur ikkje det er så mange som har fått med seg dei nye reglane, seier Vivian Arefjord, som driv Diva solstudio på Heiane.

Ny regel

Frå og med nyttår er det krav frå norske myndigheiter om at alle solstudio no skal ha eit system for å kontrollera aldersgrensa på 18 år.

 

- Sjølv synest eg det er bra med 18-årsgrense. Ein skal ha respekt for det å sola seg, og folk som er under 18 år er gjerne ikkje i stand til å ta innover seg kva forholdsreglar ein bør ta. Dersom ein går fram på rett måte, kan litt sol gjera godt. Det kan hindra både depresjon og gje deg D-vitamin om vinteren, hevdar Arefjord.

 

Solstudioet hennar ligg vegg i vegg med frisørsalongen Diva dame- og herrefrisør, som ho også driv.

 

- Frå no av må alle kundane våre registrera seg på internett før dei kan ta sol. Du treng berre gjera det ein gong, og det tek deg berre eitt minutt, men eg opplever at mange reagerer med skrekk og gru når dei høyrer om ID-kontroll og registrering på internett, seier Arefjord.

På Solkroken var det ingen som kontrollerte ID på fredag ettermiddag, og heller ingen maskin som gjorde jobben.

Hjelper kundane

Ho fortel at ho for vel tre år sidan investerte mellom tre og fire millionar kroner til ombygging av solstudioet og nye solariumssenger.

 

- Fram til no har dette vore ei investering som har gjeve fine tilleggsinntekter til ved sida av frisørsalongen, men eg forventar at me vil merka nedgang framover, seier Arefjord, som håpar ho tek feil.

 

- Det er jo eigentleg svært enkelt å ta i bruk det nye systemet. Dessutan er du plikta til å lesa gjennom ein del informasjon om forholdsreglar, og det synst eg er positivt. Ho har hengt opp lapp på døra utanfor solstudiet, men informasjon om korleis ein går fram.

 

- Eg er heldig som har salongen rett i nærleiken, slik at eg kan hjelpa til å forklara for dei som ikkje forstår. No i starten har eg rett og slett hatt folk i solariet, som kan læra opp kundane.

På Brun og Blid sitt solstudio på Amfi-senteret har dei fått på plass ein maskin, slik at det ikkje er mogeleg å ta solarium utan at du beviser at du er over 18 år.

- Ikkje stress

Fredag føremiddag var det relativt roleg i solstudioet på Heiane, men Gro Hasholdt Horneland nytta høve til å få litt sol på kroppen.

 

- Eg hadde ikkje fått med meg dei nye reglane eg heller, men det var svært enkelt å registrera seg. Null stress, seier Horneland.

 

Me tok ein sjekk på to andre solstudio fredag ettermiddag. På Solkroken var det ingen form for ID-kontroll, men på Brun og Blid sitt solstudio på Amfi-senteret har dei teke i bruk tilsvarande system som på Diva solstudio.

ÅTVARAR MOT SOLARIUM

Statens strålevern er ansvarleg myndigheit for stråling frå solarier i Norge.

Dei rår frå bruk av solarium, og informerer om at soling i sol og solarium er kreftframkallande.

Risikoen aukar dersom du startar solariebruken i ung alder og blir forsterka med auka bruk.

Ulike hudtypar reagerer ulikt på UV-strålinga. For å kunna planleggja solinga di i solariet, slik at den kan gjerast med minst mogeleg skade på huda, er det difor viktig å vita kva hudtype du har.

Kjelde: Statens strålevern

Barberte vekk skjegget på nyttårsaftan

Barberte vekk skjegget på nyttårsaftan

Her trekker Håkon si eiga visdomstann

Her trekker Håkon si eiga visdomstann

Her går det gale for mopedisten

Her går det gale for mopedisten

Ein billettør med godt humør

Ein billettør med godt humør